Viser innlegg med etiketten Middagsmat. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Middagsmat. Vis alle innlegg
søndag 19. februar 2012
Sundagsmiddag på lavkarbo
Nei, eg er på ingen måte på lavkarbo-køyret. Til det er eg alt for glad i både pasta, ris, brød og potetar. Likevel vender vi stadig tilbake til denne oppskrifta som ikkje inneheld noko av dette, som er superenkel å lage og som smakar utruleg godt! Eg har ikkje den eksakte oppskrifta, då eg berre noterte ned ingrediensane og laga den etter hugset.
Ingrediensane er som følgjer:
Kjøt (vi veklsar mellom å bruke storfe- og svinekjøt)
Chèvre
Squash
Pinjekjerner
Olivenolje
Slik gjer du: Rist pinjekjernene i ei steikepanne og legg dei over på eit kjøkenpapir. Skjer squashen i lange skiver, dryss salt og pepar på dei og steik dei i olje på begge sider. Steik kjøtet. Legg squash og chèvre lagvis på ein tallerken. Legg kjøtet ved sidan av. Dryss over pinjekjerner og hell over litt olje. Dryss ev. salt og pepar over. Servèr! Enkelt. Godt!
onsdag 25. august 2010
Julia Child's portvinsaus
Etter at eg i fjor haust såg filmen Julie & Julia på kino, vart eg så inspirert av all den gode (og smør-rike!) maten at eg gjekk beinveges på antikvariatet og tinga boka Det gode franske kjøkken (Mastering the art of French cooking) av Julia Child. Eigaren av antikvariatet sa at det hadde strauma på med kundar som ønskja seg kokeboka i norsk oversetjing etter premieren av filmen, så her burde forlaget heilt klart sett sitt snitt til å trykke den i nytt opplag. Det hadde garantert blitt ein salgssuksess!
Det bør vel nemnast at vi har laga fint lite frå boka (kokebøker har diverre ein lei tendens til å bli generellt lite brukt i heimen vår). Men, til gjengjeld har vi laga den same sausen ekstremt mange gongar. Den enkle sausen består hovudsakleg av kyllingkraft, fløyte og portvin, og eg vil hevde at det er den aller beste sausen eg har smaka! Matretten heiter enkelt og greit "Kylling med fløtesaus", men sausen burde heller heite portvinsaus då det er smaken av portvin som gjer heile sausen.
Gni kyllingfiletane inn med sitronsaft, salt og pepar og steik dei i MASSE smør.
Ta filetane ut av panna og hell oppi ½ dl kyllingkraft og ½ dl portvin.
La dette koke inn ei stund og tilsett 2 dl kremfløyte.
La dette koke litt før kyllingfiletane blir tilsett mot slutten.
Ha oppi sitronsaft, salt og pepar etter smak.
Dryss over persille, og servér med steikte poteter og grønnsaker.
Det bør vel nemnast at vi har laga fint lite frå boka (kokebøker har diverre ein lei tendens til å bli generellt lite brukt i heimen vår). Men, til gjengjeld har vi laga den same sausen ekstremt mange gongar. Den enkle sausen består hovudsakleg av kyllingkraft, fløyte og portvin, og eg vil hevde at det er den aller beste sausen eg har smaka! Matretten heiter enkelt og greit "Kylling med fløtesaus", men sausen burde heller heite portvinsaus då det er smaken av portvin som gjer heile sausen.
Gni kyllingfiletane inn med sitronsaft, salt og pepar og steik dei i MASSE smør.
Ta filetane ut av panna og hell oppi ½ dl kyllingkraft og ½ dl portvin.
La dette koke inn ei stund og tilsett 2 dl kremfløyte.
La dette koke litt før kyllingfiletane blir tilsett mot slutten.
Ha oppi sitronsaft, salt og pepar etter smak.
Dryss over persille, og servér med steikte poteter og grønnsaker.
Bon appétit!
lørdag 10. juli 2010
Sommar-kjensle med heimelaga sushi og søte jordbær
Endeleg har eg òg sommarferie, og kva er vel betre enn å innleie ferien med sushi og jordbær? Sushi er enkelt å lage, i tillegg til at det er grådig sunt og ikkje minst ypparleg som sommarmat! Eg lagar sushi på aller enklaste vis; maki-rullar med avokado og laks frå frysedisken. Ein kan sjølvsagt vere meir kreativ og avansert enn dette ved å bruke fersk kvit fisk, salma-laks og/eller kamskjell, men dette blir fort dyrt, og frossen laksefilet frå frysedisken fungerar heilt fint. Eg synst makirullane blir aller best med avokado, men både agurk, gulrot og purre kan brukast. I tillegg må ein ha sushi-ris (grøtris kan brukast som erstatning), sushi-eddik, nori-tang, ingefær, ein god soyasaus, wasabi og evt. sesamfrø til å strø oppå.
No står Sunnfjord, København, Oslo og Bergen for tur dei neste tre vekene!
God sommar!
tirsdag 29. juni 2010
Salat med kylling og kikerter
Tomat- oliven- og krydder-plantane våre har vekst ein heil masse sidan vi sette dei ut i slutten av mai. Både tomatane og urtene kan haustast, medan dei grøne olivena må vi nok ha meir tolmod med - men vi ser allereie no at det byrjar å sprette ut mange små grøne oliven! Spanande!. Veldig kjekt å gå ut på balkongen for å plukke med seg tomater til middagen, og krydre den med ferske urter! :-)
Med tanke på bikinisesongen - som ikkje berre nærmar seg, men som allereie er her - så er det på tide å byrje eit litt sunnare liv. Starting from today! Etter dagens treningsøkt passa det difor fint med eit av vekas middagstips frå Apéritif; middagssalat med kylling og kikerter - grådig raskt og veldig enkel å lage. Her er den opphavelege oppskrifta, men sidan eg er sånn passe begeistra for blomkål og byrjar å klø i halsen av reddik, så byta eg dette ut med tomat og avocado.
2 pers.
1 kjøtbuljongterning
1 boks kikerter
2 ss olivenolje
2 ss hakka persille
1 fedd kvitlauk
1 hjartesalat
1 raud paprika
½ blomkål (evt. 1 avocado)
1 bunt reddik (evt. 2 tomatar)
Dressing:
2 ss olivenolje
2 ss sitronsaft
salt og pepar etter smak
Kok kyllingfiletane ca. 10 minutt i buljong på svak varme. La kyllingen avkjølast og skjær i terningar. Bland kylling med avrente kikerter i ein miks av olivenolje, kvitlauk og persille. Smak til med salt og pepar. Riv salaten i strimlar og legg paprika i terningar utover fata. Del blomkål i bukettar og skjær reddikar i to. Legg grønsakene på fat saman med kylling og kikerter. Drypp over sitronsaft og olivenolje og krydre med salt og pepar. Server kyllingsalaten med godt brød og/eller yoghurt-dressing.
tirsdag 15. juni 2010
Pai med kylling og bacon
Eg har byrja å abonnere på Apéritif sine daglege middagstips. Kjekt å få i innboksen min når eg manglar både kreativitet og idear til dagens middagsrett. Eit av tipsa siste veka var pai med kylling og bacon. Pai er for meg ein sommarrett, og smakar sjølvsagt aller best når den kan konsumerast ute i sola på balkongen vår.
125 g smør
200 g kveitemjøl2 ss vatn
Fyll:
Kjøt av ½ grilla kylling
100 g bacon
250 g kvitost
2 ss graslauk
½ ts pepar
4 egg
2½ dl mjølk
Framgangsmåte:
Smuldre smør og mjøl. Tilset kaldt vatn og lag ein jamn deig. Lat deigen stå kaldt i ca. 30 minutt. Trykk deigen ut i ei paiform og prikk den med ein gaffel. Steik botnen på 200 grader i ca. 10 minutt til den er gylden. Reins kyllingen for skinn og bein. Skjær kjøtet i passe store bitar. Steik bacon i små bitar og legg dei saman med kyllingkjøtet i det ferdige paiskalet. Bland egg, mjølk, graslauk, pepar og ost og hell blandinga over kjøtet. Steik paien vidare på 180°C i ca. 30 minutt til eggblandinga er stiv. Serverast saman med ein frisk salat med tomatar, solsikkekjerner og yoghurt-dressing med frisk timian, kvitlauk og salt og pepar.mandag 24. mai 2010
Herleg balkongliv på Tøyen
Tomatplantar, olivenplante, stemorsblomar, lavendel, tagetes, sommar-georginer, spanske margaritter og petunia vart innkjøpt og er no planta i krukker, bøtter og kasser. Kriteriane våre for val av blomar var sjølvsagt at dei treng minst mogleg stell. Og så las eg ein stad at lilla var den nye "it-fargen" for sommarblomar i år, og vi følgjer sjølvsagt trender - også når det gjeld blomar.

No ser vi fram mot lange, late, herlege dagar på den vesle, men veldig solrike balkongen vår.
Krydderurte-frø med medfølgjande polkadott-prikkete potte kjøpte vi med oss frå Berlin. Herleg å kunne plukke urter til sommarmiddagane frå vår eigen vesle urtehage.
Svært spent på oliventreet som vi aldri har hatt før. Blir fint å kunne hauste eigne oliven etterkvart!
Tomatplantane skal forhåpentlegvis halde oss med søte tomatar utover sommaren.
Ho mor lærte meg for øvrig eit par nyttige råd om tomatplantar; det bør vere to plantar attmed kvarandre slik at dei kan "bestøve" kvarandre (romantisk!). Og dei små utvekstene som poppar ut nedst på greina mot stammen skal knipast vekk då dette er noko som ho kallar "snyltarar" og som stel næring frå tomatplanten. Kjekt å vite.
I mangel på hagegnomar har vi istaden nokre yndige (hage)englar.
...og det var tid for årets første grilling og Brede sin hemmelege lune potetsalat:
700 g potetar
3 vårlaukar (evt. purre)
2,5 ts dijon-sennep
2 dl olivenolje (virgin)
3 ss kvitvinseddik
1 raudlauk
1 glas grøne oliven
Nokre skeier kapers
Litt salt og pepar
Hakka persille
Kok potetane til dei er møre. Skjer dei i bitar eller skiver. Skjær vårlauken i tynne skiver og rør saman sennep, eddik, salt og pepar. Visp inn oljen. Hell dressinga og vårlauken over potetene og bland forsiktig. Bland inn oliven og kapers. Dryss over persille til slutt.
Potetsalaten inntok vi saman med spekeskinke-kledd svinefilet med basilikum og soltørka tomatar inni.

Ha ein fortsatt deilig fridag!

onsdag 28. april 2010
Torsk med linser og ansjos-saus
Endå ein fiskerett! Denne veka har nemlig Coop Mega 40% på all fryst fisk og skalldyr frå Findus, inkl. Gourmet-torsk, som vi no har handla inn i store mengder!
Ansjos er vel strengt tatt noko eg kan styre mi begeistring for, men denne ansjos-sausen er utruleg god. Ansjosen formeleg smeltar i sausen og gjev ein herleg salt smak. Eg lagar sausen saman med kvit fisk og linser, men det er også godt med byggryn, brun ris eller poteter. Her er oppskrifta til 2 pers.:
300 gram kvit fisk, gjerne torsk
2 dl grøne linser
2 dl grøne linser
Litt buljong
Saus:
Olje
2 fedd kvitlauk
1 liten boks ansjosfilet (eg brukar Abba Makalös eller King Oscar som begge er beinfrie)
3 ss svarte oliven, hakka
2 ss kapers, hakka
2 dl matfløyte
Gjerne litt meljamning om du synst sausen vert tynn.
Trekk fisken i lettsalta vatn i 10 minutt.
Skyll linsene i kaldt vatn og kok dei saman med litt buljong til dei vert møre, tar omtrent 20-30 minutt.
Varm oljen og ha oppi hakka kvitlauk og heile ansjosboksen. Lat ansjosen smelte i oljen, og hell på fløyte og evt. meljamning . La koke i ca. 5 minutt. Ha til slutt oppi hakka oliven og kapers. Det er ikkje nødvendig med salt då både ansjosen og kapersen gjev salt smak til sausen.
tirsdag 27. april 2010
"2-stjerners" middag på Tøyen
Eg og min kjære plar sjå på serien 4-stjerners middag på TVNorge og vi blir lett inspirerte til å teste ut nokre av rettane som kjendisane serverar sine kjendis-gjestar. Denne gongen har vi latt oss inspirere av språkvitar Helene Uri sin forrett; skrei med mango og paprika. Vi gjorde den om til ein hovudrett og brukte torsk istaden for skrei. Mango er heilt klart min favoritt-frukt, og saman med chili og ingefær smakte mango-chutneyen supergodt saman med fisken.
Oppskrift 2 porsj.
300 g torsk
2 paprika
2 mango
Eit lite stykke fersk ingefær
1 raud chili
1 ss sukker
1 ss eddik
Safta av ½ sitron
Frisk koriander
Salt og pepar
Smør
Lat fisken trekke i salta vatn i 10 minutt. Skjær paprikaene i terningar og steik dei i meierismør til dei er møre. Skjær mangoane i terningar, ha dei i gryta og steik vidare. Smak til med raspa, fersk ingefær, opphakka chili, eddik, sitron, sukker, salt og pepar. Legg paprika-mango-chutneyen på tallerkenar og dander fisken over. Pynt med frisk koriander.
lørdag 17. april 2010
Pizza med crème fraîche og spekeskinke
Pizza med crème fraîche er ein supergod variant av den klassiske tomatbaserte pizzaen. Eg oppdaga pizza med crème fraîche på menyen til Hells Kitchen og seinare hos Onkel Donald. Begge var supergode, og eg bestilte dei kvar gong eg var der. Dvs. heilt fram til eg fann ut at det var enkelt å lage den sjølv. Etter ein del eksperimentering har eg kome fram til ein variant som eg tykkjer er god. Eg plar lage den med spekeskinke, men både pepperoni og reker/krepsehaler (frå lake) smakar også godt oppå. Pizza-botnen lagar eg tjukk og god, og med grovt mjøl. Så langt har eg vel då allereie brote eit par-tre italienske pizza-reglar...
Pizza-botn:
4 dl kvitt mjøl
4 dl grovt mjøl
3 dl lunka vatn
50 g gjær
3 ss olje
1 ts salt
Fyll:
1 beger crème fraîche
Spekeskinke, pepperoni eller reker/krepsehaler
Valfritt krydder (ikkje salt)
1 raud lauk, hakka eller skiva
Hakka soltørka tomatar
Kvitost til topping
Bland saman alle ingrediensane til deigen og elt godt. Lat deigen heve i 20 min.
Kjevle den ferdige heva deigen ut i ei langpanne, og hell over creme fraice iblanda valfritt krydder. Eg plar blande i kvitlauk, pepar og det eg har av grøne urter som t.d. oregano, basilikum og/eller timian. Eg brukar ikkje salt då spekeskinka (og pepperoni og skalldyr) er veldig salt frå før. Legg spekeskinke, raudlauk og soltørka tomatar utover pizzaen. Ha på reven kvitost og dryss oregano over til slutt.
Steik pizzaen på 225 grader i ca. 20 min. (til osten får ein gylden farge).
Timian gjev god smak til fyllet.
Minikjevle; fin til å kjevle ut deigen rett på plata.
Pizzasaks; heilt klart meir effektivt enn pizzahjul!
Eit glas doggfrisk øl smakar godt til!
tirsdag 13. april 2010
Timianbakt torsk med bacon og ertepuré
Eg er så heldig å ha ein far som fiskar så ofte han kan når han er heime i Vevring. Som følgje av dette plar eg ha frysaren full av torsk, sei og lyr. Men i år har det blitt lite fisking på han far, noko frysaren vår etterkvart smerteleg har fått merke, og no er han diverre tom. Difor har eg i dag - for første gong i mitt liv - kjøpt torskefilet frå frysedisken i butikken! Rare greier. Men fisk måtte vi ha, for på menyen i dag stod torsk med ertepuré.
Oppskrift 2 porsj.:
400 g fiskefilet
6 skiver bacon
Salt og pepar
Frisk timian
Olje (evt. smør) til steiking
Del fiskefileten i like store porsjonsstykker. Ha godt med salt og pepar rundt fisken. Pakk dei inn i nokre stilker frisk timian med ein eller to baconskiver rundt. Ha litt olje i ei panne og steik fiskepakkane slik at baconet brunast. Ha evt. ein klatt smør og eit knust kvitlaukfedd opp i òg, då blir smaken ekstra fyldig. Steik fiskepakkane ferdig i omn på 200 grader i ca. 10 minutt.
Ertepuré:
350 g selskapserter, frosne
1 dl kjøtbuljong
1/2 raud chili
1/2 ts sukker
1 ss smør
Abonner på:
Innlegg (Atom)