Hjarteleg takk til Cecilie som gav meg prisen for å ta vare på gode tradisjonar :-). Cecilie sin fine forstads-blogg er full av deilige oppskrfter og ho har dessutan inspirert meg til å kome i gang med mi eiga blogging. Eg seier også som Cecilie; det er ikkje viktig om dykk følgjer opp "krava" ved prisen, det viktigste er at dykk får vite at bloggane dykkar blir lesne og sett pris på!
Med awarden følger det en fremgangsmåte
Kopier awarden til bloggen din
Link til den personen som ga deg awarden
Link til den personen som ga deg awarden
Fortell 7 interessante fakta om deg selv
Velg 7 andre bloggere som du sender awarden videre til
Link til deres blogger
Legg igjen en kommentar i bloggen deres slik at de får vite om denne awarden
7 fakta om meg sjølv:
1. Eg brukar ringar kvar dag, føler meg naken utan, og kan gjerne ta T-bana heim frå jobb om eg skulle finne på å gløyme å ta på meg ein ring eller to (difor hjalp det veldig at eg no har ein giftering på til einkvar tid!)
2. Eg lagar nesten berre kaker som inneheld ingrediensen sjokolade (og ete utelukkande godteri som inneheld det same).
3. I gullrekka "Ragnhild gjer ting ho ikkje kan, men prøver så godt ho kan" finn vi følgjande: decoupage, saum, gjær-bakst, strikking og no blogging.
4. Eg elskar serien "Home and away", men er lei meg for at eg aldri rekk første episode som startar allereie kl. 14.30. Kl. 16-episoden derimot...
5. Eg MÅ ha det ryddig rundt meg, men kan diverre fint klare meg utan støvsuging, vasking og støvtørking...
6. Eg elskar barnebøker med vakre illustrasjonar, tittar i dei regelmessig og er stadig på jakt etter nye og gamle barnebok-skattar.
7. Eg er halvt nordlending, halvt vestlending, men har Oslo i mitt hjarte! :-)
Eg ønskjer å gjeve awarden vidare til:
- Siri, for sine fine strikke-prosjekt, og for hennar fargerike kopptuar der to av dei snart skal bli mine!
- Ragnhild, for ein morsom og underhaldande blogg, med fin-fine bilete, og artige og nostalgiske tilbakeblikk!
- Kristine, for hennar inspirerande og kule interiør-tips.
- Monja Helene, for hennar frodige og fargerike blogg og, ikkje minst, fine nettbutikk.
- Emmeline, for hennar storarta interiør-blogg med finurlege tekstar og vakre bilete.
- Kardemomme, for dei herlege interiør-innlegga og den fine bloggtittelen...
- Sist, men ikkje minst til, Ina, for hennar kreative blogg, som førebels er veeeldig i startgropa, men kanskje denne prisen kan inspirere ho til å syne fram sine fine bilete på bloggen sin?
Med ønskje om ei fantastisk helg til alle og einkvar!
3 kommentarer:
Hei :-)
tusen hjertelig takk for award!! Kjempekoselig. Jeg har tatt en lignende for ikke så lenge siden..så jeg tror jeg lar det være med den! Er litt lat på bloggefronten for tiden..venter og venter på at ny leilighet og nytt prosjekt skal dukke opp. Håper jeg er tilgitt ;-)
God helg til deg!! klem fra Kristine
Å, så kjekt! Tusen takk! Ha ein finfin fredag og ei fin helg vidare!
Tusen, tusen takk! *stolt og rødmer lett kledelig*
Klutene dine er ferdige og jeg håper du vil like dem :-)
Legg inn en kommentar