mandag 27. juni 2011

Gjenbruksdama

Den fine, vesle dama vår har ein rikhaldig og fargerik garderobe beståande av både nytt og gamalt tøy. Det gamle tøyet er jo aldeles sjarmerande, men  noko av det er òg ganske så upraktisk sidan buksene til dømes manglar knepping ved beina - noko som gjer stell litt meir tungvint. Likevel må sjølvsagt desse kleda brukast innimellom - av heilt nostalgiske årsaker! Her er den fine dama vår i ei passe retro sparkebukse i dei heilt tidsriktige fargane. Det nedste bilete er av mora og den like store bamsen hennar. Begge ikledd sparekbukser for anledninga.


torsdag 23. juni 2011

Rosa cupcakes

Cupcakes er visstnok "so last year". Til og med dei søte, små og fargerike makronane er avleggs. No er det Cake Pops som den store, nye trenden. Så langt har ikkje eg kome, men eg kjem truleg med eit blogg-innlegg om desse små kakene på pinne til neste år ein gong, når ytterlegare ein kaketrend har oppstått... Eg er  altså framleis på Cupcakes-stadiet. Og her ein dag rakk eg til og med å bake nokre av desse søte godsakene - heilt frå grunnen av! Det har nemlig blitt ein del 1-2-3-kaker i det siste - grunna eit krevjande lite vesen som har kome i hus...




Oppskrifta på den rosa glasuren er som følgjande (og passar for øvrig til alle typar muffins): 
100 gram kremost naturell
1 ss sitronsaft
1 ss vaniljesukker
Ca. 450 g melis
Raud konditorfarge
Pynt med det du har!

lørdag 18. juni 2011

Pannekaker i Bærum

Permisjon er ein fin ting! Eg får tid til å gjere ting som eg lenge har hatt lyst til, for eksempel å vitje Bærums Verk. På under to veker har eg til og med vore der to gongar! Bærums Verk er ei idyllisk lita perle, ein halvtimes køyretur unna Oslo. Her finst små sjarmerande butikkar, fine galleri og koselege kafear i dei fint bevarte arbeidar-boligane, samt eit større kjøpesenter i den gamle industri-bygninga. Ein av dei gamle bygningane husar dessutan Pannekakehuset - Noregs einaste hollandske pannekakehus. Fantastisk gode pannekaker og favoritten er så langt fullkornspannekaker med chevre, pepperoni og bacon! Anbefalast på det aller varmaste!