mandag 18. oktober 2010

Julekjensle i oktober

Ikkje eitt vondt ord om den norske mjølkesjokoladen, men når det kjem til ekslusiv sjokolade er det lite som slår belgisk sjokolade, og då aller helst trøflar frå sjokoladehuset Neuhaus.


Då mannen kom heim frå fotballtur til Manchester hadde han kjøpt med seg ei stor øskje med assorterte Neuhaus sjokoladetrøflar etter ei mellomlanding i Brussel. Hurra!

Sjokoladetrøflar er faktisk ikkje så veldig vanskeleg å lage sjølv, men det er ein litt omstendeleg prosess, og tar difor litt tid. Eg plar lage det til jul, og trøflar gjev meg difor julekjensla allereie no i oktober! Her er oppskrifta på dei. Bileta er av Neuhaus-trøflane, og altså ikkje noko eg har laga sjølv denne gongen, men dei liknar jo sjølvsagt veldig... ;-)

Ca. 45 stk

300 g fløyte
400 g mørk sjokolade
70 g romtemperert smør
Evt. smakstilsetjing som kaffi, likør, whiskey eller konjakk
Smelta sjokolade til dypping

Finhakk sjokoladen og ha den i ein bolle. Varm opp fløyten i ei lita kasserolle og hell den varme fløyta over sjokoladen medan du rører. Sjokoladeblandinga skal bli skinnande blank og elastisk. Rør til slutt inn smøret i små terningar, og køyr sjokolademassen med ein stavmiksar. Avkjøl sjokoladen og form den til kular/toppar. Avkjøl. Dypp trøflane i smelta sjokolade, og rull dei i kakao. Oppbevarast kjølig i tett boks.

NB: Pass på at trøflane er er ordentleg kalde slik at dei ikkje smeltar i dyppe-prosessen. Dypp dei gjerne ein gong til i smelta sjokolade for å få eit tjukt lag med sjokolade rundt trøflane før dei vert rulla i kakao (evt. melis).

onsdag 13. oktober 2010

Haust på Tøyen

Eg konstaterer meir eller mindre vantru at september månad gjekk over utan eitt einaste blogg-innlegg frå livet på Tøyen. Det er mykje eg kan skulde på; latskap, mangel på kreativitet, Min Kamp-bøkene og alle utgjevne sesongar av Dexter. Eg har likevel fått tid til å nyte hausten, med alt det den inneber av kakao, tente stearinlys, peis på TVen (genialt med DVD-peis for oss utan ordentleg peis!), lange turar i nydeleg hausvêr og ikkje minst haust-retten over alle; fårikål!


Med ønskje om ein framleis fin haustdag!