søndag 26. desember 2010

Søte gleder i romjula

I år - som i alle år - har eg i staden for å bake julekaker heller laga store mengder konfekt. I år vart boksane fylt med mektige sjokoladetrøflar, mjuke fløytekaramellar, mørke mandelgubbar, søte dajm-marsipankuler og saftige kirsebær- og marsipanbitar.


Kirsebær-marsipanen er enkelt og greitt marsipan elta saman med hakka coctailbær og dyppa i smelta mørk sjokolade. Marsipankulene med tørka blomepynt innheld dajmkuler og rom, og er dyppa i smelta mjølkesjokolade.

Som pynt har eg m.a. brukt tørka kornblomst og ringblomst frå Høgt og Vilt - Urter frå Devik. Desse tørka blomane er fantastisk fine både til konfekt, kaker og salatar.




Mandelgubbane er marsipan som er elta saman med konjakk for deretter å dyppast i smelta sjokolade tilsett rista, hakka hasselnøtter.

torsdag 23. desember 2010

Gledeleg jol, godtfolk!

Julegrauten er unnagjort, hus og heim er vaska, konfekten er i boks og kofferten er pakka. Endeleg står juleferien for døra og straks dreg eg frå Tøyen og heile vegen ned til Pilestredet Park (dvs. 10 min. unna...) for å feire jul med ho mor og han far. 



Med ønskje om ei fin og fredfull julehøgtid!

søndag 19. desember 2010

Farmors leverpostei

Heimelaga leverpostei er fantastisk godt, særskild når den kjem nysteikt rett frå omnen! Ho mor laga alltid leverpostei til jul då eg var mindre, men no var det lenge sidan sist. Difor tok vi i år oppatt tradisjonen og fann fram farmor si gamle oppskrift. Frysaren er no fylt opp med store mengder heimelaga leverpostei, klare til å nytast under julas mange, lange og deilige julefrukostar.



Køyrast saman i kjøkenmaskin:

600 gr svinelever
300 gr spekk
4 stk løk
5 stk rensa ansjos
4 stk kavringer (tørka brød, knekkebrød og liknande kan òg brukast)

Lag jevning:
60 gr smør
60 gr mjøl
2 dl buljong

Ha i det som er malt og varm det opp. Må ikkje koke! Kjøl blandinga ned.

Ha i:
2 ts pepper
2 ts muskat
1 ts nellik.
1 ss salt (smak til!)
Gjerne litt sukker

Skjer inn:
2 dl stivpiska fløyte
3 stivpiska eggekviter
3 eggeplommer

Ha blandinga i alum.former og steik i vassbad, ca. 175 grader i omlag 1 t. Det beste er å fryse blandinga ned i små aluminimusformer og setje formene rett i frysaren. Då kan leverposteien steikast etterkvart og såleis serverast fersk og nysteikt kvar gong. Oppskrifta gjev omtrent 6-7 almuniumsformer.






torsdag 16. desember 2010

Jul i stova

Julefreden har byrja å senke seg på Tøyen. Trollkvistane våre er ferdigpynta, årets juleverkstad/kort-produksjon  er overstått og alle gåvene har kome i hus, innpakka og klare i den gamle margarin-kassa vår. I år har eg nytta meg av Frelsesarmeens Jobben sine fine til-frå-lappar; laga av gamle avkappa bokomslag, og med teksten Deilig er jorden. Fine og alternative gjenbruksprodukt!


mandag 13. desember 2010

Smaken av safran

Eg er ikkje særskild glad i søt kveitebakst, men lussekattar er heilt klart unntaket. Eg trur det har samanheng med den fine gule fargen, smaken av safran og ikkje minst det at lussekattar er ein del av ein veldig triveleg førjulstradisjon. Saman med varm sjokolade med krem vart det i dag Lucia-feiring på Tøyen!

fredag 10. desember 2010

Ny stove til jul!

Konstaterer nok ein gong at ein heil kalender-månad har passert utan eit einaste blogg-innlegg. For å ta att alt det tapte bør eg no kome med nye innlegg ca. dagleg. Her kjem difor dagens!


Vi (det vil seie mann og svigerfar) har pussa opp stova vår. Fleire lag med papp, strie og tapet er fjerna, grå murveggar er måla kvite, "nytt" (dvs. arva) spisebord har kome på plass (som vi ikkje torer å ete ved fordi vi set flekkar på det berre av å sjå på det omtrent) og fleire hundre (om ikkje fleire tusen?) DVDar og CDar er rydda på loftet. Resultat; ei lys, romsleg og open stove som vi er veldig nøgde med!


Under stovebordet vårt ligg det eit eit deilig teppe i 100% ull som vi kjøpte på Home & Cottage. Utruleg mjukt å gå på!


Eames gyngestolen kjøpte vi på House of Oslo for gåvekortet vi fekk til bryllaupet vårt.



Ei lampe med glaskuler har vi leita lenge etter både i inn- og utland. Den perfekte lampa fann eg til slutt i ein lampebutikk i Førde! På salg til og med. Heilt strålande!