lørdag 31. mars 2012

Ny bustad, ny bydel! (Nytt bloggnamn?)

Vi har kjøpt oss ny bustad; ei større leilegheit "lenger opp i bakken". Nærare bestemt Tiedemannsbyen på Ensjø. Vi ser fram til å flytte ein stad med plass til vaskemaskin og tilgang til heis, og ikkje minst større plass! I tillegg set vi stor pris på at det er eit nytt prosjekt og at alt er flunkande nytt! Det vi derimot ikkje ser fram til er å flytte frå den fantastisk solrike balkongen vår med utsikt over vakre, vakre botaniske hage. Men noko må vi vel forsake no når vi har eit lite vesen som krev sitt. Vi får berre nyte den siste sommaren vår her på Tøyen før innflytting i løpet av hausten ein gong.


Romplanen i vår nye leilegheit som ligg i 5. etg.
(Ill. frå www.tiedemannsbyen.no)

Området, slik det vil sjå ut når alt står ferdig i løpet av 2013.
(Ill. frå www.tiedemannsbyen.no)

Så; ny bustad, og ny bydel. Då bør vel bloggen min endre namn?? Men til kva? Forslag takast imot med takk! :-)

God helg!

3 kommentarer:

Tove Karoline sa...

Har ingen andre forslag enn Ragnhild i blokk (bokstav på blokka) som Aurora i blokk Z.

Heldige dokke, her hos oss kostar nye 4-roms leiligheiter frå sånn ca 7 mill...Meldte meg inn i Vestbo, men måtte fort legge prospektet i papirkorga.

siri ore elle sa...

Hei på deg!
Så gøy med ny leilighet!!
Blir spennende det!!
Vi flyttet i fjor, etter 18 år i samme hus, til et gammelt oppussingsobjekt....Men angrer ikke:-)))
Deilig med alt nytt og større plass for dere!!
Fin kveld og morgendag til deg!

Klem

Benedikte sa...

Gratulerer med ny leilighet! Spennende og så deilig med alt nytt! :)