torsdag 29. desember 2011

torsdag 22. desember 2011

Rosa jul

Julefreden har omsider senka seg i heimen. Alle gåver er innkjøpt og utdelt, kjøleskåpet er fullt av herleg julemat, konfekt er i boks, hus er vaska og litt julepynt er sett frem. Ei stjerne i vindauget, litt englar her og nokre fuglar der, og så kan jula berre kome!






Den vesle dama vår gler seg sjølvsagt voldsomt til jul!

mandag 12. desember 2011

Lucia



Ein fast førjulstradisjon her i heimen er å bake lussakattar til Luciadagen, 13. desember. Lussekattane smakar sjølvsagt aller best saman med varm sjokolade, laga med steama mjølk som gjev herleg skum.


Dagen vart òg nytta til litt gåveinnpakking.




Den vesle dama vår lurar veldig på kva for noko spanande som gøymer seg oppi korga.

onsdag 7. desember 2011

Julekyss




Her i heimen vert det baka fint lite til jul. Derimot vert det både laga og konsumert store mengder konfekt, og då aller helst av typen som innheld marsipan. No har eg laga ein ny type konfekt; marengs eller pikekyss, eller som det heiter nett no; julekyss. Marengs er i utgangspunktet ein passe kjedeleg søtsak, men med marsipan og sjokolade vert det noko heilt anna. Nydelege vart dei! Her er oppskrifta, freidig henta frå Odense Marcipan sine nettsider.

3 stk eggekviter
1/2 ts eddik
150 g melis
125 g marsipan
1-2 ss kakao
 
Pynt:
200 g mørk sjokolade

Pisk eggekvitane stive med eddik og halvparten av melisen. Riv marsipanen på eit rivjern og bland den med resten av melisen og kakaoen. Marsipan- og marengsmassen blandast godt saman. Bruk den uhorveleg smarte dekor-pennen (som du sjølvsagt har, eller iallfall dreg for å kjøpe!) til å lage små, yndige munnfullar på ei steikeplate med bakepapir. Steik julekyssa på 150 °C i 20-25 min. Smelt sjokoladen over vassbad og smør den på botnen av kakene.



tirsdag 6. desember 2011

Jobben-julemarknad!

Førre veke var det endeleg tid for årets julemarknad i regi av Frelsesarmeen sitt Jobben-prosjekt, som eg tidlegare har omtala både her og der. Eg hadde diverre ikkje tid til å kike meg grundig gjennom alt det utruleg fine deltakarane både har funne, laga og redesigna, men på veg mot det eg først og fremst var på jakt etter - nemlig ei tallerkenhylle til barnerommet - rakk eg likevel å plukke med meg nokre aldeles kjekke ting; ei tekanne frå Figgjo porselen, ein tinn-kopp og - jippi! - ei Brio-marihøne som eg lenge har leita etter i bruktbutikkar. O'lukke!