Eg innrømmer gjerne at ideen ikkje er min. Kusina mi Silje hadde ein dag på seg eit undulat-smykke som ho hadde ho kjøpt på vintagebutikken Frøken Dianas Salonger på Grünerløkka. Eg synst det var grådig fint og vart inspirert til å lage mitt eige undulat-smykke sidan det såg nokså enkelt ut å mekke det sjølv (at eg vart inspirert høyres uneketeleg betre ut enn at eg har stole ideen til kven som enn har laga det opphavelege smykket...)
På tur i København fann eg dei same undulatane i ein leikebutikk, og saman med nokre av mine gamle leike-plastdyr fekk figurane no nytt liv som smykker. Eg veit ikkje kor fint det er å gå rundt med grisar, sauar, høner eller kyr rundt halsen, men heste-figurane var fine å bruke!
I København kjøpte eg òg med meg bittesmå krokar til å skru inn i figurane, og kjedene eg har brukt er både gamle avlagde smykker frå smykkeskrinet mitt, og kjøpte metervis hos Panduro.
3 kommentarer:
Eg ønsker meg smykke til jul..
Så fint det var med undulat smykke. Jeg har også laga noen smykker og brukt plastdyr, du finner de på bloggen min under hobby.
Hilsen Mymlen og My
Smart! Har sett disse smykkene før en plass. De er ordentlig kule!
Legg inn en kommentar