Viser innlegg med etiketten Nostalgi. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Nostalgi. Vis alle innlegg
onsdag 23. mai 2012
Gamal kjole brukt på nytt
Så lenge sidan sist... Blogginga mi går ikkje akkurat så det susar for tida. Her kjem difor eit litt forelda innlegg; den vesle dama vår sin 1 års dag for eit par veker sidan. Ho har på seg min gamle kjole, innkjøpt av hennar sjømanns-morfar i Saudi Arabia.
onsdag 28. mars 2012
Barnestolen
Å sitje i barnestol er på ingen måte ein favorittsyssel iflg. den vesle dama vår. Likefullt må ho dagleg sitje i pappaen sin gamle Sofus-stol opptil tre gongar om dagen. Minst.
Den søte sitjeputa er frå min barndom, og passar perfekt til stolen. Men vi bør nok snart gå over til den nyinnkjøpte Tripp Trapp-stolen sidan ho så altfor enkelt klarer å klatre ut av Sofusen...
Og så var det nostalgi-bileta; mammaen (med storesysta) og pappaen på biletet under. Så kjekt å sjå dei same tinga bli brukt oppatt over 30 år seinare!
tirsdag 10. januar 2012
Frå barndomen
No har eg omsider vore på loftet og jobba meg inn til øskjene med leikar, bøker og spel frå barndomen min. Barbiedokkene, babydokkene og Lundby-dokkehuset mitt får bli att på loftet til den vesle dama vår vert litt eldre (og får finmotorikken i orden..). Her er litt av det som vart med ned i leikekassa hennar:
Ei nydeleg biletbok, som tydelegvis har vore hyppig lest! Godt slitt i kantane!
| Jason på ferie - ei av favorittbøkene! |
| Klassisk kuleramme frå BRIO |
Artig dokke |
Den gamle paraplyen min i barnestorleik er den vesle dama våre sjølvsagt alt for lita til å bruke, men den måtte likevel forevigast. Litegrann falma etter tidas tann, men framleis heil og fin i både spilar og stoff. Og så fine illustrasjonar!
|
torsdag 3. november 2011
Gjenbruksdama III
Den vesle dama vår har ikkje berre arva klede frå meg; også frå pappaen sin har ho arva litt. Her er ho i ein heimestrikka, stripete genser (i nydelege fargar), som pappaen brukte då han var på hennar alder.
tirsdag 5. juli 2011
Gjenbruksdama ll
Eg lo godt då eg kledde den vesle dama vår i dagens outfit frå min eigen barndom; ein raud kort kjole med kvite hjarter, og ein kvit sumarhatt, som mest av alt minner om ei god gamaldags kyse!
mandag 27. juni 2011
Gjenbruksdama
Den fine, vesle dama vår har ein rikhaldig og fargerik garderobe beståande av både nytt og gamalt tøy. Det gamle tøyet er jo aldeles sjarmerande, men noko av det er òg ganske så upraktisk sidan buksene til dømes manglar knepping ved beina - noko som gjer stell litt meir tungvint. Likevel må sjølvsagt desse kleda brukast innimellom - av heilt nostalgiske årsaker! Her er den fine dama vår i ei passe retro sparkebukse i dei heilt tidsriktige fargane. Det nedste bilete er av mora og den like store bamsen hennar. Begge ikledd sparekbukser for anledninga.
fredag 15. april 2011
Hentesett
No når permisjonen har starta tenkte eg det var greitt å pakke fødebagen. Oppi den fekk eg plass til den mjuke, fluffy, rosa morgonkåpa mi. Og det var igrunn det eg fekk plass til der! Då vi var på omvising vart vi nemleg råda om å berre pakke ein liten bag sidan det var avgrensa med plass på både barsel-avdelinga og på sjukehus-hotellet. Skjønar difor ikkje heilt korleis eg skal få med meg alt anna av klede, toalettsaker, lesestoff, fotoapperat og gjerne musikk (og kanskje til og med ei lita sjampanje-flaske på toppen?)... Uansett, den komande minien vår har difor fått sin eigen lille bag; ein snerten liten "Den vesle bjørnen og den vesle tigeren"-bag. Oppi der har eg pakka eit hentesett, ein body, ein pysj og eit babyteppe i ull. Treng ein nyfødd noko meir tru?
Av hentesett hadde vi opptil fleire val, både av nytt, gamalt og arva. Det rosa settet i mjuk fløyel er heilt nytt og er ei gåve frå besteforeldre på Lillehammer. Den lilla jakka med tilhøyrande hue og sokkar vart strikka av ho mor då nevøen min kom til verda i 2009. Den nydelege lyseblå jakka, hua og den kvite bomulls-skjorta vart strikka og sydd av ho mor då ho gjekk på barneskulen på 50-talet. Og til sist; det gule settet, beståande av jakke, bukse, hue og sokkar, som òg er strikka av ho mor, er det same som både eg og syster mi var ikledd då vi drog heim frå Haukeland sjukehus for 32 og 34 år sidan. Tenk at eg snart kan kle mi eiga dotter i dei same kleda som eg sjølv vart henta heim i for over 30 år sidan!
søndag 13. februar 2011
mandag 10. mai 2010
Prosjekt: gyngehest
Då foreldra mine selde og kvitta seg med både hus, heim og inventar i heimbygda mi for nokre år sidan, vart denne gyngehesten med på lasset som skulle kastast på søppelfyllinga. Den vart heldigvis redda ut i siste liten, men sidan har den - stakkars - stått i kjellarboden vår her på Tøyen, avskalla, skitten, rusten og generell stusseleg, i påvente av betre og lukkelegare tider.
Etterkvart har det jo kome ein liten tass inn i familien vår, og eg synst difor tida no var inne for å ta gyngehesten frem frå mørkret og gjeve den eit nytt og innhaldsrikt liv. Kvit metall-måling, pussepapir og pensel vart innkjøpt, gyngehesten vart henta opp i lyset og no har eg vaska, pussa og målt det vesle klenodiet slik at nevøen min, Jakob, kan få overta den om han har lyst!
Treverket burde nok også målast, men det får bli til ein anna gong. Førebels får gyngehesten heller ha eit litt rustikt preg over seg. Så no er det berre å vente til Jakoben vert stor nok til å ri på den! 31 år etter at mor hans, Katrine, leika med den i 1979:
fredag 16. april 2010
Rangla på Tøyen
Arthur i neset, Steinar i hola, Henka på pallen, Agnar på myra, Ola på hogane, Jakob på myrane, Kåre med veien, Alma på resa, Ola med elva, Mathias på håjen, Ludvik under hammaren... Då eg vaks opp var dette namn på ei rekkje bygdefolk heime i Vevring. Ein omtala altså ikkje folk berre med førenamnet sitt, men knytte dei opp mot plassen dei budde. Eg tykkjer i grunn det er ei fin ordning, og det inspirerte meg til namnet på bloggen min. Eg kunne sjølvsagt kalla bloggen min Rangla på Tøyen, men synst det klang betre med Løyen på Tøyen (og fordi eg likte at det rimte!). Min kjære tykte for øvrig at dette med å omtale folk med stadnamn var ein artig greie, og undra på om det var ingen som budde i treet, i fjæra, under ein stein eller oppå ei tue :-)
Ha ein fin fredag!
fredag 2. april 2010
"Vintage" påskepynt
Eg synst det er stos stas å pynte til alle høgtidene våre; advent, jul, 17. mai og no påske. Desse påskekyllingane laga eg medan eg gjekk i barnehagen og dei er altså då minst 25 år gamle. Påskekyllingane kjem fram på bord og skatoll i heimen vår kvart einaste år. God påske!

Abonner på:
Innlegg (Atom)






















