Viser innlegg med etiketten Heimelaga. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Heimelaga. Vis alle innlegg

mandag 7. november 2011

Mitt aller første sy-prosjekt!



Eg har vore den glade eigar av ei fin-fin symaskin i fleire år, men den har diverre - i mangel av mine sy-kunnskaper - berre blitt brukt til opplegg av bukser, kjoler, skjørt og gardiner. Men då eg gjekk gravid sette eg meg ned og sydde to smekker - eit møysommeleg arbeid! Dette er m.a.o. det aller første eg nokonsinne har laga med symaskina mi. "Grådig enkelt" seier sikkert dei sy-kyndige der ute, men for meg var dette altså ein passe stor prestasjon!



Sidan eg sydde smekkene før vi visste om vi fekk gut eller jente, sydde eg ei "jente"-smekke og ein litt meir "gutete" smekke. Begge smekkene blir sjølvsagt brukt no når den vesle dama vår omsider har byrja å ete fast føde.


Ho verkar godt nøgd med både smekke og mat, og likar for øvrig aller best å halde skeia i eiga hand!

onsdag 26. oktober 2011

Førebuingar til namnefest



I slutten av november skal vi omsider feire den vesle dama vår. Då skal vi samlast til seremoni i rådhuset der ho vil få utdelt namnetavle, før det blir fest med rømmegraut, kaffi og kaker i heimen.



På den supre butikken Folk og Røvere på Lillehammer fann eg fine bokstavlys. Veldig utplukka, men eg fekk iallfall nok lys til å kunne stave STGRTD, og då er det jo (forhåpentlegvis...) berre å skjere av utstikkarane på bokstaven T slik at namnet blir riktig på kaka. Namnet Sigrid tyder for øvrig "Vakker seier".

torsdag 24. mars 2011

Babytepper

Babytepper kan ein visstnok ikkje få nok av, og vi har difor alt skaffa oss tre herlege, mjuke babytepper i ull, til bruk i både seng, vogge og vogn, og elles der den vesle måtte ha behov for å ha noko varmt og mjukt å anten liggje på eller tullast inn i.



Det kremkvite teppet er strikka av ei venninne av den komande farmora på Lillehammer, og er laga av alpakka-ull. Det lavdendel-farga teppet i midten er laga av merino-garn frå Nøstebarn og er strikka av den komande mormora, medan det muldvarp-farga teppet frå LilleLam var noko av det aller første vi kjøpte oss då vi fann ut at vi skulle ha barn, og er kjøpt på Steen & Strøm. Når mi venninne, Ellen, kjem tilbake frå opphaldet sitt i Los Angeles får vi dessutan ytterlegare eit baby-teppe; eit vogn-teppe som ho heklar på i ledige stunder. Gler meg stort til å få både venninne og babyteppe heim til Oslo!

mandag 14. februar 2011

♥♥♥ Alle hjarters dag ♥♥♥

Mannen fekk nok inga gåve i dag, men eit heimelaga kort med nokre fine og velvalde ord inni fekk han!


Tips: Søte vintage-motiv er enkelt å finne ved å bruke Google sitt bilde-søk og skrive inn orda vintage valentine. Lagre bileta på PCen, skriv dei ut på fint, litt tjukt papir, klipp ut og lim på enkle eller doble kort. Enkelt, fint og billig! Her er andre fine Valentin-motiv:




♥♥♥ Med ønskje om ein lyserosa, sukkersøt
og romantisk Valentin-dag! ♥♥♥

PS: Vintage christmas, vintage santa og vintage angel er for øvrig supert å taste inn for å finne nydelege julemotiv til bruk på årets julekort (prøv òg christmas pinup for kule kort til mann og venninner!). For ikkje å snakke om vintage easter når du sjølvsagt sender ut alle påskekorta dine om litt. Eventuelt vintage baby om du skal lage gratulasjonskort til ferske babyer eller til dåps/namne-festen deira. For ikkje å nemne vintage birthday... Eller vintage mothersday?  Vintage fathersday? Vintage halloween..? Moglegheitene er med andre ord uendeleg der ute i den store bilet-verdsveven! Ulempa er at ein eventuell tekst på korta sjølvsagt er på engelsk, men den kan ofte enkelt (og/eller om ønskjeleg) fjernast ved bruk av eit bilet-behandlingsprogram som til dømes Picasa.

torsdag 16. desember 2010

Jul i stova

Julefreden har byrja å senke seg på Tøyen. Trollkvistane våre er ferdigpynta, årets juleverkstad/kort-produksjon  er overstått og alle gåvene har kome i hus, innpakka og klare i den gamle margarin-kassa vår. I år har eg nytta meg av Frelsesarmeens Jobben sine fine til-frå-lappar; laga av gamle avkappa bokomslag, og med teksten Deilig er jorden. Fine og alternative gjenbruksprodukt!


mandag 2. august 2010

Inspirasjon og stolne idear...

I gårsdagens horoskop i VG stod det mellom anna følgjande å lese om dei som er fødde i fiskenes teikn: Det er tid for å vise litt mer av deg selv enn du ellers gjør, kanskje ved å presentere noe du selv har laget. Eg tek sjølvsagt horoskopet mitt på yttarste alvor og her er difor resultatet av dagens smykkemakeri!


Eg innrømmer gjerne at ideen ikkje er min. Kusina mi Silje hadde ein dag på seg eit undulat-smykke som ho hadde ho kjøpt på vintagebutikken Frøken Dianas Salonger på Grünerløkka. Eg synst det var grådig fint og vart inspirert til å lage mitt eige undulat-smykke sidan det såg nokså enkelt ut å mekke det sjølv (at eg vart inspirert høyres uneketeleg betre ut enn at eg har stole ideen til  kven som enn har laga det opphavelege smykket...)

På tur i København fann eg dei same undulatane i ein leikebutikk, og saman med nokre av mine gamle leike-plastdyr fekk figurane no nytt liv som smykker. Eg veit ikkje kor fint det er å gå rundt med grisar, sauar, høner eller kyr rundt halsen, men heste-figurane var fine å bruke!


I København kjøpte eg òg med meg bittesmå krokar til å skru inn i figurane, og kjedene eg har brukt er både gamle avlagde smykker frå smykkeskrinet mitt, og kjøpte metervis hos Panduro.


No er eg på leit etter dådyr og ugler som eg òg har lyst å lage smykker av! :-)

fredag 2. april 2010

Deilig chilimarmelade


Eg er i grunn ikkje spesielt glad i søte marmelader, men denne - som er laga av paprika og chili - er nydeleg; søt og sterk i eitt. Eg synst den er aller best på ei god grov brødskive saman med gräddost, men den er også god til kjøtpålegg, postei, scampi og kylling. Eg plar doble oppskrifta; då får eg meir enn nok til at også mine kjære får med seg eit glas av marmeladen :-)

Her er oppskrifta:

1 raud paprika
5 store raude chili
340 g sukker
125 ml eddik 7 %
4 ss lunka vatn
1 1/2 ts gelatinpulver

Reins paprikaen. Del chilien og skrap ut frøa. Kutt paprika og chili i små bitar og køyr til ei glatt blanding i ein kjøkenmaskin. Ha blandinga over i ei kasserolle og tilsett sukker og eddik. Kok opp og la det småkoke i 10 minutt. Rør ut gelatinpulveret i lunka vatn og la det svelle i 2 minutt. Hell gelatinen over i chiliblandinga og la det koke i 1 minutt medan du heile tida rører med ein visp. Hell marmeladen over på reine glas med lokk. Oppbevar i kjøleskap.

(Oppskrifta er frå KK/Lise Finckenhagen)