torsdag 29. desember 2011

torsdag 22. desember 2011

Rosa jul

Julefreden har omsider senka seg i heimen. Alle gåver er innkjøpt og utdelt, kjøleskåpet er fullt av herleg julemat, konfekt er i boks, hus er vaska og litt julepynt er sett frem. Ei stjerne i vindauget, litt englar her og nokre fuglar der, og så kan jula berre kome!






Den vesle dama vår gler seg sjølvsagt voldsomt til jul!

mandag 12. desember 2011

Lucia



Ein fast førjulstradisjon her i heimen er å bake lussakattar til Luciadagen, 13. desember. Lussekattane smakar sjølvsagt aller best saman med varm sjokolade, laga med steama mjølk som gjev herleg skum.


Dagen vart òg nytta til litt gåveinnpakking.




Den vesle dama vår lurar veldig på kva for noko spanande som gøymer seg oppi korga.

onsdag 7. desember 2011

Julekyss




Her i heimen vert det baka fint lite til jul. Derimot vert det både laga og konsumert store mengder konfekt, og då aller helst av typen som innheld marsipan. No har eg laga ein ny type konfekt; marengs eller pikekyss, eller som det heiter nett no; julekyss. Marengs er i utgangspunktet ein passe kjedeleg søtsak, men med marsipan og sjokolade vert det noko heilt anna. Nydelege vart dei! Her er oppskrifta, freidig henta frå Odense Marcipan sine nettsider.

3 stk eggekviter
1/2 ts eddik
150 g melis
125 g marsipan
1-2 ss kakao
 
Pynt:
200 g mørk sjokolade

Pisk eggekvitane stive med eddik og halvparten av melisen. Riv marsipanen på eit rivjern og bland den med resten av melisen og kakaoen. Marsipan- og marengsmassen blandast godt saman. Bruk den uhorveleg smarte dekor-pennen (som du sjølvsagt har, eller iallfall dreg for å kjøpe!) til å lage små, yndige munnfullar på ei steikeplate med bakepapir. Steik julekyssa på 150 °C i 20-25 min. Smelt sjokoladen over vassbad og smør den på botnen av kakene.



tirsdag 6. desember 2011

Jobben-julemarknad!

Førre veke var det endeleg tid for årets julemarknad i regi av Frelsesarmeen sitt Jobben-prosjekt, som eg tidlegare har omtala både her og der. Eg hadde diverre ikkje tid til å kike meg grundig gjennom alt det utruleg fine deltakarane både har funne, laga og redesigna, men på veg mot det eg først og fremst var på jakt etter - nemlig ei tallerkenhylle til barnerommet - rakk eg likevel å plukke med meg nokre aldeles kjekke ting; ei tekanne frå Figgjo porselen, ein tinn-kopp og - jippi! - ei Brio-marihøne som eg lenge har leita etter i bruktbutikkar. O'lukke!




søndag 27. november 2011

Namnefest!

No er namnefesten for den vesle dama vår vel overstått. Den store dagen hennar starta med ein fin-fin seremoni i Rådhuset med taler, sang og utdeling av namnetavle før ferda gjekk vidare til Enerhaugen der det vart servert rømmegraut og spekemat, kaffi og kaker til 14 store og 5 små.



Hovudpersonen sjølv var blid og nøgd og sola seg veldig i glansen saman med alle dei som hadde kome for å feire ho.


Ho fekk òg utruleg mykje fint; nydelege smykker i både gull og sølv, BRIO-leike, ull-jakke frå Lille Lam, kjole og ei porselens-lampe laga av kunstnaren, Hege Lothe. Den blir fin på jenterommet vi er i ferd med å innreie!


mandag 7. november 2011

Mitt aller første sy-prosjekt!



Eg har vore den glade eigar av ei fin-fin symaskin i fleire år, men den har diverre - i mangel av mine sy-kunnskaper - berre blitt brukt til opplegg av bukser, kjoler, skjørt og gardiner. Men då eg gjekk gravid sette eg meg ned og sydde to smekker - eit møysommeleg arbeid! Dette er m.a.o. det aller første eg nokonsinne har laga med symaskina mi. "Grådig enkelt" seier sikkert dei sy-kyndige der ute, men for meg var dette altså ein passe stor prestasjon!



Sidan eg sydde smekkene før vi visste om vi fekk gut eller jente, sydde eg ei "jente"-smekke og ein litt meir "gutete" smekke. Begge smekkene blir sjølvsagt brukt no når den vesle dama vår omsider har byrja å ete fast føde.


Ho verkar godt nøgd med både smekke og mat, og likar for øvrig aller best å halde skeia i eiga hand!

torsdag 3. november 2011

Gjenbruksdama III

Den vesle dama vår har ikkje berre arva klede frå meg; også frå pappaen sin har ho arva litt. Her er ho i ein heimestrikka, stripete genser (i nydelege fargar), som pappaen brukte då han var på hennar alder.




Ein brun saueskinnspose til vogna si  har ho òg fått overta etter pappaen. Den er super til kalde haustdagar!


Så gler vi vi oss òg til å få pappa sin gamle gyngehest og barnestol i hus! Fantastisk med besteforeldre som tek vare på ting!

mandag 31. oktober 2011

Stol for liten og stol for stor

På ein av våre trilleturar i byen kom vi over ein bruktbutikk med konkurssalg. Dei reklamerte med 30 % avslag - eit sånn passe rart tilbod med tanke på at varene ikkje var prisa i utgangspunktet, men eg fekk iallfall kjøpe to gamle stolar for ein billig penge. Ein til oss og ein til den vesle dama vår. Den store stolen skal eg nok la vere slik den er, medan den lille, raude truleg vert måla knallraud (eller kanskje turkis?).



No er det for øvrig dags for at den vesle dama vår flyttar inn på eige rom, så eg kikar litt her og der etter fine barneromsting. Tips til fine nettbutikkar som sel barne-interiør takast difor imot med takk!

onsdag 26. oktober 2011

Førebuingar til namnefest



I slutten av november skal vi omsider feire den vesle dama vår. Då skal vi samlast til seremoni i rådhuset der ho vil få utdelt namnetavle, før det blir fest med rømmegraut, kaffi og kaker i heimen.



På den supre butikken Folk og Røvere på Lillehammer fann eg fine bokstavlys. Veldig utplukka, men eg fekk iallfall nok lys til å kunne stave STGRTD, og då er det jo (forhåpentlegvis...) berre å skjere av utstikkarane på bokstaven T slik at namnet blir riktig på kaka. Namnet Sigrid tyder for øvrig "Vakker seier".

torsdag 13. oktober 2011

Kontorstol frå vaskekjellaren



Denne kontorstolen har stått i vaskekjellaren her i blokka vår, og eg har lenge sikla på den. Så ein dag vart vaskekjellaren stengt grunna oppussing og då den opna igjen var kontorstolen borte! Etter ein prat med eit medlem av styret fekk eg vite at stolen var stua vekk i påvente av å bli kasta. Og sjølvsagt kunne eg få den om eg ville. Hurra!



Litt usikker på om eg skal pusse og male den. Synst i grunn den er fin slik den er (kanskje berre prøve å få bort malingsflekkane) og planen er å anten bruke den som spisestue-stol eller slik namnet tilseier; som ein kontorstol.

mandag 10. oktober 2011

Saftig sjokoladekake med squash

Kaker med grønsaker er ein fin ting; dei blir så innmari saftige! No er jo allereie potet og gulrot i kaker ein kjend sak, men andre grønsaker som rødbetar og squash er også fine å bruke som kake-ingrediens. I dag har eg baka sjokoladekake med nettopp squash, og som i tillegg innheld deilige krydder som kanel og kardemomme - og ikkje minst både kakao og hakka sjokolade. Saftig, krydra og herleg! Her er oppskrifta:

2 store egg
1 1/2 dl sukker
1 vaniljestang (snitt den på langs og skrap ut frøa)
1/2 dl eplesyltetøy (eg hadde berre plommesyltetøy og det fungerte veldig greitt!)
1/4 ts salt
2 dl kveitemjøl
1/2 dl kakao
1 1/2 ts bakepulver
1 ts kanel
1/4 ts malt kardemomme
4 dl finrevet squash
100 g mørk sjokolade, hakka

Forvarm steikeomnen til 180 grader. Bruk ei lita langpanne eller ildfast form, ca. 20x20 cm. Smør forma eller dekk den med bakepapir. Bland saman egg, sukker, vanilje, eple/plomme-syltetøy og salt. Sikt i mjøl, kakaopulver og bakepulver. Bland saman med ein slikkepott. Vend inn revet squash og ha til slutt sjokoladen i. Hell røra i forma og steik i ca. 40 min. Kjenn med ein tannpirkar/fyrstikk om den er ferdig. Avkjøl på rist og dryss over melis.



mandag 3. oktober 2011

Brukt på nytt

Sigrid er så heldig å ha besteforeldre som synst det er stas å både strikke og handle fine klede til ho. Likevel synst eg det er kjekt å handle litt til ho sjølv, og aller kjekkast er det å finne fine, små skattar på bruktbutikkar. Men det er ikkje så veldig enkelt å finne fint barnetøy i bruktbutikkar som Fretex og UFF. Truleg fordi barneklede blir gjeve bort til familie og vener, men kanskje òg fordi mange ønskjer å ta vare på kleda til barna sjølv blir vaksne og får eigne barn. Sjølv ser eg helst etter fine heimestrikka plagg (som eg ikkje skjønar korleis folk kan kvitte seg med??), og av og til finn eg altså gull på stativa eller i korgene. Her er litt av Sigrid sine små strikke-plagg som no blir brukt på nytt:






søndag 28. august 2011

Rosa idyll

Før eg fekk barn himla eg med augene over alle dei som kledde jentene sine i sukkersøte rosa klede, og tenkte med meg sjølv at at når eg ein gong vart mor skulle ungane mine vere kledd i alle andre fargar enn rosa (gutane sjølvsagt i andre fargar enn blå...), og aller helst i mine gamle oransje, raude, grøne og brune barneklede. Så feil kan ein ta.


Her snakkar vi lyserosa idyll for alle penga. Yndige kjolar, søte bodyar, blomstrete bukser og pastellfarga jakker. Gjerne med accesoires som blonde-huer, rosa smokker, lyserosa koser og bittesmå ballerina-sko. Ikkje min feil at yndlingsfargen til Sigrid er rosa (og at ho kler den så godt!)...

(Som seg hør og bør ein ekte mote-blogg: Sigrid er kledd i rosa silke-hue frå Fretex, gul strikkejakke kjøpt i Australia og blomstrete sparkebukse frå Lindex. Rosa helseteppe frå då eg var baby og hekla vognteppe som er ei gåve frå ei venninne. Kaninkosene (som ALLTID må vere med på tur) er gåver frå bestemor).