torsdag 31. mars 2011
torsdag 24. mars 2011
Babytepper
Babytepper kan ein visstnok ikkje få nok av, og vi har difor alt skaffa oss tre herlege, mjuke babytepper i ull, til bruk i både seng, vogge og vogn, og elles der den vesle måtte ha behov for å ha noko varmt og mjukt å anten liggje på eller tullast inn i.
Det kremkvite teppet er strikka av ei venninne av den komande farmora på Lillehammer, og er laga av alpakka-ull. Det lavdendel-farga teppet i midten er laga av merino-garn frå Nøstebarn og er strikka av den komande mormora, medan det muldvarp-farga teppet frå LilleLam var noko av det aller første vi kjøpte oss då vi fann ut at vi skulle ha barn, og er kjøpt på Steen & Strøm. Når mi venninne, Ellen, kjem tilbake frå opphaldet sitt i Los Angeles får vi dessutan ytterlegare eit baby-teppe; eit vogn-teppe som ho heklar på i ledige stunder. Gler meg stort til å få både venninne og babyteppe heim til Oslo!
søndag 20. mars 2011
Nytt, lyst soverom
Sidan vi snart blir tre her på Tøyen var det på tide å gjere noko med soverommet vårt for å få betre plass til barneseng, samt litt ekstra oppbevaringsplass (til dei enorme mengdene med ustyr som ein liten baby treng!). Samstundes målte vi veggane og kjøpte oss ny kommode pluss ei ny lystett rullegardin. Elles er rommet møblert med både gamalt og arva; skittentøyskorga er frå Fretex, medan senga er foreldra mine si gamle 70-talsseng. Sengeteppet har eg hatt sidan eg var lita og er hekla av ei eldre dame som ofte var på besøk hos oss.
onsdag 23. februar 2011
Fin gåve frå WOXOP
I dag fekk eg gåve i posten frå den fine nettbutikken WOXOP! Sååå kjekt!

WOXOP er ein nettbutikk som vert drive av to sysken med base i heimbygda mi, Vevring i Sunnfjord. Dei to syskena har brukt sine erfaringar innan møbel, innreiing og grafisk design til å utarbeide produkta og varemerket WOXOP. Dei lagar skapmodular og knaggar som kan kombinerast og tilpassast ved hjelp av fargerike hyller, dører og ikkje minst; magnetiske buttons.
Då eg opna gåva fann eg ein stor knagg, samt 4 ulike buttons slik at eg enkelt kan endre stil og uttrykkpå knaggen. Sjå berre her (og ta sjølvsagt òg ein kik inn i sjølve nettbutikken):
Legg særskild merke til brureparet på den nedste buttons'en. Det er oss to på Tøyen det! :-)
PS, og absolutt verdt å merke seg:
for kvart WOXOP produkt som vert seld, vert det planta eit nytt tre gjennom prosjektet ”Trees for the future”, så løp og kjøp!
søndag 20. februar 2011
Kul stelleveske i retro-stil
I dag har vi gått til det store steget og kjøpt oss barnevogn! Valet fall på Emmaljunga City Cross, svart og med 4 hjul. Fin! Men, nok om den. Det følgde nemlig ikkje med stelleveske, så då måtte eg "diverre" handle meg ei stelleveske ein anna plass. Gjennom nettbutikken Lilleprinsen kjøpte eg difor ei stelleveske frå Lin & Leo. Stelleveska er i skinn - mogleg det er upraktisk i vær og vind, men den er jo så fiiin! Og viktigast av alt; den kan brukast som vanleg veske/bag når den ikkje lenger vil ha funksjon som stelleveske.
Inni er det polkadott-mønstra fôr, fleire lommer og ei eiga stellematte. Gler meg til å ta den i bruk!
Begge foto er frå: www.lilleprinsen.no
mandag 14. februar 2011
♥♥♥ Alle hjarters dag ♥♥♥
Mannen fekk nok inga gåve i dag, men eit heimelaga kort med nokre fine og velvalde ord inni fekk han!
Tips: Søte vintage-motiv er enkelt å finne ved å bruke Google sitt bilde-søk og skrive inn orda vintage valentine. Lagre bileta på PCen, skriv dei ut på fint, litt tjukt papir, klipp ut og lim på enkle eller doble kort. Enkelt, fint og billig! Her er andre fine Valentin-motiv:
PS: Vintage christmas, vintage santa og vintage angel er for øvrig supert å taste inn for å finne nydelege julemotiv til bruk på årets julekort (prøv òg christmas pinup for kule kort til mann og venninner!). For ikkje å snakke om vintage easter når du sjølvsagt sender ut alle påskekorta dine om litt. Eventuelt vintage baby om du skal lage gratulasjonskort til ferske babyer eller til dåps/namne-festen deira. For ikkje å nemne vintage birthday... Eller vintage mothersday? Vintage fathersday? Vintage halloween..? Moglegheitene er med andre ord uendeleg der ute i den store bilet-verdsveven! Ulempa er at ein eventuell tekst på korta sjølvsagt er på engelsk, men den kan ofte enkelt (og/eller om ønskjeleg) fjernast ved bruk av eit bilet-behandlingsprogram som til dømes Picasa.
Tips: Søte vintage-motiv er enkelt å finne ved å bruke Google sitt bilde-søk og skrive inn orda vintage valentine. Lagre bileta på PCen, skriv dei ut på fint, litt tjukt papir, klipp ut og lim på enkle eller doble kort. Enkelt, fint og billig! Her er andre fine Valentin-motiv:
♥♥♥ Med ønskje om ein lyserosa, sukkersøt
og romantisk Valentin-dag! ♥♥♥
og romantisk Valentin-dag! ♥♥♥
PS: Vintage christmas, vintage santa og vintage angel er for øvrig supert å taste inn for å finne nydelege julemotiv til bruk på årets julekort (prøv òg christmas pinup for kule kort til mann og venninner!). For ikkje å snakke om vintage easter når du sjølvsagt sender ut alle påskekorta dine om litt. Eventuelt vintage baby om du skal lage gratulasjonskort til ferske babyer eller til dåps/namne-festen deira. For ikkje å nemne vintage birthday... Eller vintage mothersday? Vintage fathersday? Vintage halloween..? Moglegheitene er med andre ord uendeleg der ute i den store bilet-verdsveven! Ulempa er at ein eventuell tekst på korta sjølvsagt er på engelsk, men den kan ofte enkelt (og/eller om ønskjeleg) fjernast ved bruk av eit bilet-behandlingsprogram som til dømes Picasa.
søndag 13. februar 2011
fredag 21. januar 2011
Vinn vognpose frå LilleLille hos Anna Johanna
Sidan to på Tøyen blir til tre på Tøyen i slutten av april, har vi så vidt byrja å orientere oss litt i den store vide babyutstyrs-verda. Fint lite er førebels innkjøpt, iallfall av dei litt større tinga som vogn, stellebord, seng, vogge o.l. Ein god og varm vognpose står òg på den lange, lange innkjøpslista vår, men eg har likevel forsøkt lukka hos Anna Johanna som loddar ut ein superfin vognpose frå LilleLille. Vognposen heiter Lillesommer og er ein lettare ull-pose som eg vil tru passar perfekt for eit lite vesen som kjem til verda når det byrjar å våres, i tillegg har den eit veldig kult design. Prøv gjerne lukka du òg!
tirsdag 11. januar 2011
Ny skjenk
Vi har endeleg skaffa oss noko som har stått på ønskjelista vår lenge; nemlig ein ny skjenk. Dvs. vi kjøpte den billig og brukt frå eit dødsbo. Då vi kom for å hente den vart vi overraska over kor stor den faktisk var (stakkars pappa som var med og bar, ofra ryggen sin for skjenken), men no er vi supernøgde sidan den faktisk rommar absolutt alt vi har av finare porselen, glas og sølvtøy (vi har då ein møblert heim...). Oppi skuffene fekk vi òg plass til lys, serviettar og bordbrikker, og i glasskåpet er det til og med opplegg for lys. Fine greier! Over skjenken heng vårt fine (og for øvrig einaste "ekte"...) kunstverk; eit nummerert foto frå a-ha sin promo-turne på 80-talet, teke av fotograf Janne Møller-Hansen. Biletet syner Magne Furuholmen i eit perfekt svalestup ut i eit basseng, og er både fotografens og Magnes eiga favorittbilete.
søndag 2. januar 2011
Godt nytt år!!!
Inngangen til 2011 vart feira på Tøyen med kalkun, himmelsk lapskaus (= fruktsalat), sprudlande dråper (dvs. pappas juledrikk med brus, saft og vørterøl) og fine folk!
Med ønskje om eit fantastisk godt nytt år til alle og einkvar!
søndag 26. desember 2010
Søte gleder i romjula
I år - som i alle år - har eg i staden for å bake julekaker heller laga store mengder konfekt. I år vart boksane fylt med mektige sjokoladetrøflar, mjuke fløytekaramellar, mørke mandelgubbar, søte dajm-marsipankuler og saftige kirsebær- og marsipanbitar.
Kirsebær-marsipanen er enkelt og greitt marsipan elta saman med hakka coctailbær og dyppa i smelta mørk sjokolade. Marsipankulene med tørka blomepynt innheld dajmkuler og rom, og er dyppa i smelta mjølkesjokolade.
Som pynt har eg m.a. brukt tørka kornblomst og ringblomst frå Høgt og Vilt - Urter frå Devik. Desse tørka blomane er fantastisk fine både til konfekt, kaker og salatar.
Mandelgubbane er marsipan som er elta saman med konjakk for deretter å dyppast i smelta sjokolade tilsett rista, hakka hasselnøtter.
torsdag 23. desember 2010
Gledeleg jol, godtfolk!
Julegrauten er unnagjort, hus og heim er vaska, konfekten er i boks og kofferten er pakka. Endeleg står juleferien for døra og straks dreg eg frå Tøyen og heile vegen ned til Pilestredet Park (dvs. 10 min. unna...) for å feire jul med ho mor og han far.
Med ønskje om ei fin og fredfull julehøgtid!
søndag 19. desember 2010
Farmors leverpostei
Heimelaga leverpostei er fantastisk godt, særskild når den kjem nysteikt rett frå omnen! Ho mor laga alltid leverpostei til jul då eg var mindre, men no var det lenge sidan sist. Difor tok vi i år oppatt tradisjonen og fann fram farmor si gamle oppskrift. Frysaren er no fylt opp med store mengder heimelaga leverpostei, klare til å nytast under julas mange, lange og deilige julefrukostar.
Køyrast saman i kjøkenmaskin:
600 gr svinelever
300 gr spekk
4 stk løk
5 stk rensa ansjos
4 stk kavringer (tørka brød, knekkebrød og liknande kan òg brukast)
Lag jevning:
60 gr smør
60 gr mjøl
2 dl buljong
Ha i det som er malt og varm det opp. Må ikkje koke! Kjøl blandinga ned.
Ha i:
2 ts pepper
2 ts muskat
1 ts nellik.
1 ss salt (smak til!)
Gjerne litt sukker
Skjer inn:
2 dl stivpiska fløyte
3 stivpiska eggekviter
3 eggeplommer
Ha blandinga i alum.former og steik i vassbad, ca. 175 grader i omlag 1 t. Det beste er å fryse blandinga ned i små aluminimusformer og setje formene rett i frysaren. Då kan leverposteien steikast etterkvart og såleis serverast fersk og nysteikt kvar gong. Oppskrifta gjev omtrent 6-7 almuniumsformer.
Køyrast saman i kjøkenmaskin:
600 gr svinelever
300 gr spekk
4 stk løk
5 stk rensa ansjos
4 stk kavringer (tørka brød, knekkebrød og liknande kan òg brukast)
Lag jevning:
60 gr smør
60 gr mjøl
2 dl buljong
Ha i det som er malt og varm det opp. Må ikkje koke! Kjøl blandinga ned.
Ha i:
2 ts pepper
2 ts muskat
1 ts nellik.
1 ss salt (smak til!)
Gjerne litt sukker
Skjer inn:
2 dl stivpiska fløyte
3 stivpiska eggekviter
3 eggeplommer
Ha blandinga i alum.former og steik i vassbad, ca. 175 grader i omlag 1 t. Det beste er å fryse blandinga ned i små aluminimusformer og setje formene rett i frysaren. Då kan leverposteien steikast etterkvart og såleis serverast fersk og nysteikt kvar gong. Oppskrifta gjev omtrent 6-7 almuniumsformer.
torsdag 16. desember 2010
Jul i stova
Julefreden har byrja å senke seg på Tøyen. Trollkvistane våre er ferdigpynta, årets juleverkstad/kort-produksjon er overstått og alle gåvene har kome i hus, innpakka og klare i den gamle margarin-kassa vår. I år har eg nytta meg av Frelsesarmeens Jobben sine fine til-frå-lappar; laga av gamle avkappa bokomslag, og med teksten Deilig er jorden. Fine og alternative gjenbruksprodukt!
Abonner på:
Innlegg (Atom)














