onsdag 23. mai 2012

Gamal kjole brukt på nytt

Så lenge sidan sist... Blogginga mi går ikkje akkurat så det susar for tida. Her kjem difor eit litt forelda innlegg; den vesle dama vår sin 1 års dag for eit par veker sidan. Ho har på seg min gamle kjole, innkjøpt av hennar sjømanns-morfar i Saudi Arabia.


mandag 9. april 2012

Ønskjeliste til 1 årsdag!

Om akkurat ein månad, 9. mai, fyller den vesle dama vår heile 1 år, og det skal sjølvsagt feirast stort og flott! Ho har alt plukka ut nokre sakar og ting som ho seier ho ønskjer seg, og då kan eg vel ikkje gjere anna enn å formidle det vidare til dei i familien som måtte lure :-)
Pingvin-pute frå By Nord


Duplo-boks

Raud leikekomfyr frå Brio

Sandalar til sommaren.

Sekk frå Fjellräven

Kjole i merinoull frå Lille Lam

Fine barnebøker er alltid ei kjærkomen gåve.

Dådyr-lampe frå Ferm Living

lørdag 31. mars 2012

Ny bustad, ny bydel! (Nytt bloggnamn?)

Vi har kjøpt oss ny bustad; ei større leilegheit "lenger opp i bakken". Nærare bestemt Tiedemannsbyen på Ensjø. Vi ser fram til å flytte ein stad med plass til vaskemaskin og tilgang til heis, og ikkje minst større plass! I tillegg set vi stor pris på at det er eit nytt prosjekt og at alt er flunkande nytt! Det vi derimot ikkje ser fram til er å flytte frå den fantastisk solrike balkongen vår med utsikt over vakre, vakre botaniske hage. Men noko må vi vel forsake no når vi har eit lite vesen som krev sitt. Vi får berre nyte den siste sommaren vår her på Tøyen før innflytting i løpet av hausten ein gong.


Romplanen i vår nye leilegheit som ligg i 5. etg.
(Ill. frå www.tiedemannsbyen.no)

Området, slik det vil sjå ut når alt står ferdig i løpet av 2013.
(Ill. frå www.tiedemannsbyen.no)

Så; ny bustad, og ny bydel. Då bør vel bloggen min endre namn?? Men til kva? Forslag takast imot med takk! :-)

God helg!

onsdag 28. mars 2012

Barnestolen


Å sitje i barnestol er på ingen måte ein favorittsyssel iflg. den vesle dama vår. Likefullt må ho dagleg sitje i pappaen sin gamle Sofus-stol opptil tre gongar om dagen. Minst. 


Den søte sitjeputa er frå min barndom, og passar perfekt til stolen. Men vi bør nok snart gå over til den nyinnkjøpte Tripp Trapp-stolen sidan ho så altfor enkelt klarer å klatre ut av Sofusen...


Og så var det nostalgi-bileta; mammaen (med storesysta) og pappaen på biletet under. Så kjekt å sjå dei same tinga bli brukt oppatt over 30 år seinare!

søndag 11. mars 2012

Litt meir barnerom

Barnerommet byrjar omsider å ta form, og vi har no fått inn både bokhyller og stolar, puter og teppe.


Ho elskar allereie det nye, fine, fargerike ullteppet sitt.

Den vesle Sally Ann-stolen er fin å klatre opp til slik at ho kan få tak i matrusjka-dokkene i vindaugskarmen...


Tallerkenhylle kjøpt hos Frelsesarmeens Jobben-marknad.

lørdag 25. februar 2012

Barnerommet

Den vesle dama har flytta frå oss og inn på sitt eige rom. Framleis gjenstår det ein god del; m.a. den store tallerkenhylla til bøkene hennar, ei lita bokhylle som kan stå på golvet til leikar og bøker, ein godstol og litt bilete på veggen. Men her er iallfall ein liten snikkik på deler av rommet hennar så langt.







Og så måtte vi - diverre og i mangel på eitt 3. soverom - flytte "kontorpulten" inn på soverommet...

søndag 19. februar 2012

Sundagsmiddag på lavkarbo


Nei, eg er på ingen måte på lavkarbo-køyret. Til det er eg alt for glad i både pasta, ris, brød og potetar. Likevel vender vi stadig tilbake til denne oppskrifta som ikkje inneheld noko av dette, som er superenkel å lage og som smakar utruleg godt! Eg har ikkje den eksakte oppskrifta, då eg berre noterte ned ingrediensane og laga den etter hugset.

Ingrediensane er som følgjer:

Kjøt (vi veklsar mellom å bruke storfe- og svinekjøt)
Chèvre
Squash
Pinjekjerner
Olivenolje

Slik gjer du: Rist pinjekjernene i ei steikepanne og legg dei over på eit kjøkenpapir. Skjer squashen i lange skiver, dryss salt og pepar på dei og steik dei i olje på begge sider. Steik kjøtet. Legg squash og chèvre lagvis på ein tallerken. Legg kjøtet ved sidan av. Dryss over pinjekjerner og hell over litt olje.  Dryss ev. salt og pepar over. Servèr! Enkelt. Godt!


tirsdag 14. februar 2012

Valentinsdag



Februar har sine fine dagar; morsdag, valentinsdag og, til sist, bursdag. Og alle vert sjølvsagt markert, på sitt meir eller mindre enkle vis. 


Eg er nemlig ikkje akkurat blant dei som er av den oppfatninga at valentinsdag og morsdag er såkalle unødvendige og kommersielle merkedagar, skapt av ein "grådig og utspekulert" handelsstand.  


Derimot blir eg veeeldig glad for å få ein liten blomekvast, litt sjokolade og kanskje til og med ei lita gåve? Eg synst det er heilt greitt å gjere stas på dei man er glade i, både til kvardag og fest!


Gledeleg valentinsdag!

søndag 12. februar 2012

Morsdag!

Min aller første morsdag! Marsipankake til frukost, gåve frå mannen, den vesle dama vår sin aller første tur i akebakken, solskin og snart indisk mat saman med familien! Herleg! God søndag til alle!





tirsdag 10. januar 2012

Frå barndomen

No har eg omsider vore på loftet og jobba meg inn til øskjene med leikar, bøker og spel frå barndomen min. Barbiedokkene, babydokkene og Lundby-dokkehuset mitt får bli att på loftet til den vesle dama vår vert litt eldre (og får finmotorikken i orden..). Her er litt av det som vart med ned i leikekassa hennar:

Ei nydeleg biletbok, som tydelegvis har vore hyppig lest! Godt slitt i kantane!

Desse eventyrbøkene med bevegelig bilete utanpå hadde eg og syster mi fleire av, og eg hugsar framleis kor kjekt det var å vippe biletet att og fram for å kunne sjå dei to ulike motiva som då synte seg.
Jason på ferie - ei av favorittbøkene!

Enkle puslespel i tre
Klassisk kuleramme frå BRIO


Artig dokke



Den gamle paraplyen min i barnestorleik er den vesle dama våre sjølvsagt alt for lita til å bruke, men den måtte likevel forevigast. Litegrann falma etter tidas tann, men framleis heil og fin i både spilar og stoff. Og så fine illustrasjonar!

 Og til slutt den blå trekk-opp-pusen som kan gå rundt og rundt medan den viftar med halen (ein hale som er veldig god å sutte på iflg. den vesle dama vår!)

onsdag 4. januar 2012

Spegelbilete

Hei, søta!

Du var jammen meg ei fin ei!

So fin at eg vil gje deg eit kyss midt på truten!