søndag 20. mars 2011

Nytt, lyst soverom

Sidan vi snart blir tre her på Tøyen var det på tide å gjere noko med soverommet vårt for å få betre plass til barneseng, samt litt ekstra oppbevaringsplass (til dei enorme mengdene med ustyr som ein liten baby treng!). Samstundes målte vi veggane og kjøpte oss ny kommode pluss ei ny lystett rullegardin. Elles er rommet møblert med både gamalt og arva; skittentøyskorga er frå Fretex, medan senga er foreldra mine si gamle 70-talsseng. Sengeteppet har eg hatt sidan eg var lita og er hekla av ei eldre dame som ofte var på besøk hos oss.




Kjolene frå då eg sjølv var lita, heng klar på den nye, fine "Hang it all"-knaggen vår!

6 kommentarer:

Ragnhild sa...

Å, så fint! Herlege fargar! Heldig unge:-)

hibuskas sa...

Men hvor har dere fått tak i den kule barnesenga? Den likte jeg! Vi blir snart 3 her borte også! :)

Siri @ Strikk og tøys sa...

Nydelig! Så mange fine farger og detaljer :-D Digger virkelig de knaggene.

missM sa...

så fint rom. og det sengeteppet ditt var bare helt nydelig. Så fint at du har tatt var på slikt!

Rangla sa...

Barnesenga er kjøpt hos Sprell, og heiter Kili (ein klassikar frå 40-talet som tidlegare heitte Juno).

Rosa sa...

Så mange fine ting!! Skulle gjerne hatt både "Hang it all" og sengeteppet:-)

Også kan det hende du bør ta deg en liten tur inn til meg å lese dagens innlegg.... *fnis*

Håper du har en fin onsdag:-)

Klem, Rosa