fredag 30. april 2010

Sengemat til nybakt mor


Gleda er mest altfor stor til å bera.
Hei, vesle unge, velkommen til jord!
Ubrukt er livet ditt, ope ligg verda,
ventar, og gler seg til dine spor.
- Ingvar Moe -

Då eg vart tante til vesle Jakob i fjor, laga ho mor og min kjære rømmegraut medan eg laga kake, og så trava vi gjennom byen med ei kaketine, ei korg med gåver til den nyfødde og ei rykande varm gryte - såkalt "sengjamat". Eg veit ikkje korleis det er her på austlandet, men på vestlandet har det altså vore vanleg å gå med sengemat  til den nybakte mora. Farmor var veldig flink til halde på denne tradisjonen heime i Vevring. Ho gjekk på barselbesøk til grannar i bygda med nylaga rømmegraut og heimebakt flatbrød under armen. Denne tradisjonen prøver eg no å ta vare på og eg synst det er fint å ta med seg kake når eg vitjar venninner som har fått barn. Denne gongen er det kusina mi, Silje og hennar sambuar Magnvard, som har fått barn - ei lita jente som skal heite Astrid. Vi har no besøkt den vesle familien, og i gåve fekk Astrid dei svært søte og sjarmerande Bø og Bæ-dokkene, boka Bø og Bæ i festhumør og ei saftig og deilig sjokoladekake.

Denne sjokoladekaka er ei svært mektig kake, men den er fantastisk god! Den består av tre lag sjokoladebunnar, sjokoladekrem og marsipankrem, men det er også mango i den, noko som gjer kaka frisk og saftig til trass for all kremen. Om kaka skal bringast eit stykke, eller stå kaldt over natta, bør kakeringen vere rundt slik at ikkje all kremen sklir ut (noko eg sjølvsagt har fått erfare).

Kakebotn:
3 egg
2 1/2 dl sukker
1dl kveitemjøl
1/2 ts bakepulver
3/4 dl kakao
1 ss pulverkaffi
2 ts vaniljesukker
1/2 ts salt
3 dl kesam, 8%
2 ss smelta smør
1 ss vatn
1 ss konjakk

Sjokoladekrem
4 dl kremfløyte
100 g mørk sjokolade

Marsipankrem
150 g marsipan
2 ss portvin
ca. 100 g melis
2 dl kremfløyte

Fyll: 1 mango i terningar
Pynt: 1/2 porsjon sjokoladekrem, kakao og evt. sjokoladepynt

Pisk egg og sukker til eggedosis. Bland saman dei tørre ingrediensane og vend dei i eggedosisen saman med kesam, smelta smør, vatn og konjakk (evt. brandy). Rør lett til alt er godt blanda. Hell røra i ei form (i oppskrifta står det 24, men då er det noko vanskelegare å dele kaka i tre lag, så eg brukar 22)  og steik kaka på 200 grader, nedste rille i ca. 30 minutt. Avkjøl kaka på rist. Del kaka i tre (her brukar eg min geniale kakedelar. Anbefalast!). Kok opp fløyten og hell den over sjokoladen som er delt i bitar og rør dette jamnt og avkjøl. Pisk kremen opp med ein handmiksar. Her pleier eg å jukse litt, sidan eg ikkje har tolmod til å vente til sjokolade-kremen skal bli avkjølt. Det tar laaang tid før den bli kald nok til å piskast til krem, og bør i grunn helst lagast timar i forvegen, eller setjast i frysaren for avkjøling. Eg piskar istaden fløyten til krem, før eg blandar inn smelta sjokolade. Det fungerer like fint. Riv marsipanen grovt og rør den saman med portvin (evt. sherry) og melis. Pisk fløyte til krem og bland den saman med marsipanen. Legg ein kakebotn på eit kakefat. Dekk med halvparten av sjokoladekremen. Dryss på mangobitar. Legg på den andre kakebotnen og bre marsipankremen utover. Legg på den siste kakebotnen og smør på siste del av sjokoladekremen. Sett kaka kjølig, gjerne til neste dag. Pynt med kakao og evt. sjokoladepynt.

onsdag 28. april 2010

Torsk med linser og ansjos-saus

Endå ein fiskerett! Denne veka har nemlig Coop Mega 40% på all fryst fisk og skalldyr frå Findus, inkl. Gourmet-torsk, som vi no har handla inn i store mengder!

Ansjos er vel strengt tatt noko eg kan styre mi begeistring for, men denne ansjos-sausen er utruleg god. Ansjosen formeleg smeltar i sausen og gjev ein herleg salt smak. Eg lagar sausen saman med kvit fisk og linser, men det er også godt med byggryn, brun ris eller poteter. Her er oppskrifta til 2 pers.:

300 gram kvit fisk, gjerne torsk
2 dl grøne linser
Litt buljong

Saus:
Olje
2 fedd kvitlauk
1 liten boks ansjosfilet (eg brukar Abba Makalös eller King Oscar som begge er beinfrie)
3 ss svarte oliven, hakka
2 ss kapers, hakka
2 dl matfløyte
Gjerne litt meljamning om du synst sausen vert tynn.

Trekk fisken i lettsalta vatn i 10 minutt.

Skyll linsene i kaldt vatn og kok dei saman med litt buljong til dei vert møre, tar omtrent 20-30 minutt.

Varm oljen og ha oppi hakka kvitlauk og heile ansjosboksen. Lat ansjosen smelte i oljen, og hell på fløyte og evt. meljamning . La koke i ca. 5 minutt. Ha til slutt oppi hakka oliven og kapers. Det er ikkje nødvendig med salt då både ansjosen og kapersen gjev salt smak til sausen.

tirsdag 27. april 2010

"2-stjerners" middag på Tøyen

Eg og min kjære plar sjå på serien 4-stjerners middag på TVNorge og vi blir lett inspirerte til å teste ut nokre av rettane som kjendisane serverar sine kjendis-gjestar. Denne gongen har vi latt oss inspirere av språkvitar Helene Uri sin forrett; skrei med mango og paprika. Vi gjorde den om til ein hovudrett og brukte torsk istaden for skrei. Mango er heilt klart min favoritt-frukt, og saman med chili og ingefær smakte mango-chutneyen supergodt saman med fisken.

Oppskrift 2 porsj.
300 g torsk
2 paprika
2 mango
Eit lite stykke fersk ingefær
1 raud chili
1 ss sukker
1 ss eddik
Safta av ½ sitron
Frisk koriander
Salt og pepar
Smør

Lat fisken trekke i salta vatn i 10 minutt. Skjær paprikaene i terningar og steik dei i meierismør til dei er møre. Skjær mangoane i terningar, ha dei i gryta og steik vidare. Smak til med raspa, fersk ingefær, opphakka chili, eddik, sitron, sukker, salt og pepar. Legg paprika-mango-chutneyen på tallerkenar og dander fisken over. Pynt med frisk koriander.

søndag 25. april 2010

Bruktfunn

Vi har endeleg skaffa oss ei av dei veldig populære 60-tals lampene med tre skjermar. Hurra! Vi har lenge leita etter ei slik. Dvs. leita og leita. Man kan i grunn finne slike lamper i svært mange bruktbutikkar her i Oslo. Men alle vi har funne har kosta ein stad mellom 3000 og 4000 kroner, noko som var heilt uaktuelt for oss. Vår lampe fann vi på bruktmarknaden i Birkelunden, og den kosta "berre" 1700,-. Eg synst jo framleis dette er mykje pengar, men dog - betrakteleg mindre enn 4000 kroner. Vi er særs nøgde med kjøpet!

Fargane på dei tre skjermane gjekk tilfeldigvis også veldig godt saman med Marilyn Monroe-plakaten vår!

Og den står også godt til 60-tals lampa vi hadde frå før, arva frå mine besteforeldre.

Eg kjøpte også dette vesle eselet som trekker på ei vogn med tannpirkerer. Med ein gong eg såg den tenkte eg at ein slik hadde vi heime då eg vaks opp. Men då eg viste den til ho mor så hadde ho aldri sett den før. Hmmm... Lurar på kor eg då har den i frå? Synst iallefall den var svært sjarmerande.

Til  slutt fann eg ei fløytemugge med same motiv som mi favoritt-saftmugge, arva frå ho mor.

fredag 23. april 2010

Prisutdeling!

Hjarteleg takk til Cecilie som gav meg prisen for å ta vare på gode tradisjonar :-). Cecilie sin fine forstads-blogg er full av deilige oppskrfter og ho har dessutan inspirert meg til å kome i gang med mi eiga blogging. Eg seier også som Cecilie; det er ikkje viktig om dykk følgjer opp "krava" ved prisen, det viktigste er at dykk får vite at bloggane dykkar blir lesne og sett pris på!


Med awarden følger det en fremgangsmåte
Kopier awarden til bloggen din
Link til den personen som ga deg awarden
Fortell 7 interessante fakta om deg selv
Velg 7 andre bloggere som du sender awarden videre til
Link til deres blogger
Legg igjen en kommentar i bloggen deres slik at de får vite om denne awarden

7 fakta om meg sjølv:

1. Eg brukar ringar kvar dag, føler meg naken utan, og kan gjerne ta T-bana heim frå jobb om eg skulle finne på å gløyme å ta på meg ein ring eller to (difor hjalp det veldig at eg no har ein giftering på til einkvar tid!)
2. Eg lagar nesten berre kaker som inneheld ingrediensen sjokolade (og ete utelukkande godteri som inneheld det same).
3. I gullrekka "Ragnhild gjer ting ho ikkje kan, men prøver så godt ho kan" finn vi følgjande: decoupage, saum, gjær-bakst, strikking og no blogging.
4. Eg elskar serien "Home and away", men er lei meg for at eg aldri rekk første episode som startar allereie kl. 14.30. Kl. 16-episoden derimot...
5. Eg MÅ ha det ryddig rundt meg, men kan diverre fint klare meg utan støvsuging, vasking og støvtørking...
6. Eg elskar barnebøker med vakre illustrasjonar, tittar i dei regelmessig og er stadig på jakt etter nye og gamle barnebok-skattar.
7. Eg er halvt nordlending, halvt vestlending, men har Oslo i mitt hjarte! :-)

Eg ønskjer å gjeve awarden vidare til:

- Siri, for sine fine strikke-prosjekt, og for hennar fargerike kopptuar der to av dei snart skal bli mine!
- Ragnhild, for ein morsom og underhaldande blogg, med fin-fine bilete, og artige og nostalgiske tilbakeblikk!
- Kristine, for hennar inspirerande og kule interiør-tips.
- Monja Helene, for hennar frodige og fargerike blogg og, ikkje minst, fine nettbutikk.
- Emmeline, for hennar storarta interiør-blogg med finurlege tekstar og vakre bilete.
- Kardemomme, for dei herlege interiør-innlegga og den fine bloggtittelen...
- Sist, men ikkje minst til, Ina, for hennar kreative blogg, som førebels er veeeldig i startgropa, men kanskje denne prisen kan inspirere ho til å syne fram sine fine bilete på bloggen sin?

Med ønskje om ei fantastisk helg til alle og einkvar!

torsdag 22. april 2010

Cookies

I kveld kjem mi gode venninne Ellen på besøk. Ho skal få deilige nysteikte cookies, hyllebærsaft og eit varmt teppe rundt seg. I dag skal nemlig balkongen vår innviast for sesongen sjølv om det ikkje akkurat er noko særleg varme ute og balkongen vår framleis ser rimeleg stusseleg ut. Men med tepper, puter, ljos, cookies og saft kan vi iallefall nyte april-sola og den fine utsikta over botanisk hage.

Oppskrifta på desse cookies'ane har eg fått frå Nina (mi syster si venninne) og den gjev omtrent 25 passeleg store cookies.

125 g smelta smør
1,75 dl brunt sukker
1,75 dl kvitt sukker
1 egg
3,75 dl mjøl
1 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker
1/2 ts salt
1,5 plate kokesjokolade
Evt. 2,5 dl hakka mandlar for dei som tåler nøtter...

Bland alt ihop og sett toppar på plata og trykk dei litt ned. Steikast på 200 grader midt i omnen i 8-10 minutt. Avkjølast på plata.

onsdag 21. april 2010

Kvardagslukke...

... er å sitje i sofakroken med kosebuksa på, fukt-kur i håret, opptak av Frustrerte fruer på skjermen og, det beste av alt, ete søte appelsinbåtar frå ei fjøl med endå søtare tekst (og på nynorsk til og med!). Fjøla kjem frå Ola og Kari og er ei gåve frå min kjære.

søndag 18. april 2010

Sagopudding - snart berre eit nostalgisk minne?


Då eg vaks opp var sagopudding nærast ein daglegdags dessert, men no er det diverre sjeldan eg får den servert. For ikkje lenge sidan las eg til og med i ei avis at sagogryn var på veg ut av butikkane avdi salet hadde stupt dei siste åra. Dette fekk eg stadfesta når ho mor fortalde at ho måtte reise til Drammen for å kjøpe sagogryn etter å ha leita rundt i butikkar her i Oslo. Eg er difor redd for at sagopudding er ein dessert som  er i ferd med å forsvinne frå dei norske dessert-borda. Men heldigvis har eg ein familie som er opptekne av mat-tradisjonar og ho mor lagar altså framleis sagopudding - når ho først får tak i sagogryna vel og merke. Eg fekk sjølv lyst lyst til å prøve å lage denne desserten i helga, og sagogryn fann eg til og med i nærbutikken min her på Tøyen!

Sagopudding:
1 dl heilmjølk
11/2 dl sagogryn
1/2 dl sukker
1 stort egg (eller to små) 
3-4 romessens eller mandel-dropar

Kok opp mjølk, og dryss i gryna og kok til graut ca. 1/2 time. Ta gryta bort frå varmen. Pisk egg og sukker saman. Hell dette over grauten som setjast over varmen for å tjukne. Må ikkje koke, rør heile tida. Ta gryta bort frå plata igjen, smak til med romessens eller mandel-dropar og hell i ein fin dessert-bolle. Avkjølast.

Raud sos:
5 dl raud saft (blåbærsaft er best)
1 ss potetmjøl
Litt kaldt vatn

Eg blanda 3 dl saft med 2 dl vatn slik at det vart 5 dl saft tilsaman. Kok opp safta og rør potetmjølet og vatnet saman. Ta kjelen av plata og rør inn potetmjølet i ei tynn stråle under omrøring. Set kjelen tilbake på varmen og kok raskt opp. Avkjølast.

PS (og kanskje ikkje eigentleg så kjekt å vite): Ekte sagogryn vert laga av margen i sagopalmen, som ein finn i Søraust-Asia. Men her i Noreg vert sagogryn laga av potetmjøl.

lørdag 17. april 2010

Pizza med crème fraîche og spekeskinke

Pizza med crème fraîche er ein supergod variant av den klassiske tomatbaserte pizzaen. Eg oppdaga pizza med crème fraîche på menyen til Hells Kitchen og seinare hos Onkel Donald. Begge var supergode, og eg bestilte dei kvar gong eg var der. Dvs. heilt fram til eg fann ut at det var enkelt å lage den sjølv. Etter ein del eksperimentering har eg kome fram til ein variant som eg tykkjer er god. Eg plar lage den med spekeskinke, men både pepperoni og reker/krepsehaler (frå lake) smakar også godt oppå. Pizza-botnen lagar eg tjukk og god, og med grovt mjøl. Så langt har eg vel då allereie brote eit par-tre italienske pizza-reglar...

Pizza-botn:
4 dl kvitt mjøl
4 dl grovt mjøl
3 dl lunka vatn
50 g gjær
3 ss olje
1 ts salt

Fyll:
1 beger crème fraîche
Spekeskinke, pepperoni eller reker/krepsehaler
Valfritt krydder (ikkje salt)
1 raud lauk, hakka eller skiva
Hakka soltørka tomatar
Kvitost til topping

Bland saman alle ingrediensane til deigen og elt godt. Lat deigen heve i 20 min.

Kjevle den ferdige heva deigen ut i ei langpanne, og hell over creme fraice iblanda valfritt krydder. Eg plar blande i kvitlauk, pepar og det eg har av grøne urter som t.d. oregano, basilikum og/eller timian. Eg brukar ikkje salt då spekeskinka (og pepperoni og skalldyr) er veldig salt frå før. Legg spekeskinke, raudlauk og soltørka tomatar utover pizzaen. Ha på reven kvitost og dryss oregano over til slutt.

Steik pizzaen på 225 grader i ca. 20 min. (til osten får ein gylden farge).

Timian gjev god smak til fyllet.













Minikjevle; fin til å kjevle ut deigen rett på plata.
Pizzasaks; heilt klart meir effektivt enn pizzahjul!
Eit glas doggfrisk øl smakar godt til!

fredag 16. april 2010

Rangla på Tøyen

Arthur i neset, Steinar i hola, Henka på pallen, Agnar på myra, Ola på hogane, Jakob på myrane, Kåre med veien, Alma på resa, Ola med elva, Mathias på håjen, Ludvik under hammaren... Då eg vaks opp var dette namn på ei rekkje bygdefolk heime i Vevring. Ein omtala altså ikkje folk berre med førenamnet sitt, men knytte dei opp mot plassen dei budde. Eg tykkjer i grunn det er ei fin ordning, og det inspirerte meg til namnet på bloggen min. Eg kunne sjølvsagt kalla bloggen min Rangla på Tøyen, men synst det klang betre med Løyen på Tøyen (og fordi eg likte at det rimte!). Min kjære tykte for øvrig at dette med å omtale folk med stadnamn var ein artig greie, og undra på om det var ingen som budde i treet, i fjæra, under ein stein eller oppå ei tue :-)

Ha ein fin fredag!

tirsdag 13. april 2010

Timianbakt torsk med bacon og ertepuré

Eg er så heldig å ha ein far som fiskar så ofte han kan når han er heime i Vevring. Som følgje av dette plar eg ha frysaren full av torsk, sei og lyr. Men i år har det blitt lite fisking på han far, noko frysaren vår etterkvart smerteleg har fått merke, og no er han diverre tom. Difor har eg i dag - for første gong i mitt liv - kjøpt torskefilet frå frysedisken i butikken! Rare greier. Men fisk måtte vi ha, for på menyen i dag stod torsk med ertepuré.

Oppskrift 2 porsj.:
400 g fiskefilet
6 skiver bacon
Salt og pepar
Frisk timian
Olje (evt. smør) til steiking

Del fiskefileten i like store porsjonsstykker. Ha godt med salt og pepar rundt fisken. Pakk dei inn i nokre stilker frisk timian med ein eller to baconskiver rundt. Ha litt olje i ei panne og steik fiskepakkane slik at baconet brunast. Ha evt. ein klatt smør og eit knust kvitlaukfedd opp i òg, då blir smaken ekstra fyldig. Steik fiskepakkane ferdig i omn på 200 grader i ca. 10 minutt.

Ertepuré:
350 g selskapserter, frosne
1 dl kjøtbuljong
1/2 raud chili
1/2 ts sukker
1 ss smør

La dei frosne ertene koke opp. Ha ertene i ein blendar, eller køyr dei med stavmiksar, og spe med varm buljong til dei får ein passe blaut konsistens. Ha oppi finhakka chili og sukker. Rør til slutt inn smøret litt etter litt slik at pureen blir glatt og fin. Pynt med frisk timian.


Det er lov å kike...

... på andre brudekjolar sjølv om kjolen er innkjøpt. Eg synst denne brudekjolen er så utruleg nydeleg (kanskje minus rysjene nederst) og skulle gjerne fått meg skreddar-sydd ein liknande om eg hadde hatt masse pengar.

søndag 11. april 2010

Sundags-frukost i heimen

Eg elskar laaange helge-frukostar, med godt pålegg, kaffi og ein bunke "gamle" aviser som har hopa seg opp i løpet av veka. Eg og min kjære har våre faste rutinar og noko av det som alltid står på frukostbordet vårt i helgane er smilande egg, kaffi med varm melk og rista brødskiver med pesto. Heimelaga pesto er super-raskt å lage og smakar mykje betre enn den man kjøper i butikken. Pestoen er like god både som pålegg på brødskiva og som tilbehøyr til fisk, kjøt og pasta. Her er oppskrifta:
  • 1 basilikum-plante
  • 50 g parmesan
  • 5 ss solsikkekjerner
  • 2-3 fedd kvitlauk
  • 6 skiver soltørka tomatar (kan sløyfast)
  • 0,5-1 dl. olje (raps eller solskikke)
Køyr alle ingrediensane saman i ein kjøkenmaskin. Tilsett evt. olje litt og litt avhengig av kor tjukk du ønskjer pestoen skal vere. Eg plar ikkje bruke salt i, sidan soltørka tomatar ofte er ganske salte frå før. Men både salt og pepar kan sjølvsagt tilsetjast etter smak. Ifølgje den opphavelege pesto-oppskrifta, Pesto alla Genovese, skal det vere pinjekjerner og olivenolje i oppskrifta. Men eg tykkjer solsikkekjerner er både betre - og ikkje minst langt billigare - enn pinjekjerner. Eg tykkjer også at olivenolje set ein for markant smak på pestoen, og føretrekker heller ein meir nøytral olje som raps- eller solsikkeolje.
Ha ein fin sundag!

Heimelaga cappuccino-dryss;
bland saman 1/3 kanel, 1/3 vaniljesukker og 1/3 kakaopulver.
Oppbevar i eit krydder-glas.

torsdag 8. april 2010

Eg ønskjer meg...

... ein flodhest overstrødd med blomar ...
... og eit dådyr overstrødd med polkadotter.
Desse skjønne fata er designa av Hella Jongerius og er frå hennar serie Animal Bowls. Lurar på kor eg kan få tak i dei?

Hella Jongerius har for øvrig også designa desse fine vasene for IKEA (og som sansynlegvis er langt billigare enn flodhest- og dådyr-fata). Den kvite vasen hadde passa fint inn i heimen vår!

onsdag 7. april 2010

Dei finaste brosjene

Snella & Petronella lagar nokre superfine porselens-knappar; knappe-brosjer, knappe-ringer, knappe-øyredobbar, mansjettknappar og knappar som rett og slett skal brukast som knappar. Man kan også få laga sine heilt personlege knappar av eigne bilete. Frå mi snille syster har eg fått to knappe-brosjer i gåve. Den eine brosja seier jo sjølvsagt det sjølvsagte: My cleaning kicks ass! Medan den andre brosja har bilete av min vesle nevø, Jakob, sine vakre små føtter, forma som eit hjarte. Fine, ikkje sant? Og supre gåvetips!

Mansjett-knappane med teksten ekte og mann må jo for øvrig vere eit must til min kjære på bryllaupsdagen vår?

Eg har fått krøllar!

I motsetnad til store delar av Førlands-klanen, vart verken eg eller syster mi fødd med krøllar. Men medan ho fekk seg krøllar på permanentens storheitstid på 90-talet, så fekk eg aldri lov til å ta permanent - akkurat som eg ikkje fekk lov til å ta hol i øyrane før eg gjekk på ungdomsskulen fordi mamma var redd eg ville vere allergisk mot dette også sidan eg var allergisk mot alt mogleg anna. Når eg då endeleg tok hol i øyra så tok eg det til gangs; 7 i det eine øyret og 4 i det andre - det er det som skjer når ein nektar ungane noko, dei tar det att seinare. Eg spurte forresten frisøren om det var vanleg å ta permanent for tida. Og det var det visst ikkje, med mindre du var ei eldre dame på over 70 år... Men eg er no nøgd med at eg endeleg har fått meg krøllar!

tirsdag 6. april 2010

Nytt i gangen


Her er det ferdige resultatet av tallerkenhylle-oppussings-prosjektet vårt. Den lange hylla passa heilt perfekt på den eine veggen i gangen. Og no har vi endeleg fått ein stad å syne fram våre finaste bøker.

mandag 5. april 2010

Noko gamalt, noko nytt, noko lånt og noko blått...


Eg og min kjære skal gifte oss i august. Vi skal ha eit lite bryllaup, og planlegginga er difor ikkje så veldig omfattande. Men ein ting er allereie innkjøpt og det er brudekjolen! Den vart faktisk innkjøpt for 5-6 år sidan, altså ei stund før eg i det heile teke vart kjæraste med min komande ektemann! No høyres eg jo ein smule "bridezilla" ut, men saken er den at eg fann denne 70-talskjolen på Fretex til 200 kroner og planen var opphaveleg å gjere den kortare og deretter bruke den som sommarkjole. Men kjolen har blitt verande i klesskapet mitt, ubrukt og like heil. Og no skal eg altså gifte meg i den. Den kvite blomen er ei brosje som eg kjøpte på Gina Tricot. Så no har eg både noko brukt og noko nytt, og det gjenstår berre å finne noko lånt og noko blått...

Bruktskattar

Lukka er stor dei gongane eg har kome over fine skattar som andre ikkje lenger ser verdien i, og i leiligheita vår har vi fleire møblar som vi har plukka med oss frå gata eller konteinarar, m.a. salongbord, puffar, skrivebord og krakkar. Siste tilskot til bruktskatt-samlinga vår er denne lange, rosemåla tallerkenhylla som vi fann i ein konteinar her på Tøyen. Hylla skal målast kvit og hengjast på veggen i gangen vår. Planen er å ha store, fine bøker i den. Resultatet av dette prosjektet blir posta her når jobben er gjort!

lørdag 3. april 2010

Prosjekt: krakk

Denne krakken har eg arva etter ho mor. Eg synst det er ei veldig fin form på krakken, sjølv om trekket på den kanskje ikkje er det vakraste eg har sett. Eg kjøpte difor nytt stoff (som eigentleg er ei gardin) og har no brukt føremiddagen på å trekke den om. Det er ho mor sjølv som har brodert det gamle trekket og sidan det då er litt affeksjonsverdi i det, så har det fått lov til å vere på, under det nye fine trekket vel og merke! Her er resultatet:

fredag 2. april 2010

"Vintage" påskepynt

Eg synst det er stos stas å pynte til alle høgtidene våre; advent, jul, 17. mai og no påske. Desse påskekyllingane laga eg medan eg gjekk i barnehagen og dei er altså då minst 25 år gamle. Påskekyllingane kjem fram på bord og skatoll i heimen vår kvart einaste år. God påske!

Deilig chilimarmelade


Eg er i grunn ikkje spesielt glad i søte marmelader, men denne - som er laga av paprika og chili - er nydeleg; søt og sterk i eitt. Eg synst den er aller best på ei god grov brødskive saman med gräddost, men den er også god til kjøtpålegg, postei, scampi og kylling. Eg plar doble oppskrifta; då får eg meir enn nok til at også mine kjære får med seg eit glas av marmeladen :-)

Her er oppskrifta:

1 raud paprika
5 store raude chili
340 g sukker
125 ml eddik 7 %
4 ss lunka vatn
1 1/2 ts gelatinpulver

Reins paprikaen. Del chilien og skrap ut frøa. Kutt paprika og chili i små bitar og køyr til ei glatt blanding i ein kjøkenmaskin. Ha blandinga over i ei kasserolle og tilsett sukker og eddik. Kok opp og la det småkoke i 10 minutt. Rør ut gelatinpulveret i lunka vatn og la det svelle i 2 minutt. Hell gelatinen over i chiliblandinga og la det koke i 1 minutt medan du heile tida rører med ein visp. Hell marmeladen over på reine glas med lokk. Oppbevar i kjøleskap.

(Oppskrifta er frå KK/Lise Finckenhagen)