tirsdag 13. april 2010

Timianbakt torsk med bacon og ertepuré

Eg er så heldig å ha ein far som fiskar så ofte han kan når han er heime i Vevring. Som følgje av dette plar eg ha frysaren full av torsk, sei og lyr. Men i år har det blitt lite fisking på han far, noko frysaren vår etterkvart smerteleg har fått merke, og no er han diverre tom. Difor har eg i dag - for første gong i mitt liv - kjøpt torskefilet frå frysedisken i butikken! Rare greier. Men fisk måtte vi ha, for på menyen i dag stod torsk med ertepuré.

Oppskrift 2 porsj.:
400 g fiskefilet
6 skiver bacon
Salt og pepar
Frisk timian
Olje (evt. smør) til steiking

Del fiskefileten i like store porsjonsstykker. Ha godt med salt og pepar rundt fisken. Pakk dei inn i nokre stilker frisk timian med ein eller to baconskiver rundt. Ha litt olje i ei panne og steik fiskepakkane slik at baconet brunast. Ha evt. ein klatt smør og eit knust kvitlaukfedd opp i òg, då blir smaken ekstra fyldig. Steik fiskepakkane ferdig i omn på 200 grader i ca. 10 minutt.

Ertepuré:
350 g selskapserter, frosne
1 dl kjøtbuljong
1/2 raud chili
1/2 ts sukker
1 ss smør

La dei frosne ertene koke opp. Ha ertene i ein blendar, eller køyr dei med stavmiksar, og spe med varm buljong til dei får ein passe blaut konsistens. Ha oppi finhakka chili og sukker. Rør til slutt inn smøret litt etter litt slik at pureen blir glatt og fin. Pynt med frisk timian.


2 kommentarer:

cecilieiforstaden.blogspot.com sa...

Jammen ble det ikke hvit fisk på oss begge i dag! :)

Rangla sa...

Jepp! Målet er å ete fisk 3 gonger i veka. Inkl. sushi så let det seg lett gjere! Skal prøve ut nokre av dine fiskerettar ein dag.