lørdag 31. mars 2012

Ny bustad, ny bydel! (Nytt bloggnamn?)

Vi har kjøpt oss ny bustad; ei større leilegheit "lenger opp i bakken". Nærare bestemt Tiedemannsbyen på Ensjø. Vi ser fram til å flytte ein stad med plass til vaskemaskin og tilgang til heis, og ikkje minst større plass! I tillegg set vi stor pris på at det er eit nytt prosjekt og at alt er flunkande nytt! Det vi derimot ikkje ser fram til er å flytte frå den fantastisk solrike balkongen vår med utsikt over vakre, vakre botaniske hage. Men noko må vi vel forsake no når vi har eit lite vesen som krev sitt. Vi får berre nyte den siste sommaren vår her på Tøyen før innflytting i løpet av hausten ein gong.


Romplanen i vår nye leilegheit som ligg i 5. etg.
(Ill. frå www.tiedemannsbyen.no)

Området, slik det vil sjå ut når alt står ferdig i løpet av 2013.
(Ill. frå www.tiedemannsbyen.no)

Så; ny bustad, og ny bydel. Då bør vel bloggen min endre namn?? Men til kva? Forslag takast imot med takk! :-)

God helg!

onsdag 28. mars 2012

Barnestolen


Å sitje i barnestol er på ingen måte ein favorittsyssel iflg. den vesle dama vår. Likefullt må ho dagleg sitje i pappaen sin gamle Sofus-stol opptil tre gongar om dagen. Minst. 


Den søte sitjeputa er frå min barndom, og passar perfekt til stolen. Men vi bør nok snart gå over til den nyinnkjøpte Tripp Trapp-stolen sidan ho så altfor enkelt klarer å klatre ut av Sofusen...


Og så var det nostalgi-bileta; mammaen (med storesysta) og pappaen på biletet under. Så kjekt å sjå dei same tinga bli brukt oppatt over 30 år seinare!

søndag 11. mars 2012

Litt meir barnerom

Barnerommet byrjar omsider å ta form, og vi har no fått inn både bokhyller og stolar, puter og teppe.


Ho elskar allereie det nye, fine, fargerike ullteppet sitt.

Den vesle Sally Ann-stolen er fin å klatre opp til slik at ho kan få tak i matrusjka-dokkene i vindaugskarmen...


Tallerkenhylle kjøpt hos Frelsesarmeens Jobben-marknad.