lørdag 17. april 2010

Pizza med crème fraîche og spekeskinke

Pizza med crème fraîche er ein supergod variant av den klassiske tomatbaserte pizzaen. Eg oppdaga pizza med crème fraîche på menyen til Hells Kitchen og seinare hos Onkel Donald. Begge var supergode, og eg bestilte dei kvar gong eg var der. Dvs. heilt fram til eg fann ut at det var enkelt å lage den sjølv. Etter ein del eksperimentering har eg kome fram til ein variant som eg tykkjer er god. Eg plar lage den med spekeskinke, men både pepperoni og reker/krepsehaler (frå lake) smakar også godt oppå. Pizza-botnen lagar eg tjukk og god, og med grovt mjøl. Så langt har eg vel då allereie brote eit par-tre italienske pizza-reglar...

Pizza-botn:
4 dl kvitt mjøl
4 dl grovt mjøl
3 dl lunka vatn
50 g gjær
3 ss olje
1 ts salt

Fyll:
1 beger crème fraîche
Spekeskinke, pepperoni eller reker/krepsehaler
Valfritt krydder (ikkje salt)
1 raud lauk, hakka eller skiva
Hakka soltørka tomatar
Kvitost til topping

Bland saman alle ingrediensane til deigen og elt godt. Lat deigen heve i 20 min.

Kjevle den ferdige heva deigen ut i ei langpanne, og hell over creme fraice iblanda valfritt krydder. Eg plar blande i kvitlauk, pepar og det eg har av grøne urter som t.d. oregano, basilikum og/eller timian. Eg brukar ikkje salt då spekeskinka (og pepperoni og skalldyr) er veldig salt frå før. Legg spekeskinke, raudlauk og soltørka tomatar utover pizzaen. Ha på reven kvitost og dryss oregano over til slutt.

Steik pizzaen på 225 grader i ca. 20 min. (til osten får ein gylden farge).

Timian gjev god smak til fyllet.













Minikjevle; fin til å kjevle ut deigen rett på plata.
Pizzasaks; heilt klart meir effektivt enn pizzahjul!
Eit glas doggfrisk øl smakar godt til!

Ingen kommentarer: