Eg har vore den glade eigar av ei fin-fin symaskin i fleire år, men den har diverre - i mangel av mine sy-kunnskaper - berre blitt brukt til opplegg av bukser, kjoler, skjørt og gardiner. Men då eg gjekk gravid sette eg meg ned og sydde to smekker - eit møysommeleg arbeid! Dette er m.a.o. det aller første eg nokonsinne har laga med symaskina mi. "Grådig enkelt" seier sikkert dei sy-kyndige der ute, men for meg var dette altså ein passe stor prestasjon!
Sidan eg sydde smekkene før vi visste om vi fekk gut eller jente, sydde eg ei "jente"-smekke og ein litt meir "gutete" smekke. Begge smekkene blir sjølvsagt brukt no når den vesle dama vår omsider har byrja å ete fast føde.
Ho verkar godt nøgd med både smekke og mat, og likar for øvrig aller best å halde skeia i eiga hand!
3 kommentarer:
Såg fine ut! Kan forresten anbefale bøkene Made by Me og ei som heiter SY.
Takk for tips! :-)
Superfine! Skråband er jo ikke det letteste å få til, jeg feiger ut på dem, men disse ser jo flott ut :)
Legg inn en kommentar