No har eg omsider vore på loftet og jobba meg inn til øskjene med leikar, bøker og spel frå barndomen min. Barbiedokkene, babydokkene og Lundby-dokkehuset mitt får bli att på loftet til den vesle dama vår vert litt eldre (og får finmotorikken i orden..). Her er litt av det som vart med ned i leikekassa hennar:
Ei nydeleg biletbok, som tydelegvis har vore hyppig lest! Godt slitt i kantane!
|
Desse eventyrbøkene med bevegelig bilete utanpå hadde eg og syster mi fleire av, og eg hugsar framleis kor kjekt det var å vippe biletet att og fram for å kunne sjå dei to ulike motiva som då synte seg. |
|
Jason på ferie - ei av favorittbøkene! |
|
Enkle puslespel i tre |
|
Klassisk kuleramme frå BRIO |
Artig dokke |
|
Den gamle paraplyen min i barnestorleik er den vesle dama våre sjølvsagt alt for lita til å bruke, men den måtte likevel forevigast. Litegrann falma etter tidas tann, men framleis heil og fin i både spilar og stoff. Og så fine illustrasjonar!
Og til slutt den blå trekk-opp-pusen som kan gå rundt og rundt medan den viftar med halen (ein hale som er veldig god å sutte på iflg. den vesle dama vår!) |