fredag 28. mai 2010

Vårmarknad, vaflar og veldig fin husmorstol!


I går var eg atter ein gong på Frelsesarmeen og Jobben sitt bruktmarknad i Heimdalsgata. Som alltid var det kø allereie 20 minutt før dørene opna kl. 17. Når vi endeleg slapp inn storma folk innover og rett til gjenstandane dei hadde sett seg ut på førehand, truleg gjennom Finn-annonsen som Jobben hadde lagt ut. Eg hadde ikkje sett meg ut noko særskild og vandra rundt på måfå blant alle dei fine redesigna og brukte tinga, og såg lengselsfullt etter alle dei fine tinga som andre hadde fått tak i...


Men fekk med meg nokre bruktskattar eg òg. M.a. ein karaffel i krystall som min kjære kan ha whiskyen sin i, og ei lita glas-skål med lokk. Eg er utruleg glad i akkurat denne gamalrosa fargen og har fleire skåler og fat i same utføring. Blir like lukkeleg kvar gong eg finn slike!

Desse lampene var utruleg sjarmerande, og eg vurderte leeenge å kjøpe dei, men det var nok litt for mykje skår og knuste stadar på dei til at dei vart med meg heim.

                  

Men den aller finaste gjenstanden eg fann på marknaden var ein raud husmorstol som også kan brukast som ein krakk/stige. Veldig fint for meg som omtrent ikkje rekk opp til hylle nr. 2 i kjøkenskåpa våre eingong...


Då vi pussa opp kjøkenet vårt for eit par år sidan mista vi vår fine vesle spisekrok der vi hadde eit lite bord og tre stolar. I staden fekk vi ein lang benk under vindauget som også kan brukast som spiseplass. Til denne ønska vi oss eit par fine barkrakkar, men enda opp med dei billigaste krakkane frå IKEA; dei litt for kjedelege SUNE-krakkane til 98 kroner. No får vi i alle fall byta ut ein av dei, og leitar i mellomtida etter ytterlegare ein husmorstol, medan eg draumer vidare om sjakkruta golv...


På marknadene til Jobben er det ikkje høve til å prute på gjenstandane, snarare vert ein oppfordra til å prute oppover; pengane går i sin heilheit til Frelsesarmeens rusarbeid. Synst likevel ikkje 250 kroner var så gale for slik ein fin retro stol... :-)

                 

Torsdagskvelden vart avslutta med havregrynsvaflar i heimen sidan vi ikkje rakk å ete dette på Frelsesarmeen sin marknadskafé.

Vaflar

3 dl havregryn
3 dl mjølk
3 dl syrna mjølk (Cultura, Kefir, Kulturmjølk)
2 egg
3 ss smør evt 2-3 ss olje
1-3 ss sukker
½ ts kardemomme
½ ts vaniljesukker 
1 ts natron evt. bakepulver
5-6 ss kveitemjøl el. sammalt kveite

Visp alle ingrediensane saman. La røra svelle i 15-20 min.

mandag 24. mai 2010

Herleg balkongliv på Tøyen

Endeleg har varmen kome til Oslo og til oss to her på Tøyen.

Helge-sysselen vår har difor vore å gjort balkongen vår i stand til sommaren.

Tomatplantar, olivenplante, stemorsblomar, lavendel, tagetes, sommar-georginer, spanske margaritter og petunia vart innkjøpt og er no planta i krukker, bøtter og kasser. Kriteriane våre for val av blomar var sjølvsagt at dei treng minst mogleg stell. Og så las eg ein stad at lilla var den nye "it-fargen" for sommarblomar i år, og vi følgjer sjølvsagt trender - også når det gjeld blomar.


No ser vi fram mot lange, late, herlege dagar på den vesle, men veldig solrike balkongen vår.

Krydderurte-frø med medfølgjande polkadott-prikkete potte kjøpte vi med oss frå Berlin. Herleg å kunne plukke urter til sommarmiddagane frå vår eigen vesle urtehage.

Svært spent på oliventreet som vi aldri har hatt før. Blir fint å kunne hauste eigne oliven etterkvart!


Tomatplantane skal forhåpentlegvis halde oss med søte tomatar utover sommaren.


Ho mor lærte meg for øvrig eit par nyttige råd om tomatplantar; det bør vere to plantar attmed kvarandre slik at dei kan "bestøve" kvarandre (romantisk!). Og dei små utvekstene som poppar ut nedst på greina mot stammen skal knipast vekk då dette er noko som ho kallar "snyltarar" og som stel næring frå tomatplanten. Kjekt å vite.














I mangel på hagegnomar har vi istaden nokre yndige (hage)englar.
Some like it hot... 22. mai, gradestokken viste 21 grader...


...og det var tid for årets første grilling og Brede sin hemmelege lune potetsalat:

3-4 pers.

700 g potetar
3 vårlaukar (evt. purre)
2,5 ts dijon-sennep
2 dl olivenolje (virgin)
3 ss kvitvinseddik
1 raudlauk
1 glas grøne oliven
Nokre skeier kapers
Litt salt og pepar
Hakka persille

Kok potetane til dei er møre. Skjer dei i bitar eller skiver. Skjær vårlauken i tynne skiver og rør saman sennep, eddik, salt og pepar. Visp inn oljen. Hell dressinga og vårlauken over potetene og bland forsiktig. Bland inn oliven og kapers. Dryss over persille til slutt.

Potetsalaten inntok vi saman med spekeskinke-kledd svinefilet med basilikum og soltørka tomatar inni.

Solcelledrive lyslenkje og "lys-soppar" frå IKEA er stemningsfullt på seine sommarkveldar, og er midt i blinken for oss som ikkje har straumuttak på balkongen. Samstundes er vi miljøvennlege og energisparande - fint det òg!

Ha ein fortsatt deilig fridag!

torsdag 20. mai 2010

Berlin, baby!

Førre helg var eg, min kjære, syster mi, hennar Joakim og deira vesle Jakob i  Berlin. Ein fantastisk spanande by som eg aldri hadde vore i før, men som vi helt klart skal tilbake til ved første og beste høve!

Her følgjer eit utval bilete frå opphaldet vårt i den tyske metropolen.



 







tirsdag 18. mai 2010

Kake i raudt, kvitt og brunt


Troika er min absolutte favoritt-sjokolade, og lukka var stor då eg på restaurant Vognmand Nilsen oppdaga at dei hadde noko som heitte Troikakake på dessert-menyen sin (dessert-menyen er for øvrig det første eg sjekkar når eg er på restaurant; om det ikkje er sjokolade-dessertar på menyen er det diverre berre å pakke saman og gå...). Troikakaka til Vognmand Nilsen var aldeles nydeleg, og eg ville gjerne prøve å lage ei liknande sjølv. På nettet finst det fleire ulike oppskrifter; eg prøvde denne til 17. mai-feiringa vår i år:

Kakebotn
200 g malte mandlar
200 g melis
3 eggekviter

Pisk eggekvitene stive og rør forsiktig i malte mandlar og melis. Ha deigen i ei bakepapirkledd kakeform (i oppskrifta stod det 26 cm, men eg synst kaka vart litt låg og kjem til å bruke 24 cm neste gong eg lagar ho). Steik botnen på 170 grader i ca. 30 min. på nedste rille.

Trøffelkrem
75 g melis
1 dl vatn
3 eggeplommer
150 g smør
1 ss kakao

Ha melis og vatn i ein kjele. Kok det forsiktig til massen blir seig (ca. 8 min). Avkjøl. Pisk eggeplommene, tilsett melismassen ei ei tynn stråle medan du rører godt. Rør inn smøret i små bitar. Tilsett kakao til slutt. Smør kremen på mandelbotnen og sett kaka i kjøleskåpet med ringen rundt.

Fyll
1 pk raud gele
3 dl vatn
500 g marsipan

Lag gele etter rettleiinga på pakken, men bruk berre 3 dl vatn. Hell geleen som har byrja å stivne oppå kaka. Sett den tilbake i kjøleskapet til geleen er heilt stiv. Kjevle marsipanen til ei tynn leiv. Fjern forma frå kaka, og legg marsipanen over geleen. Form den så den blir glatt og fin.

Glasur
1 1/2 plate kokesjokolade
2 ss smør

Smelt sjokolade og smør over svak varme. Avkjøl sjokolademassen litt før den fordelast jamnt over kaka. Pynt gjerne med sjokoladepynt, geletoppar eller noko anna fint.


Denne Troikakaka var jo sjølvsagt like digg som Troika-sjokoladen, og den endar truleg opp som sjølvaste bryllaupskaka vår! På toppen plasserer vi då dette snasne brureparet:


Kaketopp-brureparet fann eg på loftet hos farfar. Ingen veit kven det har tilhøyrt, men eg likar det vintage preget, at brura har gullkjole og ikkje minst; at ho ikkje er blond slik brura ofte er på slike kaketoppar! Synst nesten brureparet liknar litt på meg og min kjære...? ;-)


Fordi vi kom så seint heim frå vår vesle helgetur til Berlin, rakk vi ikkje å stryke og ordne bunadane våre til 17. mai. I staden pynta vi oss med desse fine handperla norske flagga frå Sally Ann - Frelsesarmeens konsept for rettferdig handel. Eit fint alternativ til dei tradisjonelle 17. mai-sløyfene.

mandag 10. mai 2010

Prosjekt: gyngehest

Då foreldra mine selde og kvitta seg med både hus, heim og inventar i heimbygda mi for nokre år sidan, vart denne gyngehesten med på lasset som skulle kastast på søppelfyllinga. Den vart heldigvis redda ut i siste liten, men sidan har den - stakkars - stått i kjellarboden vår her på Tøyen, avskalla, skitten, rusten og generell stusseleg, i påvente av betre og lukkelegare tider.


Etterkvart har det jo kome ein liten tass inn i familien vår, og eg synst difor tida no var inne for å ta gyngehesten frem frå mørkret og gjeve den eit nytt og innhaldsrikt liv. Kvit metall-måling, pussepapir og pensel vart innkjøpt, gyngehesten vart henta opp i lyset og no har eg vaska, pussa og målt det vesle klenodiet slik at nevøen min, Jakob, kan få overta den om han har lyst!


Treverket burde nok også målast, men det får bli til ein anna gong. Førebels får gyngehesten heller ha eit litt rustikt preg over seg. Så no er det berre å vente til Jakoben vert stor nok til å ri på den! 31 år etter at mor hans, Katrine, leika med den i 1979: