mandag 5. april 2010

Noko gamalt, noko nytt, noko lånt og noko blått...


Eg og min kjære skal gifte oss i august. Vi skal ha eit lite bryllaup, og planlegginga er difor ikkje så veldig omfattande. Men ein ting er allereie innkjøpt og det er brudekjolen! Den vart faktisk innkjøpt for 5-6 år sidan, altså ei stund før eg i det heile teke vart kjæraste med min komande ektemann! No høyres eg jo ein smule "bridezilla" ut, men saken er den at eg fann denne 70-talskjolen på Fretex til 200 kroner og planen var opphaveleg å gjere den kortare og deretter bruke den som sommarkjole. Men kjolen har blitt verande i klesskapet mitt, ubrukt og like heil. Og no skal eg altså gifte meg i den. Den kvite blomen er ei brosje som eg kjøpte på Gina Tricot. Så no har eg både noko brukt og noko nytt, og det gjenstår berre å finne noko lånt og noko blått...

7 kommentarer:

Ragnhild sa...

Så artig at du har byrja blogga! Her skal eg følgja med:-) Brurekjolen var superfin! Og ekstra moro er det jo å finna noko brukt som ein kan bruka på ein så stor dag. Du er flink på bruktkupp!

Ha ein god tysdag!

Pst: Dersom du endrar på innstillingane på kommentarfeltet ditt, kan dei utan blogg også kommentera. No må ein ha blogg for å kunne kommentera, ser eg. Dersom du då ikkje vil at det skal vera slik, då;-)

Rangla sa...

Lurt! No har eg endra innstillingane, slik at også andre kan kommentere. Takk for info! Er jo ny her, så er mykje nytt å setje seg inn i :-)

Katrine sa...

Du kjem til å bli så fin på bryllupsdagen din. Eg gledar meg sånn!

Strikk og tøys sa...

Hei, veldig artig å seg også i bloggeverden! Velkommen! Legger meg selvsagt til som følger. Digger kjolen din! Sees på blogg og plutselig en dag på Tøyen og tipper jeg :-)

Rangla sa...

Takk! Kjekt å vere i bloggverda også! :-) Jepp, vi sjåast i nabolaget!

Silje Førland Erdal sa...

Vakker kjole! Den vert du fengande flott i!

gledeligBryllup sa...

en alldeles skjønn brudekjole.
velkommen som følger av gledeligBryllup!