Cupcakes er visstnok "so last year". Til og med dei søte, små og fargerike makronane er avleggs. No er det Cake Pops som den store, nye trenden. Så langt har ikkje eg kome, men eg kjem truleg med eit blogg-innlegg om desse små kakene på pinne til neste år ein gong, når ytterlegare ein kaketrend har oppstått... Eg er altså framleis på Cupcakes-stadiet. Og her ein dag rakk eg til og med å bake nokre av desse søte godsakene - heilt frå grunnen av! Det har nemlig blitt ein del 1-2-3-kaker i det siste - grunna eit krevjande lite vesen som har kome i hus...
Oppskrifta på den rosa glasuren er som følgjande (og passar for øvrig til alle typar muffins):
100 gram kremost naturell
1 ss sitronsaft
1 ss vaniljesukker
Ca. 450 g melis
Raud konditorfarge
Pynt med det du har!
2 kommentarer:
nydelig blogg! BJ pratet om deg vet du ; )
Takk, for det! .-)
Legg inn en kommentar