lørdag 13. august 2011

Eitt år sidan...

...dette:

Foto: Jan Førland

I dag, 13. august, har eg vore gift med den aller finaste i heile 1 år!
Vi feirar med andre ord papir-bryllaupsdag!
Fint og rart å tenke på at vesle, fine Sigrid låg inni magen min 
på denne store dagen vår utan at vi visste nokon ting...

onsdag 10. august 2011

Sommarminner

Oslo-Lillehammer-Gol-Sognefjell-Førde-Naustdal-Vevring. Og tilbake. Sigrid sin første sommar. Late dagar. Varme kveldar. Familie og vener. Vin og grilling. Kino og shopping. To vekers ferie er omme. Og her er nokre gløtt frå vår sommar.













fredag 15. juli 2011

Fint funn


Etter ein kveldstur gjennom Sofienbergparken fann eg denne nydelege, broderte duken, krølla saman til ein ball på graset. Skiten, våt og medtatt vart den - til mannens høglydte protestar - teken med heim til ein omgang i vaskemaskina, og eit møte med strykejarnet (ja, eg ser at akkurat dette kunne vore gjort betrakteleg betre...). Duken passa heilt perfekt til spisebordet vårt, og eg er såre nøgd med å ha gjort nok eit gate-funn!


tirsdag 12. juli 2011

lørdag 9. juli 2011

Den løyndomsfulle hagen

Midt i Oslo by, godt gøymd blant høge forretningsbygg og blokker, veit eg om ei lita perle av ein hage.  Den fine, grøne plassen er sjølvsagt ein godt bevart hemmelegheit, men hit kan eg altså gå og plukke masse bær; syrlige rips, søte solbær og sure stikkelsbær! Nett slik eg kunne gjere i min barndoms hage på Vestlandet. Heilt finfint! Og ikkje minst, heilt gratis!



Sukra rips med vaniljesaus blanda med piska kremfløyte er for meg den ultimate sommar-desserten. Den slår til og med jordbær med fløyte!


God sommar! :-)

tirsdag 5. juli 2011

Gjenbruksdama ll

Eg lo godt då eg kledde den vesle dama vår i dagens outfit frå min eigen barndom; ein raud kort kjole med kvite hjarter, og ein kvit sumarhatt, som mest av alt minner om ei god gamaldags kyse!

mandag 27. juni 2011

Gjenbruksdama

Den fine, vesle dama vår har ein rikhaldig og fargerik garderobe beståande av både nytt og gamalt tøy. Det gamle tøyet er jo aldeles sjarmerande, men  noko av det er òg ganske så upraktisk sidan buksene til dømes manglar knepping ved beina - noko som gjer stell litt meir tungvint. Likevel må sjølvsagt desse kleda brukast innimellom - av heilt nostalgiske årsaker! Her er den fine dama vår i ei passe retro sparkebukse i dei heilt tidsriktige fargane. Det nedste bilete er av mora og den like store bamsen hennar. Begge ikledd sparekbukser for anledninga.


torsdag 23. juni 2011

Rosa cupcakes

Cupcakes er visstnok "so last year". Til og med dei søte, små og fargerike makronane er avleggs. No er det Cake Pops som den store, nye trenden. Så langt har ikkje eg kome, men eg kjem truleg med eit blogg-innlegg om desse små kakene på pinne til neste år ein gong, når ytterlegare ein kaketrend har oppstått... Eg er  altså framleis på Cupcakes-stadiet. Og her ein dag rakk eg til og med å bake nokre av desse søte godsakene - heilt frå grunnen av! Det har nemlig blitt ein del 1-2-3-kaker i det siste - grunna eit krevjande lite vesen som har kome i hus...




Oppskrifta på den rosa glasuren er som følgjande (og passar for øvrig til alle typar muffins): 
100 gram kremost naturell
1 ss sitronsaft
1 ss vaniljesukker
Ca. 450 g melis
Raud konditorfarge
Pynt med det du har!

lørdag 18. juni 2011

Pannekaker i Bærum

Permisjon er ein fin ting! Eg får tid til å gjere ting som eg lenge har hatt lyst til, for eksempel å vitje Bærums Verk. På under to veker har eg til og med vore der to gongar! Bærums Verk er ei idyllisk lita perle, ein halvtimes køyretur unna Oslo. Her finst små sjarmerande butikkar, fine galleri og koselege kafear i dei fint bevarte arbeidar-boligane, samt eit større kjøpesenter i den gamle industri-bygninga. Ein av dei gamle bygningane husar dessutan Pannekakehuset - Noregs einaste hollandske pannekakehus. Fantastisk gode pannekaker og favoritten er så langt fullkornspannekaker med chevre, pepperoni og bacon! Anbefalast på det aller varmaste! 



lørdag 21. mai 2011

Dette er Sigrid



Sigrid vart fødd måndag 9. mai. og ho er sjølvsagt eit vakkert lite vidunder (men ho er nok òg grunnen til lite blogging i det siste sidan mora ikkje er så flink til multitasking)! :-)

lørdag 23. april 2011

God påske!

Grunna ein termin som no nærmar seg med stormsteg (30. april!), har vi vald å feire påske i byn. Ikkje verst det med sol og temperaturar på nærare 20 grader kvar dag! Påska har difor så langt blitt brukt i solveggen på balkongen med store mengder marsipan og lesestoff, ispedd ein og annan spasertur og kafè-tur. Fint med late dagar i ein påske-stille by!




I dag fekk eg dessutan eit veldig hyggjeleg besøk frå Siri som står bak den fine bloggen Strikk og Tøys. Ho kom med trøste-premien som eg vann i blogg-lotteriet hennar; to fin-fine kopptuer i herlege påskegule fargar. Tusen takk, Siri! :-)

tirsdag 19. april 2011

Endeleg...

... fann vi kjøkenstol nummer to! Det fine retro funnet vart gjort på Finn.no, og kosta nok litegrann meir enn kjøkenstol nummer ein som vart funnen sleten og forlatt på loppemarknad. Men likevel; stor stas å finne ein heilt maken til den raude som vi allereie hadde frå før. No er kjøkenbenken vår komplett!

fredag 15. april 2011

Hentesett

No når permisjonen har starta tenkte eg det var greitt å pakke fødebagen. Oppi den fekk eg plass til den mjuke, fluffy, rosa morgonkåpa mi. Og det var igrunn det eg fekk plass til der! Då vi var på omvising vart vi nemleg råda om å berre pakke ein liten bag sidan det var avgrensa med plass på både barsel-avdelinga og på sjukehus-hotellet. Skjønar difor ikkje heilt korleis eg skal få med meg alt anna av klede, toalettsaker, lesestoff, fotoapperat og gjerne musikk (og kanskje til og med ei lita sjampanje-flaske på toppen?)... Uansett, den komande minien vår har difor fått sin eigen lille bag; ein snerten liten "Den vesle bjørnen og den vesle tigeren"-bag. Oppi der har eg pakka eit hentesett, ein body, ein pysj og eit babyteppe i ull. Treng ein nyfødd noko meir tru?

Av hentesett hadde vi opptil fleire val, både av nytt, gamalt og arva. Det rosa settet i mjuk fløyel er heilt nytt og er ei gåve frå besteforeldre på Lillehammer. Den lilla jakka med tilhøyrande hue og sokkar vart strikka av ho mor då nevøen min kom til verda i 2009. Den nydelege lyseblå jakka, hua og den kvite bomulls-skjorta vart strikka og sydd av ho mor då ho gjekk på barneskulen på 50-talet. Og til sist; det gule settet, beståande av jakke, bukse, hue og sokkar, som òg er strikka av ho mor, er det same som både eg og syster mi var ikledd då vi drog heim frå Haukeland sjukehus for 32 og 34 år sidan. Tenk at eg snart kan kle mi eiga dotter i dei same kleda som eg sjølv vart henta heim i for over 30 år sidan!

søndag 10. april 2011

Helgas gratis- og brukt-funn

På laurdagens bytur gjekk vi tilfeldigvis forbi ein blome-butikk på Majorstua som skulle avviklast, alle varene var sett ut på gata og ALT saman var gratis! Slikt gledar eit lite gjerrigknark-hjarte som mitt! Vi plukka med oss nokre fine potter, fleire nydelege tulipan- og rose-buketter og diverse småting som gåveband og kort (og eit raskt overslag viste at verdien av alt saman kom på langt over 1500 kroner!) På heimturen oppdaga vi så ein fin-fin bruktbutikk på Holbergs plass (eg hugsar ikkje namnet på butikken, men den ligg iallfall inne i ein bakgard rett ved sidan av 7-Eleven). Der fann eg nokre fantastisk fine øyredobbar, samt ein bambi i porselen som no prydar skjenken vår. Ser dessutan at vårens loppemarknader her i Oslo er i full gang og håpar difor eg rekk innom nokre av desse før minien meldar sin ankomst - noko som kan skje når som helst no...