onsdag 5. mai 2010

Frelsesarmeens shabby chic-marknad


Frelsesarmeens Jobben er eit fantastisk tilbod til rusmisbrukarar der det viktigste føremålet er å redusere behovet for rus og gjeve deltakarane meiningsfulle dagar ved å arbeide med ulike prosjekt. Nokre av dei støyper såpe og lys, ryddar skjærgårder og gater for søppel, produserer oppbevaringskasser frå gamle sengebotnar eller pussar opp gamle møblar. Alle møblar og gjenstandar finn dei på gjenbruksstasjonen Brobekk som deretter vert pussar opp i shabby chic-stil. På marknaden, som dei held fire gongar i året, er det mogleg å få kjøpe alt det flotte dei både lagar og finn. Her kan ein gjere fantastisk fine brukt-kupp; Stokke tripp-trapp stolar, barnestolar og vogger målte i duse pastell-fargar. Bord, stolar, kommodar og skåp som er målte eller tapetserte med nydelege tapet-restar, nytt trekk og nye knottar. Porselen, glas, bokser, måleri, lamper og andre bruksgjenstandar har ein også høve til å få kjøpt. Pengane som kjem inn går i sin heilheit til Frelsesarmeens rusomsorg - noko som sjølvsagt er eit stort pluss!















Noko av det finaste Jobben-deltakarane lagar er oppbevaringskassene dei lagar av gamle sengebotnar og skinnbelter. Kassene fås i fleire ulike fargar, både med og utan lokk og er supre til å oppbevare aviser og blader, ull-lestar og tøflar, leikar og spel, eller som hos oss; ståande ute på balkongen med sommarputene våre oppi.




Neste Jobben-marknad går av stabelen torsdag 27. mai og anbefalast på det varmaste! Sjå ein smakebit på det som kjem for sal her. Forhåpentlegvis får eg med meg heim fleire små og store skattar, à la dei eg har funne der tidlegare, samstundas som eg støttar eit viktig sosialt tiltak :-)


Den vakre 50-tals taklampa vart vår for berre 200 kroner og prydar no taket i stova vår.



Ei gamal tre-kasse frå Schou bryggeri passar fint på kjøkenbenken med raudvins-flaskene våre oppi.


Den knallraude krydderhylla har vi diverre ikkje plass til på kjøkenet vårt, men vi sparar den til vi ein gong får ein større heim med eit stooort kjøken!


Ei skjønn porselensskål med stett.

5 kommentarer:

Katrine sa...

Lampa er superkul. Eg òg har lyst på!

Hege Pauline Fjelstad sa...

Heisann :) Koselig blogg,
jeg lurte på om du ville tenkt på å selge meg den røde krydderhylla di, siden du ikke hadde plass? Jeg har så lite skapplass, så må bli oppfinnsom.

:)

Med vennlig hilsen
Hege Pauline

Hege Pauline Fjelstad sa...

min email: hpfjelstad@gmail.com

Rangla sa...

Hege Pauline, beklager, men vi har no kjøpt oss større leilegheit, og vi statsar på at det blir plass til den raude hylla der!

Anonym sa...

Hei, kan du slette innleggene mine vdr den røde krydderhylla?
:)