mandag 31. oktober 2011

Stol for liten og stol for stor

På ein av våre trilleturar i byen kom vi over ein bruktbutikk med konkurssalg. Dei reklamerte med 30 % avslag - eit sånn passe rart tilbod med tanke på at varene ikkje var prisa i utgangspunktet, men eg fekk iallfall kjøpe to gamle stolar for ein billig penge. Ein til oss og ein til den vesle dama vår. Den store stolen skal eg nok la vere slik den er, medan den lille, raude truleg vert måla knallraud (eller kanskje turkis?).



No er det for øvrig dags for at den vesle dama vår flyttar inn på eige rom, så eg kikar litt her og der etter fine barneromsting. Tips til fine nettbutikkar som sel barne-interiør takast difor imot med takk!

onsdag 26. oktober 2011

Førebuingar til namnefest



I slutten av november skal vi omsider feire den vesle dama vår. Då skal vi samlast til seremoni i rådhuset der ho vil få utdelt namnetavle, før det blir fest med rømmegraut, kaffi og kaker i heimen.



På den supre butikken Folk og Røvere på Lillehammer fann eg fine bokstavlys. Veldig utplukka, men eg fekk iallfall nok lys til å kunne stave STGRTD, og då er det jo (forhåpentlegvis...) berre å skjere av utstikkarane på bokstaven T slik at namnet blir riktig på kaka. Namnet Sigrid tyder for øvrig "Vakker seier".

torsdag 13. oktober 2011

Kontorstol frå vaskekjellaren



Denne kontorstolen har stått i vaskekjellaren her i blokka vår, og eg har lenge sikla på den. Så ein dag vart vaskekjellaren stengt grunna oppussing og då den opna igjen var kontorstolen borte! Etter ein prat med eit medlem av styret fekk eg vite at stolen var stua vekk i påvente av å bli kasta. Og sjølvsagt kunne eg få den om eg ville. Hurra!



Litt usikker på om eg skal pusse og male den. Synst i grunn den er fin slik den er (kanskje berre prøve å få bort malingsflekkane) og planen er å anten bruke den som spisestue-stol eller slik namnet tilseier; som ein kontorstol.

mandag 10. oktober 2011

Saftig sjokoladekake med squash

Kaker med grønsaker er ein fin ting; dei blir så innmari saftige! No er jo allereie potet og gulrot i kaker ein kjend sak, men andre grønsaker som rødbetar og squash er også fine å bruke som kake-ingrediens. I dag har eg baka sjokoladekake med nettopp squash, og som i tillegg innheld deilige krydder som kanel og kardemomme - og ikkje minst både kakao og hakka sjokolade. Saftig, krydra og herleg! Her er oppskrifta:

2 store egg
1 1/2 dl sukker
1 vaniljestang (snitt den på langs og skrap ut frøa)
1/2 dl eplesyltetøy (eg hadde berre plommesyltetøy og det fungerte veldig greitt!)
1/4 ts salt
2 dl kveitemjøl
1/2 dl kakao
1 1/2 ts bakepulver
1 ts kanel
1/4 ts malt kardemomme
4 dl finrevet squash
100 g mørk sjokolade, hakka

Forvarm steikeomnen til 180 grader. Bruk ei lita langpanne eller ildfast form, ca. 20x20 cm. Smør forma eller dekk den med bakepapir. Bland saman egg, sukker, vanilje, eple/plomme-syltetøy og salt. Sikt i mjøl, kakaopulver og bakepulver. Bland saman med ein slikkepott. Vend inn revet squash og ha til slutt sjokoladen i. Hell røra i forma og steik i ca. 40 min. Kjenn med ein tannpirkar/fyrstikk om den er ferdig. Avkjøl på rist og dryss over melis.



mandag 3. oktober 2011

Brukt på nytt

Sigrid er så heldig å ha besteforeldre som synst det er stas å både strikke og handle fine klede til ho. Likevel synst eg det er kjekt å handle litt til ho sjølv, og aller kjekkast er det å finne fine, små skattar på bruktbutikkar. Men det er ikkje så veldig enkelt å finne fint barnetøy i bruktbutikkar som Fretex og UFF. Truleg fordi barneklede blir gjeve bort til familie og vener, men kanskje òg fordi mange ønskjer å ta vare på kleda til barna sjølv blir vaksne og får eigne barn. Sjølv ser eg helst etter fine heimestrikka plagg (som eg ikkje skjønar korleis folk kan kvitte seg med??), og av og til finn eg altså gull på stativa eller i korgene. Her er litt av Sigrid sine små strikke-plagg som no blir brukt på nytt: