søndag 22. august 2010

Dei finaste kafeane på Tøyen!

Ei fantastisk kjekk bryllaupshelg er lagt bak oss, og vi sit att med ei uhorveleg mengde fine minner. Vi kosa oss stort, og noko av det vi kosa oss aller mest med var god mat og drikke gjennom heile helga!


Noko vi to nygifte uhyre sjeldan gjer, er å ete frukost ute på kafé til trass for at vi har fleire hyggjelege kafear rundt oss på Tøyen (m.a. Lyst i Sørligata, Baker Nordby på Tøyensenteret og Café Edvard Munch på Munch-museet). Men sidan dette var ei svært spesiell helg fann vi ut at det var lov å kose oss litt ekstra og vi vitja difor eit par kafear som ligg mellom 1 og 5 minutt gange unna oss; Carinas i Monradsgate og Torgerstuen i Kjølberggata.


Frukostmenyen vår hos Carinas laurdags morgon bestod av foccacia med marinert kylling, pesto og rømmedressing, ferskpressa appelsinjuice og ein kopp cappucino. Nydeleg alt saman, og veldig god sørvis frå den hyggjelege unge mannen som både ekspederte og serverte oss. Carinas har òg internetttilgang, dagens aviser og fin uteplass (og kafeen er dessutan barnevennlig med leikeplass, stellerom og god plass til barnevogner).


Sundag hadde vi ein dagen-derpå-brunch saman med familiane våre på Torgerstuen. Ein utruleg koseleg kafé som ligg mellom bygårdane på Tøyen.

Kaféen vert driven av to systre og på heimesida skriv systrene følgjande om kafeen sin: "Vi vil trekke naturen inn i byen og gjøre den tilgjengelig for folk. Torgerstuen preges av det naturlige, jordnære, ærlige og ekte. Vi ønsker å være et pusterom. Et sted for tilstedeværelse, åpenhet, ro og mulighet til å bevege tanke og sinn.. Lokalet er pusset opp gjennom håndkraft, og alt av maskiner, inventar, møbler og interiør er så langt det har vært mulig, gjenbruk. Materialer og kasserte gjenstander har fått nye bruksområder og uttrykk tilpasset samtida, og formidles på ulike måter i lokalet".




Maten på Torgerstuen er heimelaga og fantastisk god! Eg bestilte ein nydeleg salat med honningmarinert chevre, bacon og soltørka tomatar, ferskpressa juice og cappucino. Torgerstuen har òg ein veldig koseleg uteplass, men vi sat inne der vi hadde eit langbord for oss sjølv, og våre to familiar! :-)


4 kommentarer:

Karianne sa...

Visste du at bileta som heng på veggen hos Carinas er laga av illustratør/forfattar Lisa Aisato, som kom ut med den nydelege barneboka Mine to Oldemødre? Tips til enda ein fin kafè: Dersom de føler for å komme litt "opp i høyden", har Lille Kampen som ligg vis a vis Kampen Bistro herlege bakervarer. :-)

Rangla sa...

Ja, det visste eg faktisk, for eg har òg den fine boka Mine to Oldemødre! :-) Skulle kanskje ha skrive noko om det i innlegget... Takk for tips om Lille Kampen, den var ny for meg! :-)

Strikk og tøys sa...

Både Carinas og ikke minst Torgerstuen er vel verdt et besøk. Søstrene på Torgerstuen tar alltid svært godt imot sine gjester, og de har blant annet en av de beste omlettene jeg noen sinne har smakt. Prøv den med skinke og blåmuggost :-)

Avdelingen sa...

Lekre bilder. Takk for gode tips til en del av Oslo jeg sjelden har vært i.