Morgongåve var opphavleg ein praktisk tradisjon der mannen gav kvinna ein sum pengar som var meint å forsørgje ho dersom ektemannen døydde. I våre dagar er det vel helst vanleg at gåva er ei romantisk og symbolsk kjærleiksgåve. Eg for min del meinte at det overhovud ikkje var nødvendig med morgongåve i forhold til vårt elles så enkle bryllaup. Men mannen min - den frekkasen - meinte at eg sjølvsagt måtte få betaling for bryllaupsnatta vår (!) og overrekte meg difor ei nydeleg øskje (med same motiv som på gjestboka vår). Oppi øskja fann eg den første plata til Melissa Horn, pluss billettar til konserten hennar i slutten av september (jippi!), bagasjelapp (med tekst basert på favorittfilmen min, Thelma & Louise), DVD'en Young Guns (favorittfilm nr. 2), nydeleg uglesmykke (som kan snus alt ettersom kva farge eg ønskjer å syne) og gåvekort på Morris (til eit nytt og heilt nødvendig veskekjøp!) Alle gåvene var midt i blinken, og syner iallfall at han kjenner meg godt, den fine, snille mannen min!
torsdag 19. august 2010
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Fint at du likte gavene! Takk for kofferten!
Legg inn en kommentar