Viser innlegg med etiketten Interiør. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Interiør. Vis alle innlegg

søndag 11. mars 2012

Litt meir barnerom

Barnerommet byrjar omsider å ta form, og vi har no fått inn både bokhyller og stolar, puter og teppe.


Ho elskar allereie det nye, fine, fargerike ullteppet sitt.

Den vesle Sally Ann-stolen er fin å klatre opp til slik at ho kan få tak i matrusjka-dokkene i vindaugskarmen...


Tallerkenhylle kjøpt hos Frelsesarmeens Jobben-marknad.

lørdag 25. februar 2012

Barnerommet

Den vesle dama har flytta frå oss og inn på sitt eige rom. Framleis gjenstår det ein god del; m.a. den store tallerkenhylla til bøkene hennar, ei lita bokhylle som kan stå på golvet til leikar og bøker, ein godstol og litt bilete på veggen. Men her er iallfall ein liten snikkik på deler av rommet hennar så langt.







Og så måtte vi - diverre og i mangel på eitt 3. soverom - flytte "kontorpulten" inn på soverommet...

mandag 31. oktober 2011

Stol for liten og stol for stor

På ein av våre trilleturar i byen kom vi over ein bruktbutikk med konkurssalg. Dei reklamerte med 30 % avslag - eit sånn passe rart tilbod med tanke på at varene ikkje var prisa i utgangspunktet, men eg fekk iallfall kjøpe to gamle stolar for ein billig penge. Ein til oss og ein til den vesle dama vår. Den store stolen skal eg nok la vere slik den er, medan den lille, raude truleg vert måla knallraud (eller kanskje turkis?).



No er det for øvrig dags for at den vesle dama vår flyttar inn på eige rom, så eg kikar litt her og der etter fine barneromsting. Tips til fine nettbutikkar som sel barne-interiør takast difor imot med takk!

torsdag 13. oktober 2011

Kontorstol frå vaskekjellaren



Denne kontorstolen har stått i vaskekjellaren her i blokka vår, og eg har lenge sikla på den. Så ein dag vart vaskekjellaren stengt grunna oppussing og då den opna igjen var kontorstolen borte! Etter ein prat med eit medlem av styret fekk eg vite at stolen var stua vekk i påvente av å bli kasta. Og sjølvsagt kunne eg få den om eg ville. Hurra!



Litt usikker på om eg skal pusse og male den. Synst i grunn den er fin slik den er (kanskje berre prøve å få bort malingsflekkane) og planen er å anten bruke den som spisestue-stol eller slik namnet tilseier; som ein kontorstol.

tirsdag 19. april 2011

Endeleg...

... fann vi kjøkenstol nummer to! Det fine retro funnet vart gjort på Finn.no, og kosta nok litegrann meir enn kjøkenstol nummer ein som vart funnen sleten og forlatt på loppemarknad. Men likevel; stor stas å finne ein heilt maken til den raude som vi allereie hadde frå før. No er kjøkenbenken vår komplett!

søndag 20. mars 2011

Nytt, lyst soverom

Sidan vi snart blir tre her på Tøyen var det på tide å gjere noko med soverommet vårt for å få betre plass til barneseng, samt litt ekstra oppbevaringsplass (til dei enorme mengdene med ustyr som ein liten baby treng!). Samstundes målte vi veggane og kjøpte oss ny kommode pluss ei ny lystett rullegardin. Elles er rommet møblert med både gamalt og arva; skittentøyskorga er frå Fretex, medan senga er foreldra mine si gamle 70-talsseng. Sengeteppet har eg hatt sidan eg var lita og er hekla av ei eldre dame som ofte var på besøk hos oss.




Kjolene frå då eg sjølv var lita, heng klar på den nye, fine "Hang it all"-knaggen vår!

onsdag 23. februar 2011

Fin gåve frå WOXOP

I dag fekk eg gåve i posten frå den fine nettbutikken WOXOP! Sååå kjekt! 

WOXOP er ein nettbutikk som vert drive av to sysken med base i heimbygda mi, Vevring i Sunnfjord. Dei to syskena har brukt sine erfaringar innan møbel, innreiing og grafisk design til å utarbeide produkta og varemerket WOXOP. Dei lagar skapmodular og knaggar som kan kombinerast og tilpassast ved hjelp av fargerike hyller, dører og ikkje minst; magnetiske buttons.
Då eg opna gåva fann eg ein stor knagg, samt 4 ulike buttons slik at eg enkelt kan endre stil og uttrykkpå knaggen. Sjå berre her (og ta sjølvsagt òg ein kik inn i sjølve nettbutikken):

 Legg særskild merke til brureparet på den nedste buttons'en. Det er oss to på Tøyen det! :-)
PS, og absolutt verdt å merke seg:
for kvart WOXOP produkt som vert seld, vert det planta eit nytt tre gjennom prosjektet ”Trees for the future”, så løp og kjøp!

Bileta (bortsett frå nr. 3) er lånt frå http://woxop.no/.

tirsdag 11. januar 2011

Ny skjenk

Vi har endeleg skaffa oss noko som har stått på ønskjelista vår lenge; nemlig ein ny skjenk. Dvs. vi kjøpte den billig og brukt frå eit dødsbo. Då vi kom for å hente den vart vi overraska over kor stor den faktisk var (stakkars pappa som var med og bar, ofra ryggen sin for skjenken), men no er vi supernøgde sidan den faktisk rommar absolutt alt vi har av finare porselen, glas og sølvtøy (vi har då ein møblert heim...). Oppi skuffene fekk vi òg plass til lys, serviettar og bordbrikker, og i glasskåpet er det til og med opplegg for lys. Fine greier! Over skjenken heng vårt fine (og for øvrig einaste "ekte"...) kunstverk; eit nummerert foto frå a-ha sin promo-turne på 80-talet, teke av fotograf Janne Møller-Hansen. Biletet syner Magne Furuholmen i eit perfekt svalestup ut i eit basseng, og er både fotografens og Magnes eiga favorittbilete.

fredag 10. desember 2010

Ny stove til jul!

Konstaterer nok ein gong at ein heil kalender-månad har passert utan eit einaste blogg-innlegg. For å ta att alt det tapte bør eg no kome med nye innlegg ca. dagleg. Her kjem difor dagens!


Vi (det vil seie mann og svigerfar) har pussa opp stova vår. Fleire lag med papp, strie og tapet er fjerna, grå murveggar er måla kvite, "nytt" (dvs. arva) spisebord har kome på plass (som vi ikkje torer å ete ved fordi vi set flekkar på det berre av å sjå på det omtrent) og fleire hundre (om ikkje fleire tusen?) DVDar og CDar er rydda på loftet. Resultat; ei lys, romsleg og open stove som vi er veldig nøgde med!


Under stovebordet vårt ligg det eit eit deilig teppe i 100% ull som vi kjøpte på Home & Cottage. Utruleg mjukt å gå på!


Eames gyngestolen kjøpte vi på House of Oslo for gåvekortet vi fekk til bryllaupet vårt.



Ei lampe med glaskuler har vi leita lenge etter både i inn- og utland. Den perfekte lampa fann eg til slutt i ein lampebutikk i Førde! På salg til og med. Heilt strålande!

tirsdag 1. juni 2010

Fruens Vilje - min lov!

Eg og min kjære har hatt ei strålande helg heime hos mine snille svigerforeldre på Lillehammer. Vi har m.a. fått med oss nokre smakebitar av årets litteraturfestival der høgdepunktet var ein fabelaktig konsert med Bonnie Prince Billy på Maihaugen, og ikkje minst; vår faste vesle by-runde som alltid innheld stopp hos byens Fretex- og Sally Ann-butikk og den fine, fine ting og tang-butikken Fruens Vilje.


Eg trur ikkje det er mogleg å gå tomhendt ut frå Fruens Vilje. Iallefall klarar ikkje eg det. Butikken fører mange av mine favoritt-merker: m.a. Green Gate, Rice og Lisbeth Dahl, i tillegg til at dei også selger ein del veldig fine brukt-gjenstandar, spesielt gamle boksar, porselen og glas.


                     

Det er mogleg Bambi er "so last year", men vi klarte ikkje å gå frå dei store brune auga, så vi kjøpte ho med oss heim. No ligg ho på den gamle kista vår, og lysar så fint opp i gangen vår.


På Fretex fann eg denne fantastisk fine brurekjolen:


Eg kjente hjartet mitt banka litt ekstra då eg fann den, men den var diverre alt for liten til meg. Og, ja, eg er fullstendig klar over at eg har ein fin brurekjole klar i klesskåpet mitt, men eg draumer like fullt - og framleis - om ein kort blonde-kjole i 50-tals stil.


Kjolen som Chloë Sevigny har på seg på dette biletet hadde for eksempel vore fantastisk som ein kvit brurekjole. Framleis lov å kike...

fredag 28. mai 2010

Vårmarknad, vaflar og veldig fin husmorstol!


I går var eg atter ein gong på Frelsesarmeen og Jobben sitt bruktmarknad i Heimdalsgata. Som alltid var det kø allereie 20 minutt før dørene opna kl. 17. Når vi endeleg slapp inn storma folk innover og rett til gjenstandane dei hadde sett seg ut på førehand, truleg gjennom Finn-annonsen som Jobben hadde lagt ut. Eg hadde ikkje sett meg ut noko særskild og vandra rundt på måfå blant alle dei fine redesigna og brukte tinga, og såg lengselsfullt etter alle dei fine tinga som andre hadde fått tak i...


Men fekk med meg nokre bruktskattar eg òg. M.a. ein karaffel i krystall som min kjære kan ha whiskyen sin i, og ei lita glas-skål med lokk. Eg er utruleg glad i akkurat denne gamalrosa fargen og har fleire skåler og fat i same utføring. Blir like lukkeleg kvar gong eg finn slike!

Desse lampene var utruleg sjarmerande, og eg vurderte leeenge å kjøpe dei, men det var nok litt for mykje skår og knuste stadar på dei til at dei vart med meg heim.

                  

Men den aller finaste gjenstanden eg fann på marknaden var ein raud husmorstol som også kan brukast som ein krakk/stige. Veldig fint for meg som omtrent ikkje rekk opp til hylle nr. 2 i kjøkenskåpa våre eingong...


Då vi pussa opp kjøkenet vårt for eit par år sidan mista vi vår fine vesle spisekrok der vi hadde eit lite bord og tre stolar. I staden fekk vi ein lang benk under vindauget som også kan brukast som spiseplass. Til denne ønska vi oss eit par fine barkrakkar, men enda opp med dei billigaste krakkane frå IKEA; dei litt for kjedelege SUNE-krakkane til 98 kroner. No får vi i alle fall byta ut ein av dei, og leitar i mellomtida etter ytterlegare ein husmorstol, medan eg draumer vidare om sjakkruta golv...


På marknadene til Jobben er det ikkje høve til å prute på gjenstandane, snarare vert ein oppfordra til å prute oppover; pengane går i sin heilheit til Frelsesarmeens rusarbeid. Synst likevel ikkje 250 kroner var så gale for slik ein fin retro stol... :-)

                 

Torsdagskvelden vart avslutta med havregrynsvaflar i heimen sidan vi ikkje rakk å ete dette på Frelsesarmeen sin marknadskafé.

Vaflar

3 dl havregryn
3 dl mjølk
3 dl syrna mjølk (Cultura, Kefir, Kulturmjølk)
2 egg
3 ss smør evt 2-3 ss olje
1-3 ss sukker
½ ts kardemomme
½ ts vaniljesukker 
1 ts natron evt. bakepulver
5-6 ss kveitemjøl el. sammalt kveite

Visp alle ingrediensane saman. La røra svelle i 15-20 min.