Før eg fekk barn himla eg med augene over alle dei som kledde jentene sine i sukkersøte rosa klede, og tenkte med meg sjølv at at når eg ein gong vart mor skulle ungane mine vere kledd i alle andre fargar enn rosa (gutane sjølvsagt i andre fargar enn blå...), og aller helst i mine gamle oransje, raude, grøne og brune barneklede. Så feil kan ein ta.
Her snakkar vi lyserosa idyll for alle penga. Yndige kjolar, søte bodyar, blomstrete bukser og pastellfarga jakker. Gjerne med accesoires som blonde-huer, rosa smokker, lyserosa koser og bittesmå ballerina-sko. Ikkje min feil at yndlingsfargen til Sigrid er rosa (og at ho kler den så godt!)...
(Som seg hør og bør ein ekte mote-blogg: Sigrid er kledd i rosa silke-hue frå Fretex, gul strikkejakke kjøpt i Australia og blomstrete sparkebukse frå Lindex. Rosa helseteppe frå då eg var baby og hekla vognteppe som er ei gåve frå ei venninne. Kaninkosene (som ALLTID må vere med på tur) er gåver frå bestemor).
søndag 28. august 2011
lørdag 13. august 2011
Eitt år sidan...
...dette:
I dag, 13. august, har eg vore gift med den aller finaste i heile 1 år!
Vi feirar med andre ord papir-bryllaupsdag!
Fint og rart å tenke på at vesle, fine Sigrid låg inni magen min
Vi feirar med andre ord papir-bryllaupsdag!
Fint og rart å tenke på at vesle, fine Sigrid låg inni magen min
på denne store dagen vår utan at vi visste nokon ting...
onsdag 10. august 2011
Sommarminner
Oslo-Lillehammer-Gol-Sognefjell-Førde-Naustdal-Vevring. Og tilbake. Sigrid sin første sommar. Late dagar. Varme kveldar. Familie og vener. Vin og grilling. Kino og shopping. To vekers ferie er omme. Og her er nokre gløtt frå vår sommar.
Abonner på:
Innlegg (Atom)