Viser innlegg med etiketten Tradisjonar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tradisjonar. Vis alle innlegg

søndag 19. desember 2010

Farmors leverpostei

Heimelaga leverpostei er fantastisk godt, særskild når den kjem nysteikt rett frå omnen! Ho mor laga alltid leverpostei til jul då eg var mindre, men no var det lenge sidan sist. Difor tok vi i år oppatt tradisjonen og fann fram farmor si gamle oppskrift. Frysaren er no fylt opp med store mengder heimelaga leverpostei, klare til å nytast under julas mange, lange og deilige julefrukostar.



Køyrast saman i kjøkenmaskin:

600 gr svinelever
300 gr spekk
4 stk løk
5 stk rensa ansjos
4 stk kavringer (tørka brød, knekkebrød og liknande kan òg brukast)

Lag jevning:
60 gr smør
60 gr mjøl
2 dl buljong

Ha i det som er malt og varm det opp. Må ikkje koke! Kjøl blandinga ned.

Ha i:
2 ts pepper
2 ts muskat
1 ts nellik.
1 ss salt (smak til!)
Gjerne litt sukker

Skjer inn:
2 dl stivpiska fløyte
3 stivpiska eggekviter
3 eggeplommer

Ha blandinga i alum.former og steik i vassbad, ca. 175 grader i omlag 1 t. Det beste er å fryse blandinga ned i små aluminimusformer og setje formene rett i frysaren. Då kan leverposteien steikast etterkvart og såleis serverast fersk og nysteikt kvar gong. Oppskrifta gjev omtrent 6-7 almuniumsformer.






torsdag 19. august 2010

Betaling for bryllaupsnatta

Morgongåve var opphavleg ein praktisk tradisjon der mannen gav kvinna ein sum pengar som var meint å forsørgje ho dersom ektemannen døydde. I våre dagar er det vel helst vanleg at gåva er ei romantisk og symbolsk kjærleiksgåve. Eg for min del meinte at det overhovud ikkje var nødvendig med morgongåve i forhold til vårt elles så enkle bryllaup. Men mannen min - den frekkasen - meinte at eg sjølvsagt måtte få betaling for bryllaupsnatta vår (!) og overrekte meg difor ei nydeleg øskje (med same motiv som på gjestboka vår). Oppi øskja fann eg den første plata til Melissa Horn, pluss billettar til konserten hennar i slutten av september (jippi!), bagasjelapp (med tekst basert på favorittfilmen min, Thelma & Louise), DVD'en Young Guns (favorittfilm nr. 2), nydeleg uglesmykke (som kan snus alt ettersom kva farge eg ønskjer å syne) og gåvekort på Morris (til eit nytt og heilt nødvendig veskekjøp!) Alle gåvene var midt i blinken, og syner iallfall at han kjenner meg godt, den fine, snille mannen min!

fredag 30. april 2010

Sengemat til nybakt mor


Gleda er mest altfor stor til å bera.
Hei, vesle unge, velkommen til jord!
Ubrukt er livet ditt, ope ligg verda,
ventar, og gler seg til dine spor.
- Ingvar Moe -

Då eg vart tante til vesle Jakob i fjor, laga ho mor og min kjære rømmegraut medan eg laga kake, og så trava vi gjennom byen med ei kaketine, ei korg med gåver til den nyfødde og ei rykande varm gryte - såkalt "sengjamat". Eg veit ikkje korleis det er her på austlandet, men på vestlandet har det altså vore vanleg å gå med sengemat  til den nybakte mora. Farmor var veldig flink til halde på denne tradisjonen heime i Vevring. Ho gjekk på barselbesøk til grannar i bygda med nylaga rømmegraut og heimebakt flatbrød under armen. Denne tradisjonen prøver eg no å ta vare på og eg synst det er fint å ta med seg kake når eg vitjar venninner som har fått barn. Denne gongen er det kusina mi, Silje og hennar sambuar Magnvard, som har fått barn - ei lita jente som skal heite Astrid. Vi har no besøkt den vesle familien, og i gåve fekk Astrid dei svært søte og sjarmerande Bø og Bæ-dokkene, boka Bø og Bæ i festhumør og ei saftig og deilig sjokoladekake.

Denne sjokoladekaka er ei svært mektig kake, men den er fantastisk god! Den består av tre lag sjokoladebunnar, sjokoladekrem og marsipankrem, men det er også mango i den, noko som gjer kaka frisk og saftig til trass for all kremen. Om kaka skal bringast eit stykke, eller stå kaldt over natta, bør kakeringen vere rundt slik at ikkje all kremen sklir ut (noko eg sjølvsagt har fått erfare).

Kakebotn:
3 egg
2 1/2 dl sukker
1dl kveitemjøl
1/2 ts bakepulver
3/4 dl kakao
1 ss pulverkaffi
2 ts vaniljesukker
1/2 ts salt
3 dl kesam, 8%
2 ss smelta smør
1 ss vatn
1 ss konjakk

Sjokoladekrem
4 dl kremfløyte
100 g mørk sjokolade

Marsipankrem
150 g marsipan
2 ss portvin
ca. 100 g melis
2 dl kremfløyte

Fyll: 1 mango i terningar
Pynt: 1/2 porsjon sjokoladekrem, kakao og evt. sjokoladepynt

Pisk egg og sukker til eggedosis. Bland saman dei tørre ingrediensane og vend dei i eggedosisen saman med kesam, smelta smør, vatn og konjakk (evt. brandy). Rør lett til alt er godt blanda. Hell røra i ei form (i oppskrifta står det 24, men då er det noko vanskelegare å dele kaka i tre lag, så eg brukar 22)  og steik kaka på 200 grader, nedste rille i ca. 30 minutt. Avkjøl kaka på rist. Del kaka i tre (her brukar eg min geniale kakedelar. Anbefalast!). Kok opp fløyten og hell den over sjokoladen som er delt i bitar og rør dette jamnt og avkjøl. Pisk kremen opp med ein handmiksar. Her pleier eg å jukse litt, sidan eg ikkje har tolmod til å vente til sjokolade-kremen skal bli avkjølt. Det tar laaang tid før den bli kald nok til å piskast til krem, og bør i grunn helst lagast timar i forvegen, eller setjast i frysaren for avkjøling. Eg piskar istaden fløyten til krem, før eg blandar inn smelta sjokolade. Det fungerer like fint. Riv marsipanen grovt og rør den saman med portvin (evt. sherry) og melis. Pisk fløyte til krem og bland den saman med marsipanen. Legg ein kakebotn på eit kakefat. Dekk med halvparten av sjokoladekremen. Dryss på mangobitar. Legg på den andre kakebotnen og bre marsipankremen utover. Legg på den siste kakebotnen og smør på siste del av sjokoladekremen. Sett kaka kjølig, gjerne til neste dag. Pynt med kakao og evt. sjokoladepynt.

søndag 18. april 2010

Sagopudding - snart berre eit nostalgisk minne?


Då eg vaks opp var sagopudding nærast ein daglegdags dessert, men no er det diverre sjeldan eg får den servert. For ikkje lenge sidan las eg til og med i ei avis at sagogryn var på veg ut av butikkane avdi salet hadde stupt dei siste åra. Dette fekk eg stadfesta når ho mor fortalde at ho måtte reise til Drammen for å kjøpe sagogryn etter å ha leita rundt i butikkar her i Oslo. Eg er difor redd for at sagopudding er ein dessert som  er i ferd med å forsvinne frå dei norske dessert-borda. Men heldigvis har eg ein familie som er opptekne av mat-tradisjonar og ho mor lagar altså framleis sagopudding - når ho først får tak i sagogryna vel og merke. Eg fekk sjølv lyst lyst til å prøve å lage denne desserten i helga, og sagogryn fann eg til og med i nærbutikken min her på Tøyen!

Sagopudding:
1 dl heilmjølk
11/2 dl sagogryn
1/2 dl sukker
1 stort egg (eller to små) 
3-4 romessens eller mandel-dropar

Kok opp mjølk, og dryss i gryna og kok til graut ca. 1/2 time. Ta gryta bort frå varmen. Pisk egg og sukker saman. Hell dette over grauten som setjast over varmen for å tjukne. Må ikkje koke, rør heile tida. Ta gryta bort frå plata igjen, smak til med romessens eller mandel-dropar og hell i ein fin dessert-bolle. Avkjølast.

Raud sos:
5 dl raud saft (blåbærsaft er best)
1 ss potetmjøl
Litt kaldt vatn

Eg blanda 3 dl saft med 2 dl vatn slik at det vart 5 dl saft tilsaman. Kok opp safta og rør potetmjølet og vatnet saman. Ta kjelen av plata og rør inn potetmjølet i ei tynn stråle under omrøring. Set kjelen tilbake på varmen og kok raskt opp. Avkjølast.

PS (og kanskje ikkje eigentleg så kjekt å vite): Ekte sagogryn vert laga av margen i sagopalmen, som ein finn i Søraust-Asia. Men her i Noreg vert sagogryn laga av potetmjøl.

mandag 5. april 2010

Noko gamalt, noko nytt, noko lånt og noko blått...


Eg og min kjære skal gifte oss i august. Vi skal ha eit lite bryllaup, og planlegginga er difor ikkje så veldig omfattande. Men ein ting er allereie innkjøpt og det er brudekjolen! Den vart faktisk innkjøpt for 5-6 år sidan, altså ei stund før eg i det heile teke vart kjæraste med min komande ektemann! No høyres eg jo ein smule "bridezilla" ut, men saken er den at eg fann denne 70-talskjolen på Fretex til 200 kroner og planen var opphaveleg å gjere den kortare og deretter bruke den som sommarkjole. Men kjolen har blitt verande i klesskapet mitt, ubrukt og like heil. Og no skal eg altså gifte meg i den. Den kvite blomen er ei brosje som eg kjøpte på Gina Tricot. Så no har eg både noko brukt og noko nytt, og det gjenstår berre å finne noko lånt og noko blått...