lørdag 23. april 2011

God påske!

Grunna ein termin som no nærmar seg med stormsteg (30. april!), har vi vald å feire påske i byn. Ikkje verst det med sol og temperaturar på nærare 20 grader kvar dag! Påska har difor så langt blitt brukt i solveggen på balkongen med store mengder marsipan og lesestoff, ispedd ein og annan spasertur og kafè-tur. Fint med late dagar i ein påske-stille by!




I dag fekk eg dessutan eit veldig hyggjeleg besøk frå Siri som står bak den fine bloggen Strikk og Tøys. Ho kom med trøste-premien som eg vann i blogg-lotteriet hennar; to fin-fine kopptuer i herlege påskegule fargar. Tusen takk, Siri! :-)

tirsdag 19. april 2011

Endeleg...

... fann vi kjøkenstol nummer to! Det fine retro funnet vart gjort på Finn.no, og kosta nok litegrann meir enn kjøkenstol nummer ein som vart funnen sleten og forlatt på loppemarknad. Men likevel; stor stas å finne ein heilt maken til den raude som vi allereie hadde frå før. No er kjøkenbenken vår komplett!

fredag 15. april 2011

Hentesett

No når permisjonen har starta tenkte eg det var greitt å pakke fødebagen. Oppi den fekk eg plass til den mjuke, fluffy, rosa morgonkåpa mi. Og det var igrunn det eg fekk plass til der! Då vi var på omvising vart vi nemleg råda om å berre pakke ein liten bag sidan det var avgrensa med plass på både barsel-avdelinga og på sjukehus-hotellet. Skjønar difor ikkje heilt korleis eg skal få med meg alt anna av klede, toalettsaker, lesestoff, fotoapperat og gjerne musikk (og kanskje til og med ei lita sjampanje-flaske på toppen?)... Uansett, den komande minien vår har difor fått sin eigen lille bag; ein snerten liten "Den vesle bjørnen og den vesle tigeren"-bag. Oppi der har eg pakka eit hentesett, ein body, ein pysj og eit babyteppe i ull. Treng ein nyfødd noko meir tru?

Av hentesett hadde vi opptil fleire val, både av nytt, gamalt og arva. Det rosa settet i mjuk fløyel er heilt nytt og er ei gåve frå besteforeldre på Lillehammer. Den lilla jakka med tilhøyrande hue og sokkar vart strikka av ho mor då nevøen min kom til verda i 2009. Den nydelege lyseblå jakka, hua og den kvite bomulls-skjorta vart strikka og sydd av ho mor då ho gjekk på barneskulen på 50-talet. Og til sist; det gule settet, beståande av jakke, bukse, hue og sokkar, som òg er strikka av ho mor, er det same som både eg og syster mi var ikledd då vi drog heim frå Haukeland sjukehus for 32 og 34 år sidan. Tenk at eg snart kan kle mi eiga dotter i dei same kleda som eg sjølv vart henta heim i for over 30 år sidan!

søndag 10. april 2011

Helgas gratis- og brukt-funn

På laurdagens bytur gjekk vi tilfeldigvis forbi ein blome-butikk på Majorstua som skulle avviklast, alle varene var sett ut på gata og ALT saman var gratis! Slikt gledar eit lite gjerrigknark-hjarte som mitt! Vi plukka med oss nokre fine potter, fleire nydelege tulipan- og rose-buketter og diverse småting som gåveband og kort (og eit raskt overslag viste at verdien av alt saman kom på langt over 1500 kroner!) På heimturen oppdaga vi så ein fin-fin bruktbutikk på Holbergs plass (eg hugsar ikkje namnet på butikken, men den ligg iallfall inne i ein bakgard rett ved sidan av 7-Eleven). Der fann eg nokre fantastisk fine øyredobbar, samt ein bambi i porselen som no prydar skjenken vår. Ser dessutan at vårens loppemarknader her i Oslo er i full gang og håpar difor eg rekk innom nokre av desse før minien meldar sin ankomst - noko som kan skje når som helst no...