søndag 11. april 2010

Sundags-frukost i heimen

Eg elskar laaange helge-frukostar, med godt pålegg, kaffi og ein bunke "gamle" aviser som har hopa seg opp i løpet av veka. Eg og min kjære har våre faste rutinar og noko av det som alltid står på frukostbordet vårt i helgane er smilande egg, kaffi med varm melk og rista brødskiver med pesto. Heimelaga pesto er super-raskt å lage og smakar mykje betre enn den man kjøper i butikken. Pestoen er like god både som pålegg på brødskiva og som tilbehøyr til fisk, kjøt og pasta. Her er oppskrifta:
  • 1 basilikum-plante
  • 50 g parmesan
  • 5 ss solsikkekjerner
  • 2-3 fedd kvitlauk
  • 6 skiver soltørka tomatar (kan sløyfast)
  • 0,5-1 dl. olje (raps eller solskikke)
Køyr alle ingrediensane saman i ein kjøkenmaskin. Tilsett evt. olje litt og litt avhengig av kor tjukk du ønskjer pestoen skal vere. Eg plar ikkje bruke salt i, sidan soltørka tomatar ofte er ganske salte frå før. Men både salt og pepar kan sjølvsagt tilsetjast etter smak. Ifølgje den opphavelege pesto-oppskrifta, Pesto alla Genovese, skal det vere pinjekjerner og olivenolje i oppskrifta. Men eg tykkjer solsikkekjerner er både betre - og ikkje minst langt billigare - enn pinjekjerner. Eg tykkjer også at olivenolje set ein for markant smak på pestoen, og føretrekker heller ein meir nøytral olje som raps- eller solsikkeolje.
Ha ein fin sundag!

Heimelaga cappuccino-dryss;
bland saman 1/3 kanel, 1/3 vaniljesukker og 1/3 kakaopulver.
Oppbevar i eit krydder-glas.

4 kommentarer:

Anonym sa...

ÅÅÅ som eg likar bloggen din! Du er så flink! Og denne pestoen er kjempe god:)Kjempebra at du legg ut oppskrifta så eg og kan lage for så å late som eg er på besøk hos deg og får servert kjempegod helgefrukost:)silje.

Rangla sa...

Takk! :-) Du og Max og Gabriel kan jo ta dåke ein tur til Oslo i sommar? Så ska dåke få deilig frukost...

Katrine sa...

Hmmm, du er bedre til å lage frukost enn Joakim.

Åshild sa...

Takk for sist og godt stell! I dag har eg laga pesto etter di oppskrift - den vart naturlegvis veldig god. Sidan Jo Even og eg er veldig glad i pinjekjerner så brukte eg det istadenfor solsikkekjerner, det fungerte veldig bra. No blir det mange gode skiver i dagane som kjem, eg kjem ikkje til å klare spare på den til helgene..
Åshild