lørdag 28. august 2010

Sjokolademuffins med blåbær

Då eg googla etter oppskrift på spaghetti carbonara med fløyte var første treffet ein blogg som heiter Lekkermunn - om bordets gleder (Lekkermunn = Cecilie K. Fragaat Ødegård). Ein delikat og oversiktleg matblogg med herlege matoppskrifter og nydelege bilete. Eg susa litt rundt inne på den fine bloggen hennar, og enda ikkje opp med berre carbonara-oppskrift, men òg ei oppskrift på sjokolademuffins med blåbær - som vart baka til denne sommarens aller siste helg.


Oppskrifta gjev opphaveleg 10 store muffins, men eg brukte små former og enda opp med nesten dobbelt så mange.

150 gram kokesjokolade 70% (eg hadde diverre ikkje 70%, men brukte vanleg kokesjokolade)
150 gram smør
3 egg
100 gram sukker
100 gram kveitemjøl
1 ts bakepulver
140 gram (ca 2 dl.) blåbær (eg brukte store amerikanske blåbær, og auka mengda med ½ dl.)

Sett omnen på 170 grader. Smelt smør og sjokolade i vassbad. Egg og sukker vispast kvitt, før den smelta sjokoladeblandinga, mjøl, bakepulver og blåbær tilsetjast. Ha deigen over i muffinsformer og steik i 20-25 minutt. Avkjølast på rist.



God helg!

onsdag 25. august 2010

Julia Child's portvinsaus

Etter at eg i fjor haust såg filmen Julie & Julia på kino, vart eg så inspirert av all den gode (og smør-rike!) maten at eg gjekk beinveges på antikvariatet og tinga boka Det gode franske kjøkken (Mastering the art of French cooking) av Julia Child. Eigaren av antikvariatet sa at det hadde strauma på med kundar som ønskja seg kokeboka i norsk oversetjing etter premieren av filmen, så her burde forlaget heilt klart sett sitt snitt til å trykke den i nytt opplag. Det hadde garantert blitt ein salgssuksess!


Det bør vel nemnast at vi har laga fint lite frå boka (kokebøker har diverre ein lei tendens til å bli generellt lite brukt i heimen vår). Men, til gjengjeld har vi laga den same sausen ekstremt mange gongar. Den enkle sausen består hovudsakleg av kyllingkraft, fløyte og portvin, og eg vil hevde at det er den aller beste sausen eg har smaka! Matretten heiter enkelt og greit "Kylling med fløtesaus", men sausen burde heller heite portvinsaus då det er smaken av portvin som gjer heile sausen.

Gni kyllingfiletane inn med sitronsaft, salt og pepar og steik dei i MASSE smør.
Ta filetane ut av panna og hell oppi ½ dl kyllingkraft og ½ dl portvin.
La dette koke inn ei stund og tilsett 2 dl kremfløyte.
La dette koke litt før kyllingfiletane blir tilsett mot slutten.
Ha oppi sitronsaft, salt og pepar etter smak.
Dryss over persille, og servér med steikte poteter og grønnsaker.

 
Bon appétit!

søndag 22. august 2010

Dei finaste kafeane på Tøyen!

Ei fantastisk kjekk bryllaupshelg er lagt bak oss, og vi sit att med ei uhorveleg mengde fine minner. Vi kosa oss stort, og noko av det vi kosa oss aller mest med var god mat og drikke gjennom heile helga!


Noko vi to nygifte uhyre sjeldan gjer, er å ete frukost ute på kafé til trass for at vi har fleire hyggjelege kafear rundt oss på Tøyen (m.a. Lyst i Sørligata, Baker Nordby på Tøyensenteret og Café Edvard Munch på Munch-museet). Men sidan dette var ei svært spesiell helg fann vi ut at det var lov å kose oss litt ekstra og vi vitja difor eit par kafear som ligg mellom 1 og 5 minutt gange unna oss; Carinas i Monradsgate og Torgerstuen i Kjølberggata.


Frukostmenyen vår hos Carinas laurdags morgon bestod av foccacia med marinert kylling, pesto og rømmedressing, ferskpressa appelsinjuice og ein kopp cappucino. Nydeleg alt saman, og veldig god sørvis frå den hyggjelege unge mannen som både ekspederte og serverte oss. Carinas har òg internetttilgang, dagens aviser og fin uteplass (og kafeen er dessutan barnevennlig med leikeplass, stellerom og god plass til barnevogner).


Sundag hadde vi ein dagen-derpå-brunch saman med familiane våre på Torgerstuen. Ein utruleg koseleg kafé som ligg mellom bygårdane på Tøyen.

Kaféen vert driven av to systre og på heimesida skriv systrene følgjande om kafeen sin: "Vi vil trekke naturen inn i byen og gjøre den tilgjengelig for folk. Torgerstuen preges av det naturlige, jordnære, ærlige og ekte. Vi ønsker å være et pusterom. Et sted for tilstedeværelse, åpenhet, ro og mulighet til å bevege tanke og sinn.. Lokalet er pusset opp gjennom håndkraft, og alt av maskiner, inventar, møbler og interiør er så langt det har vært mulig, gjenbruk. Materialer og kasserte gjenstander har fått nye bruksområder og uttrykk tilpasset samtida, og formidles på ulike måter i lokalet".




Maten på Torgerstuen er heimelaga og fantastisk god! Eg bestilte ein nydeleg salat med honningmarinert chevre, bacon og soltørka tomatar, ferskpressa juice og cappucino. Torgerstuen har òg ein veldig koseleg uteplass, men vi sat inne der vi hadde eit langbord for oss sjølv, og våre to familiar! :-)


torsdag 19. august 2010

Betaling for bryllaupsnatta

Morgongåve var opphavleg ein praktisk tradisjon der mannen gav kvinna ein sum pengar som var meint å forsørgje ho dersom ektemannen døydde. I våre dagar er det vel helst vanleg at gåva er ei romantisk og symbolsk kjærleiksgåve. Eg for min del meinte at det overhovud ikkje var nødvendig med morgongåve i forhold til vårt elles så enkle bryllaup. Men mannen min - den frekkasen - meinte at eg sjølvsagt måtte få betaling for bryllaupsnatta vår (!) og overrekte meg difor ei nydeleg øskje (med same motiv som på gjestboka vår). Oppi øskja fann eg den første plata til Melissa Horn, pluss billettar til konserten hennar i slutten av september (jippi!), bagasjelapp (med tekst basert på favorittfilmen min, Thelma & Louise), DVD'en Young Guns (favorittfilm nr. 2), nydeleg uglesmykke (som kan snus alt ettersom kva farge eg ønskjer å syne) og gåvekort på Morris (til eit nytt og heilt nødvendig veskekjøp!) Alle gåvene var midt i blinken, og syner iallfall at han kjenner meg godt, den fine, snille mannen min!

tirsdag 17. august 2010

Vi vandrar saman

Herr og Fru Lukkelege på Tøyen! :-)
Foto: Joakim Slørstad

Vi vandrar saman
- Olav Stedje -

Så kvil deg no min kjære
Lat kroppen din få fred
Eg ser augo dine smile
Når du stille legg deg ned.
Vi har vandra gjennom dagen
Vi har saman gjeve han liv
Og når alle lydar stilnar
Slik som kvitringar i siv.

Ooh, vi vandrar saman
Eg følgjer der du går
Ooh, gjev meg handa
Lat månader bli år.

Så takk då for ditt ljose smil
Og takk for dine ord
La all mi glede stige
Slik som tonar frå eit kor.
Og stille kjem no natta
Og ditt ansikt fell til ro
Så godt å vera saman
Så godt å vera to.

Ei fantastisk kjekk bryllaups-helg er vel overstått. Vigsel og middag på fredag, vennefest på laurdag og familie-brunch på sundag. Det vart jammen ei 3 dagars bryllaups-feiring på oss! Fint å vere gift med den aller finaste (og danse brurevalsen til Olav Stedje's vakre kjærleiksvise)! :-)

fredag 13. august 2010

Fredag den 13. - ein lukkens dag!

I dag er vår store dag! Sjølvaste bryllaupsdagen! Og eg er (førebels...) fullstendig avslappa og har til og med tid til å leggje inn eit kjapt og lite innlegg medan eg drikk dagens første kaffikopp!


Min komande ektemann har laga fin hugselapp på tavla. Sånn i tilfelle vi skulle gløyme det.


Her i Oslo er det i dag lyn, torden og striregn. Strålande... At nokre seier at regn i sløret betyr lukke er heilt klart berre for å trøste ulukkelege brurer, for det er på ingen måte stas at det regnar! Men det er ingenting å gjere med det, og eg trur uansett at dagen i dag blir kanonfin! Dessutan har eg fin-fin paraply som passar brurekjolen perfekt! :-)


Leskande drikkevarer til kvelden!


Gjesteboka vår, med nydeleg bryllaupsmotiv - kjøpt hos Bookbinders Design.


Og her er endeleg "noko lånt" på plass; gullring med kamèdame lånt av ho mor, ei kjærleiksgåve frå han far! Så då er det berre å gjere seg klar til vigsel om nokre få timar... :-)

mandag 2. august 2010

Inspirasjon og stolne idear...

I gårsdagens horoskop i VG stod det mellom anna følgjande å lese om dei som er fødde i fiskenes teikn: Det er tid for å vise litt mer av deg selv enn du ellers gjør, kanskje ved å presentere noe du selv har laget. Eg tek sjølvsagt horoskopet mitt på yttarste alvor og her er difor resultatet av dagens smykkemakeri!


Eg innrømmer gjerne at ideen ikkje er min. Kusina mi Silje hadde ein dag på seg eit undulat-smykke som ho hadde ho kjøpt på vintagebutikken Frøken Dianas Salonger på Grünerløkka. Eg synst det var grådig fint og vart inspirert til å lage mitt eige undulat-smykke sidan det såg nokså enkelt ut å mekke det sjølv (at eg vart inspirert høyres uneketeleg betre ut enn at eg har stole ideen til  kven som enn har laga det opphavelege smykket...)

På tur i København fann eg dei same undulatane i ein leikebutikk, og saman med nokre av mine gamle leike-plastdyr fekk figurane no nytt liv som smykker. Eg veit ikkje kor fint det er å gå rundt med grisar, sauar, høner eller kyr rundt halsen, men heste-figurane var fine å bruke!


I København kjøpte eg òg med meg bittesmå krokar til å skru inn i figurane, og kjedene eg har brukt er både gamle avlagde smykker frå smykkeskrinet mitt, og kjøpte metervis hos Panduro.


No er eg på leit etter dådyr og ugler som eg òg har lyst å lage smykker av! :-)