tirsdag 17. august 2010

Vi vandrar saman

Herr og Fru Lukkelege på Tøyen! :-)
Foto: Joakim Slørstad

Vi vandrar saman
- Olav Stedje -

Så kvil deg no min kjære
Lat kroppen din få fred
Eg ser augo dine smile
Når du stille legg deg ned.
Vi har vandra gjennom dagen
Vi har saman gjeve han liv
Og når alle lydar stilnar
Slik som kvitringar i siv.

Ooh, vi vandrar saman
Eg følgjer der du går
Ooh, gjev meg handa
Lat månader bli år.

Så takk då for ditt ljose smil
Og takk for dine ord
La all mi glede stige
Slik som tonar frå eit kor.
Og stille kjem no natta
Og ditt ansikt fell til ro
Så godt å vera saman
Så godt å vera to.

Ei fantastisk kjekk bryllaups-helg er vel overstått. Vigsel og middag på fredag, vennefest på laurdag og familie-brunch på sundag. Det vart jammen ei 3 dagars bryllaups-feiring på oss! Fint å vere gift med den aller finaste (og danse brurevalsen til Olav Stedje's vakre kjærleiksvise)! :-)

fredag 13. august 2010

Fredag den 13. - ein lukkens dag!

I dag er vår store dag! Sjølvaste bryllaupsdagen! Og eg er (førebels...) fullstendig avslappa og har til og med tid til å leggje inn eit kjapt og lite innlegg medan eg drikk dagens første kaffikopp!


Min komande ektemann har laga fin hugselapp på tavla. Sånn i tilfelle vi skulle gløyme det.


Her i Oslo er det i dag lyn, torden og striregn. Strålande... At nokre seier at regn i sløret betyr lukke er heilt klart berre for å trøste ulukkelege brurer, for det er på ingen måte stas at det regnar! Men det er ingenting å gjere med det, og eg trur uansett at dagen i dag blir kanonfin! Dessutan har eg fin-fin paraply som passar brurekjolen perfekt! :-)


Leskande drikkevarer til kvelden!


Gjesteboka vår, med nydeleg bryllaupsmotiv - kjøpt hos Bookbinders Design.


Og her er endeleg "noko lånt" på plass; gullring med kamèdame lånt av ho mor, ei kjærleiksgåve frå han far! Så då er det berre å gjere seg klar til vigsel om nokre få timar... :-)

mandag 2. august 2010

Inspirasjon og stolne idear...

I gårsdagens horoskop i VG stod det mellom anna følgjande å lese om dei som er fødde i fiskenes teikn: Det er tid for å vise litt mer av deg selv enn du ellers gjør, kanskje ved å presentere noe du selv har laget. Eg tek sjølvsagt horoskopet mitt på yttarste alvor og her er difor resultatet av dagens smykkemakeri!


Eg innrømmer gjerne at ideen ikkje er min. Kusina mi Silje hadde ein dag på seg eit undulat-smykke som ho hadde ho kjøpt på vintagebutikken Frøken Dianas Salonger på Grünerløkka. Eg synst det var grådig fint og vart inspirert til å lage mitt eige undulat-smykke sidan det såg nokså enkelt ut å mekke det sjølv (at eg vart inspirert høyres uneketeleg betre ut enn at eg har stole ideen til  kven som enn har laga det opphavelege smykket...)

På tur i København fann eg dei same undulatane i ein leikebutikk, og saman med nokre av mine gamle leike-plastdyr fekk figurane no nytt liv som smykker. Eg veit ikkje kor fint det er å gå rundt med grisar, sauar, høner eller kyr rundt halsen, men heste-figurane var fine å bruke!


I København kjøpte eg òg med meg bittesmå krokar til å skru inn i figurane, og kjedene eg har brukt er både gamle avlagde smykker frå smykkeskrinet mitt, og kjøpte metervis hos Panduro.


No er eg på leit etter dådyr og ugler som eg òg har lyst å lage smykker av! :-)

torsdag 29. juli 2010

Shopping i Køben

Førre helg drog vi til København. Ein by eg tidlegare berre har vore i to gongar, men då berre på gjennomfart på veg til Roskilde for godt over 10 år sidan (og eg var vel strengt tatt berre innom Tivoli og Christiania...) Denne gongen var det hotell, shopping og sjampanje på agendaen. Eg trur eg aldri før har drege kortet mitt så mange gongar som eg gjorde i København. Absolutt ein av dei beste - og finaste - shopping-byane eg har vore i!


Vi smaka vel på det som fanst av  øl-sortar, både lyst, mørkt og kvitt (!) øl gjekk ned på høgkant...


På veg oppover i Rundetårnet.


Kyssebænken i Rundetårnet...


Cafè Understellet... 


Nyhavn.


Kanal-tur gjennom København. Her under ei veldig låg bro.


København er full av slike fargerike butikkar. Eit eldorado for meg!



Ekstremt mykje syklar, sykkelparkeringar og ikkje minst godt utbygde sykkelvegar i København. Noko Oslo burde ta lærdom av!


Vårt vesle utval av bruktkjøp. Den runde Erik Kold-plastboksen med gule blomar er dansk design frå 70-talet. Dei er enkle å få fatt i i danske bruktbutikkar, medan dei ofte er dyre bruktkjøp her i Oslo. Frå før har eg ein raud spagettiboks arva frå ho mor, samt ein brun kaffiboks kjøpt på loppis. Boksane finst i mange glade fargar og former, og er fine samleobjekt. Teakbrettet vart vårt for 20 kroner og vart som nytt med eit par omgangar med teak-olje. Kvite solbrillar kjøpt i Vintage-butikk.


Og til slutt eit utval av shopping-galskapen min... Gummidyra har eg planar å lage smykker av. Hestane er mine barndoms leikedyr, medan fuglane kjøpte eg i ein leikebutikk som hadde 50 % på alt. Barbapapa-sparebøssa og BRIO-ranglene er også frå same leikebutikk. Den svarte, store veska er i mjukt deilig skinn er blitt mi absolutte favoritt-veske (inntil vidare!). Dei to polkadott-prikkete blusene er også halv-pris-kjøp frå ein av Københavns mange kule butikkar; Rude. Tre-fuglane er Kristian Vedel-design og den vesle familien på to som vi hadde frå før vart no fulltallig då vi kjøpte med oss heim siste tilskotet til familien; tjukkas-fuglen. Fuglane kan endre sinnssteming frå glad, trist, nyfiken og mistenksam ved å vri på hovuda deira. Hos oss er sjølvsagt nebbet alltid opp - optimistiske som dei er! Boksen er innkjøpt med tanke på å oppbevare bryllaupskorta vi håper å få til vår store dag 13. august... :-)

torsdag 22. juli 2010

Gløtt frå ein Vestlandsferie


Herleg å setje seg i bilen med kaffi på termosen, niste i matboksen og Elvis på dashbordet, køyre gjennom storslegent landskap på veg vestover og ha god tid til å stogga fleire stadar undervegs.


I Lærdalsdalen står dette vesle huset, med trappa på den eine sida og døra på hi sida. Iflg. lokalavisa Firda er dette grunna ei usemje mellom to brør om kva vegg inngangen skulle vere på...


Gamle Lærdalsøyri med vakre gamle trehus, koselege kafear og hyggjelege bruktbutikkar (som diverre var stengde alle som ein).


Rastepause før vi vitja bokbyen Fjærland. Den gamle niste-boksen med tre lag inni har eg fått av farmor, og er perfekt å ha med på lengre turar!

Min komande mann på ein benk på kaia.

Herlege omgjevnadar å handle bøker i.



Bruktkupp gjort i Førde. Fint å kunne handle brukte gjenstandar som faktisk kostar under 20 kroner (noko som omtrent ikkje er mogleg i Oslo). Ei retro vegglampe til 20 kroner, kvitt perlekjede til 5 kroner og fargerike 70-tals glasbrikker til 2 kroner stykket vart med oss heimatt (dvs. perlekjedet er det vel mest eg som kjem til å bruke...).

Vi nytta mesteparten av tida heime i Vevring til fisking, og fekk m.a. torsk, lyr, makrell, berggylt og laks. Alt saman vart fryst ned og teke med tilbake til Tøyen.

Vel heime på Tøyen laga vi nydeleg fiskemat; kokt makrell med agurksalat og kviltauksrømme. Fisk smakar sjølvsagt aller best når den er blitt trukke opp frå fjorden av oss sjølve! :-)

Framleis god sommar! No er det heisatur med danskebåten til København som står for tur!

onsdag 21. juli 2010

Street Art Norway

Heilt sidan eg for første gong bladde i Banksy; Wall and Piece har eg vore fascinert av dei mange politiske, satiriske og humoristiske kunstverka som den engelske grafittikunstnaren Banksy har laga - meir eller mindre ulovleg - på vegger i bybiletet, særskild i London, men også i andre byar over heile verda. Boka - eller rettare sagt bileta - er både morosame og triste, men mest tankevekkjande, og eg blir aldri lei av å bla i denne boka.

Foto: Adrian Pingstone, Wikipedia

Det er òg morosamt å lese om dei mange tekstane han har laga. Han har m.a. besøkt fleire dyreparkar og klatra over til dyra der han har skrive "Vi er lei av fisk" hos pingvinane og "Jeg vil ut. Det er for kaldt her. Dyrevokteren lukter. Kjedelig, kjedelig, kjedelig" hos elefantane (denne er vel mest trist...). Ein liten finurlegheit er òg sitatet på baksida av boka: "There's no way you're going to get a quote from us to use on your book cover" (sitat frå ein talsperson for polititet). For ikkje lenge sidan kom ei liknande bok ut i her i Noreg; Street Art Norway, og i dag kom den endeleg i postkassa mi!


Biletet som ligg bak bloggtittelen min har eg teke i Lofoten, nærare bestemt på Borg på Vestvågøy - like i nærleiken av Liland der mor mi kjem frå. Flugesopp-jenta er måla av gatekunstnarane Dolk og Pøbel, og huset dei har måla på er bygda sitt gamle meieri. Det som eg synst er spesielt kjekt med nettopp dette måleriet er at eg sjølv har ein relasjon til huset, og har òg vore inne i det. I dette huset budde nemlig grandtanta mi i for mange år sidan.


På kortveggen på same hus er Batman og Robin måla, begge som eldre karar. Dette er også det einaste huset i Lofoten eg har kome over. Men Dolk og Pøbel har måla på eit tjuetals hus rundtomkring på Vestvågøy. Prosjekter deira heiter Ghetto Spedalsk og målet til dei to street art-kunstnarane har vore å flytte det urbane kunstutrykket ut i ingenmannsland. På fråflytta og falleferdige hus målar dei opp motiv som dekkjer heile veggen. Samstundes har eit og anna hus visstnok fått vitjing på innsida… Dei fleste veggmåleria er utan namn og tittel fordi kunstnarane ønskjer at publikum skal få tenke og kome med si eiga tolking. Det skal òg nemnast at dei to kunstnarane alltid ber om løyve frå eigarane før dei målar på husa.


Dette biletet av flugesopp-jenta har svogeren min teke, og planen vår er å kopiere det opp i stort format, anten på lerret eller som plakat, og hengje biletet på stoveveggen vår. Eg ventar berre på Fotoknudsen.no sitt jamlege tilbod med 25 % rabatt på lerret...

Foto: Joakim Slørstad 2009

I år vart det diverre ingen Lofoten-tur på oss, då det istaden var Vestlandet som stod for tur, men neste gong vi dreg nordover er planen å dra på ein "street art-rundreise" på Vestvågøy for å lokalisere og fotografere veggmåleria. Det finst ingen oversikt over kor "husan" med veggmåleri ligg, då det er opp til publikum å oppdage dei på rundreise i vakre, vakre Lofoten.

lørdag 10. juli 2010

Sommar-kjensle med heimelaga sushi og søte jordbær

Endeleg har eg òg sommarferie, og kva er vel betre enn å innleie ferien med sushi og jordbær? Sushi er enkelt å lage, i tillegg til at det er grådig sunt og ikkje minst ypparleg som sommarmat! Eg lagar sushi på aller enklaste vis; maki-rullar med avokado og laks frå frysedisken. Ein kan sjølvsagt vere meir kreativ og avansert enn dette ved å bruke fersk kvit fisk, salma-laks og/eller kamskjell, men dette blir fort dyrt, og frossen laksefilet frå frysedisken fungerar heilt fint. Eg synst makirullane blir aller best med avokado, men både agurk, gulrot og purre kan brukast. I tillegg må ein ha sushi-ris (grøtris kan brukast som erstatning), sushi-eddik, nori-tang, ingefær, ein god soyasaus, wasabi og evt. sesamfrø til å strø oppå.










No står Sunnfjord, København, Oslo og Bergen for tur dei neste tre vekene!

God sommar!

fredag 9. juli 2010

Det lønar seg å klage...

... når ein kjøper sjokolade med feil! Då det vart oppdaga ein liten trebit inni ein klump med m-sjokoladar sende eg beinveges ein e-post til Freia. Dei melde tilbake om at trebiten var ein del av eitt eller anna kakao-tre, orsaka seg og lova å sende ei erstatning - som eg sjølvsagt visste dei ville gjere. Man har då klaga tidlegare! Førre gong var det ein Troika som - tenkje seg til! - mangla ein av dei tre viktigaste ingrediensane, nemleg marsipanen! Den gongen fekk eg òg tilsendt ei øskje med assortert godis (frå Nidar), som var ei fin erstatning å få for den traumatiske opplevinga det var å finne favoritt-sjokoladen sin utan det særs viktige marsipan-laget.


Helga er redda etter god sørvis frå Freia! Den mørke sjokoladeplata med pasjonsfrukt var for øvrig utruleg god!

God helg!

mandag 5. juli 2010

Helg i heimen

Etter ein hektisk juni-månad med eitt eller anna på agendaen kvar einaste helg, var det deilig med ei heil helg utan nokon form for avtalar eller plikter. Helga vart difor i stor grad nytta til avslapping og kos, god mat og drikke, park-liv og shopping, men mest av alt; tøys og fjas i heimen. Og aller helst ute på balkongen i sola - medan vi ventar på ferien som straks er her. Ha ei fortreffeleg veke! :-)