onsdag 7. april 2010

Eg har fått krøllar!

I motsetnad til store delar av Førlands-klanen, vart verken eg eller syster mi fødd med krøllar. Men medan ho fekk seg krøllar på permanentens storheitstid på 90-talet, så fekk eg aldri lov til å ta permanent - akkurat som eg ikkje fekk lov til å ta hol i øyrane før eg gjekk på ungdomsskulen fordi mamma var redd eg ville vere allergisk mot dette også sidan eg var allergisk mot alt mogleg anna. Når eg då endeleg tok hol i øyra så tok eg det til gangs; 7 i det eine øyret og 4 i det andre - det er det som skjer når ein nektar ungane noko, dei tar det att seinare. Eg spurte forresten frisøren om det var vanleg å ta permanent for tida. Og det var det visst ikkje, med mindre du var ei eldre dame på over 70 år... Men eg er no nøgd med at eg endeleg har fått meg krøllar!

5 kommentarer:

Cecilie sa...

Jeg synes du ble fin :)

Rangla sa...

Tusen takk! Eg reknar deg som ein ekspert på området! :-)

Katrine sa...

Ser veldig fint ut. Gledar meg til å sjå deg live i kveld.

Hildegunn sa...

Eg synes du vart mykje finare enn ei dame på 70!

InaMjau sa...

Så fin du ble med krøller!! :) Du har jo tatt helt av med å skrive innlegg da! Bloggen din er veldig fin!