fredag 28. mai 2010

Vårmarknad, vaflar og veldig fin husmorstol!


I går var eg atter ein gong på Frelsesarmeen og Jobben sitt bruktmarknad i Heimdalsgata. Som alltid var det kø allereie 20 minutt før dørene opna kl. 17. Når vi endeleg slapp inn storma folk innover og rett til gjenstandane dei hadde sett seg ut på førehand, truleg gjennom Finn-annonsen som Jobben hadde lagt ut. Eg hadde ikkje sett meg ut noko særskild og vandra rundt på måfå blant alle dei fine redesigna og brukte tinga, og såg lengselsfullt etter alle dei fine tinga som andre hadde fått tak i...


Men fekk med meg nokre bruktskattar eg òg. M.a. ein karaffel i krystall som min kjære kan ha whiskyen sin i, og ei lita glas-skål med lokk. Eg er utruleg glad i akkurat denne gamalrosa fargen og har fleire skåler og fat i same utføring. Blir like lukkeleg kvar gong eg finn slike!

Desse lampene var utruleg sjarmerande, og eg vurderte leeenge å kjøpe dei, men det var nok litt for mykje skår og knuste stadar på dei til at dei vart med meg heim.

                  

Men den aller finaste gjenstanden eg fann på marknaden var ein raud husmorstol som også kan brukast som ein krakk/stige. Veldig fint for meg som omtrent ikkje rekk opp til hylle nr. 2 i kjøkenskåpa våre eingong...


Då vi pussa opp kjøkenet vårt for eit par år sidan mista vi vår fine vesle spisekrok der vi hadde eit lite bord og tre stolar. I staden fekk vi ein lang benk under vindauget som også kan brukast som spiseplass. Til denne ønska vi oss eit par fine barkrakkar, men enda opp med dei billigaste krakkane frå IKEA; dei litt for kjedelege SUNE-krakkane til 98 kroner. No får vi i alle fall byta ut ein av dei, og leitar i mellomtida etter ytterlegare ein husmorstol, medan eg draumer vidare om sjakkruta golv...


På marknadene til Jobben er det ikkje høve til å prute på gjenstandane, snarare vert ein oppfordra til å prute oppover; pengane går i sin heilheit til Frelsesarmeens rusarbeid. Synst likevel ikkje 250 kroner var så gale for slik ein fin retro stol... :-)

                 

Torsdagskvelden vart avslutta med havregrynsvaflar i heimen sidan vi ikkje rakk å ete dette på Frelsesarmeen sin marknadskafé.

Vaflar

3 dl havregryn
3 dl mjølk
3 dl syrna mjølk (Cultura, Kefir, Kulturmjølk)
2 egg
3 ss smør evt 2-3 ss olje
1-3 ss sukker
½ ts kardemomme
½ ts vaniljesukker 
1 ts natron evt. bakepulver
5-6 ss kveitemjøl el. sammalt kveite

Visp alle ingrediensane saman. La røra svelle i 15-20 min.

Ingen kommentarer: