søndag 20. februar 2011

Kul stelleveske i retro-stil

I dag har vi gått til det store steget og kjøpt oss barnevogn! Valet fall på Emmaljunga City Cross, svart og med 4 hjul. Fin! Men, nok om den. Det følgde nemlig ikkje med stelleveske, så då måtte eg "diverre" handle meg ei stelleveske ein anna plass. Gjennom nettbutikken Lilleprinsen kjøpte eg difor ei stelleveske frå Lin & Leo. Stelleveska er i skinn - mogleg det er upraktisk i vær og vind, men den er jo så fiiin! Og viktigast av alt; den kan brukast som vanleg veske/bag når den ikkje lenger vil ha funksjon som stelleveske.

Inni er det polkadott-mønstra fôr, fleire lommer og ei eiga stellematte. Gler meg til å ta den i bruk!


Begge foto er frå: www.lilleprinsen.no

6 kommentarer:

Cecilie sa...

Den var fin, Ragnhild! Tipper du kommer til å bli fornøyd med den :)

Ragnhild sa...

Bra val av vogn;-) Vi har den same, og er særs godt nøgde. Stelleveska var superfin!

Vi kom forresten på litt seint at det ikkje følgjer med trekk på sportsvogna, så kjøp det no medan fargen de vil ha, framleis blir produsert. Vi måtte kjøpa trekket i ein litt annan farge enn sjølve vogna fordi dei ikkje lenger hadde inne trekket i same farge.

woxop sa...

Utrulig kuuul stelleveske, trudde ikkje det fantest slike. Merker at minstemann snart er 5 år, eg som framleis trudde han nesten var som "nyfødd" å rekne...Hi...Hi. Det som er mest skremmande er vel at eg er 5 år eldre uten at eg er klarover det. Tida går så ekstremt fort etter at desse småtrolla kjem til verden. Nyt tida framover i fulle drag:)

missM sa...

Så stilgi veske, skinn er jo det fineste man kan få, og at du kan bruke den etterpå er jo bare knall. Elsket også prikkene inni, når jeg en dag får barn skal jeg helt klart ha en kul stelleveske :)

Heidi / I'm with Leia sa...

Super kul stelleveske - liker at den ikke skriver 'stelleveske'. Skal tipse vennina mi om den, hun kunne nok tenke seg en som ligner nå hennes lille kommer :)

Anonym sa...

Hei og takk for koselig kommentar på bloggen min:) Gratulerer med veksande mage! Stelleveska var misunnelsesverdig...men passar ikkje heilt inn i mitt studentbudsjett dessvere. Vi skal kjøpe samme vogn. Har skaffa bag, og prøvar å finne ut kva farge vi vil ha på sportsdelen. Ikkje så lett å bestemme seg!

Smekkene eg syr er stort sett i to lag stoff, med mindre stoffa er veldig tynne/slitt. Då brukar eg tre. Kos deg vidare med sying og redebygging!