mandag 31. oktober 2011

Stol for liten og stol for stor

På ein av våre trilleturar i byen kom vi over ein bruktbutikk med konkurssalg. Dei reklamerte med 30 % avslag - eit sånn passe rart tilbod med tanke på at varene ikkje var prisa i utgangspunktet, men eg fekk iallfall kjøpe to gamle stolar for ein billig penge. Ein til oss og ein til den vesle dama vår. Den store stolen skal eg nok la vere slik den er, medan den lille, raude truleg vert måla knallraud (eller kanskje turkis?).



No er det for øvrig dags for at den vesle dama vår flyttar inn på eige rom, så eg kikar litt her og der etter fine barneromsting. Tips til fine nettbutikkar som sel barne-interiør takast difor imot med takk!

3 kommentarer:

Fies notiser sa...

Ohlala- der er jo pult-stolen fra "gammelskolen", 1.-3. klasse, tidlig på 70-tallet (bak den hvite pinnestolen din).... Heldig er den som får vokse med en sådan skatt
:-)

Men jeg husker ikke helt om den egentlig var god å sitte i....

Anonym sa...

http://www.morkarin.se har masse fint synest eg. Kjempe fine stolar:)silje.

Rangla sa...

Fies notiser; nei, stolen er nok ikkje så veldig egna til spisestue-stol, men den vil nok blir brukt som kontorstol etterkvart. Veldig fornøgd med den! Silje; takk for tips! Skal sjekke ut!