torsdag 24. mars 2011

Babytepper

Babytepper kan ein visstnok ikkje få nok av, og vi har difor alt skaffa oss tre herlege, mjuke babytepper i ull, til bruk i både seng, vogge og vogn, og elles der den vesle måtte ha behov for å ha noko varmt og mjukt å anten liggje på eller tullast inn i.



Det kremkvite teppet er strikka av ei venninne av den komande farmora på Lillehammer, og er laga av alpakka-ull. Det lavdendel-farga teppet i midten er laga av merino-garn frå Nøstebarn og er strikka av den komande mormora, medan det muldvarp-farga teppet frå LilleLam var noko av det aller første vi kjøpte oss då vi fann ut at vi skulle ha barn, og er kjøpt på Steen & Strøm. Når mi venninne, Ellen, kjem tilbake frå opphaldet sitt i Los Angeles får vi dessutan ytterlegare eit baby-teppe; eit vogn-teppe som ho heklar på i ledige stunder. Gler meg stort til å få både venninne og babyteppe heim til Oslo!

5 kommentarer:

Vigdis sa...

Så fine babytepper!

Mamma strikket også nøstebarnteppe til prinsessa, det er enda i bruk. Ellers har vi gått over til å ha et i bilen også nå...

Ragnhild sa...

Heilt rett! Ein kan aldri få for mange ullpledd med baby i hus. Eg hadde faktisk tenkt å blogga om pledda våre;-) Superfine pledd har du i alle fall fått/skaffa!

Thea sa...

Så fine og gode babytepper. Den lille er heldig:) Eg likte godt det lavendelfarga teppet.

Åpent^hus sa...

så fine
herlige farger
ok at jeg låner et bilde fra deg?

sommerhilsen
Åpent^hus

rangla79 sa...

Heilt i orden Åpent^hus