tirsdag 29. juni 2010

Salat med kylling og kikerter

Tomat- oliven- og krydder-plantane våre har vekst ein heil masse sidan vi sette dei ut i slutten av mai. Både tomatane og urtene kan haustast, medan dei grøne olivena må vi nok ha meir tolmod med - men vi ser allereie no at det byrjar å sprette ut mange små grøne oliven! Spanande!. Veldig kjekt å gå ut på balkongen for å plukke med seg tomater til middagen, og krydre den med ferske urter! :-)


Med tanke på bikinisesongen - som ikkje berre nærmar seg, men som allereie er her - så er det på tide å byrje eit litt sunnare liv. Starting from today! Etter dagens treningsøkt  passa det difor fint med eit av vekas middagstips frå Apéritif; middagssalat med kylling og kikerter - grådig raskt og veldig enkel å lage. Her er den opphavelege oppskrifta, men sidan eg er sånn passe begeistra for blomkål og byrjar å klø i halsen av reddik, så byta eg dette ut med tomat og avocado.

2 pers.
2 kyllingfileter
1 kjøtbuljongterning
1 boks kikerter
2 ss olivenolje
2 ss hakka persille
1 fedd kvitlauk
1 hjartesalat
1 raud paprika
½ blomkål (evt. 1 avocado)
1 bunt reddik (evt. 2 tomatar)

Dressing:
2 ss olivenolje
2 ss sitronsaft
salt og pepar etter smak

Kok kyllingfiletane ca. 10 minutt i buljong på svak varme. La kyllingen avkjølast og skjær i terningar. Bland kylling med avrente kikerter i ein miks av olivenolje, kvitlauk og persille. Smak til med salt og pepar. Riv salaten i strimlar og legg paprika i terningar utover fata. Del blomkål i bukettar og skjær reddikar i to. Legg grønsakene på fat saman med kylling og kikerter. Drypp over sitronsaft og olivenolje og krydre med salt og pepar. Server kyllingsalaten med godt brød og/eller yoghurt-dressing.


Fine, fine utdrikkingslaget!

Laurdag 26. juni kom den dagen eg hadde venta i spaning på... Nemlig det o' store utdrikkingslaget mitt! Avtalen denne dagen var shopping og lunsj med mi venninne og forlovar, Ellen, før eg seinare på dagen skulle sitje barnevakt for nevøen min, Jakob. Eg må innrømme at eg hadde ein liten mistanke, men det var jo likevel nokre veker att til bryllaupet, og utdrikkingslaget kunne like gjerne ein av dei komande laurdagane før bryllaupet vårt i august. Og mistanken vart ytterlegare svekkja då vi langt ut på føremiddagen framleis gjekk i butikkane i Bogstadveien, medan eg stadig drog kortet mitt på sommarsalet! :-) Men så var det tid for lunsj, og vi skulle teste ut ein stad som ingen av oss hadde vore på; Bølgen & Moi på Briskeby. Sidan ingen av oss visste kor denne restauranten var måtte vi spørje oss fram, og når vi til slutt endeleg fann fram var overraskinga stor då eg vart møtt med champagne av ein flokk vakre, vakre jenter! Lukka var også stor då eg såg at så mange hadde møtt opp - inkludert to venninner som hadde kome den lange vegen heilt frå Bergen! NB: Alle foto er tekne av Katrine Norheim Førland.






Maten på Bølgen & Moi var supergod, og eg likte særskild godt det fine diktet dei hadde på menyane sine: Mitt namn er pling, eg sym omkring, i det du kallar knollen. Då eg slapp inn, i knollen din, då vart me pling i bollen (skrive av Helge Torvund). Dette vesle diktet var jo herleg passande for oss jentene på vift! :-) Etter ein lang og utruleg hyggjeleg lunch med champagne og kvitvin til, skulle eg lose gjengen vidare ned til Solli plass, det gjekk jo veldig fint (særskild etter at nokre kviskra meg i øyret når eg var på veg i feil retning - retningssansen min har aldri vore noko å skryte av...). Derfrå gjekk turen vidare til Vestkantbadet Spa, kor vi hadde det romerske badet heilt for oss sjølv.


Frukt, sjokolade, kvitvin og musserande kunne vi også nyte i spa-anlegget. Alle fekk behandling (eg fekk ein deilig sjokolade-massasje!), og tida vart elles brukt vekselsvis i kuldekulpen, saunaen og preikande rundt borda med vin i glasa. Frå Vestkantbadet Spa gjekk turen vidare til Enerhaugen. Der fortsatte festen med sushi, cup-cakes, strawberry daquires, dans, sigar-røyking (!) og morro til langt ut på natta.



Cup-cakes'ane var nydeleg pynta med ord som (iflg. gjestane) skildra meg, og saman med dei fine orda frå Brede som syster mi las opp vart desserten ein einaste rørande avslutning på middagen.


Eg ønskja meg eit hyggjeleg utdrikkingslag utan at det skulle ha eit snev av utdritingslag, og det vart det så absolutt! Dei einaste gongane eg måtte til pers var då eg måtte svare på ein kviss om Brede pluss opne ei gåve frå kvar enkel og samstundes tippe kven som hadde gjeve den, og fortelje historia bak - og det var jo berre artig og vekka samstundes gode minner! Udrikkingslag er uhorveleg kjekt, og hadde det ikkje vore for at eg ikkje har nokon planar om å gifte meg meir enn ein gong, så hadde det heilt klart vore verdt å hatt utdrikkingslag fleire gonger! ;-)

torsdag 24. juni 2010

Hektiske dagar i Edinburgh

Eg har lenge hatt lyst å vitje Edinburgh (som eg kan konstatere ein gong for alle blir uttala eddinbårrå), difor var det veldig kjekt at eg fekk høve til å reise dit i samband med ein korpus-konferanse som vart halde på universitetet i den skotske hovudstaden. Konferansen tok naturlegvis opp ein god del av dagane, så det var ikkje mykje tid eg fekk til til å utforske byen, men eg fekk då nokre opphald i timeplanen og då var det berre å gjere som japanarane; springe rundt og knipse vilt, samt utføre litt panikk-shopping. Edinburgh er ein av Europas vakraste slottsbyar og var i grunn nett slik eg hadde førestilt meg den; smale brosteinslagde gater, høge, spisse kyrkjespir og fine, gamle steinbygningar, og så var byen i tillegg veldig "ren og pen". Menneska der var også utruleg trivelege og ekstremt høflege. Det var sorry, og please og how are you i einkvar samanheng. Heilt klart ein by verdt å dra tilbake til. Her kjem nokre bilete frå fine, fine Edinburgh.

Dagen starta med ein porsjon mektig skotsk frukost med egg, hash brown (kan det bety blodpudding?), bacon, pølse, bønner og potetkake.

Ku-gata. 

Menn i kilt. Fine! Vurderte lenge om eg skulle be dei posere for meg. Dette torde eg ikkje og det vart i staden eit snik-fotografi. 



Victoria Street; full av små, unike og fine butikkar. Likte særskild godt ein butikk som heitte Godiva Boutique, som selde både vintage og ny design. Her kjøpte eg m.a. dette smykket i gåve til syster mi.


Merket heiter Stolen Thunder, og desse handlaga smykkene kan kjøpast via deira eigen nettbutikk. Sjekk særkild ut dei fine, fine brosjene. Skal nok absolutt legge att nokre britiske pund i denne nettbutikken. Red door gallery var også ein super-fin butikk der dei selde handlaga smykker, brosjer, øyredobbar, kort, puter og porselen (også dei har online-utsal) og ikkje minst klesbutikken Totty Rocks der dei designer og syr kleda i etasjen over. Eg kjøpte med meg ein fantastisk søt blomstrete kjole der (og i likskap med nemde butikkar har også Totty Rocks online utsal).

 Norsk porselen frå Figgjo i ein bruktbutikk i The Grassmarket.

 Skotsk brudepar. Også eit snikfotografi... 

Edinburgh Castle som stengde 5 minutt før eg endeleg kom meg klatrande opp dit. 

Park like ved shopping-avenyen, Princess Street. 

 
St. Mary's Cathedral.

torsdag 17. juni 2010

Give away hos Strikk og tøys!

Strikk og tøys loddar ut to superfine og - ikkje minst - veldig praktiske veskehengere som er innkjøpt i Roma. Klikk deg inn på Strikk og tøys sin fin-fine strikke-blogg. Trekning 31. juli.


Tips: Den driftige og søte dama bak Strikk og tøys strikkar òg nokre fine kopptuer (kjøkenklutar) på bestilling. Mine, i lyserosa og mørkerosa, er i dagleg bruk, og spritar opp eit elles så kjedeleg blandebatteri på kjøkenet vårt! :-)


Dette biletet av dei fargerike og fine kopptuene er lånt av Strikk og tøys.

tirsdag 15. juni 2010

Pai med kylling og bacon

Eg har byrja å abonnere på Apéritif sine daglege middagstips. Kjekt å få i innboksen min når eg manglar både kreativitet og idear til dagens middagsrett. Eit av tipsa siste veka var pai med kylling og bacon. Pai er for meg ein sommarrett, og smakar sjølvsagt aller best når den kan konsumerast ute i sola på balkongen vår. 

Paibotn:
125 g smør
200 g kveitemjøl
2 ss vatn

Fyll:
Kjøt av ½ grilla kylling
100 g bacon
250 g kvitost
2 ss graslauk
½ ts pepar
4 egg
2½ dl mjølk

Framgangsmåte:
Smuldre smør og mjøl. Tilset kaldt vatn og lag ein jamn deig. Lat deigen stå kaldt i ca. 30 minutt. Trykk deigen ut i ei paiform og prikk den med ein gaffel. Steik botnen på 200 grader i ca. 10 minutt til den er gylden. Reins kyllingen for skinn og bein. Skjær kjøtet i passe store bitar. Steik bacon i små bitar og legg dei saman med kyllingkjøtet i det ferdige paiskalet. Bland egg, mjølk, graslauk, pepar og ost og hell blandinga over kjøtet. Steik paien vidare på 180°C i ca. 30 minutt til eggblandinga er stiv. Serverast saman med ein frisk salat med tomatar, solsikkekjerner og yoghurt-dressing med frisk timian, kvitlauk og salt og pepar.

mandag 14. juni 2010

Jakob Førland Slørstad sin namnefest!

Laurdag 12. juni stelte Katrine og Joakim i stand namnefest for vesle Jakob. Dagen starta med ein nydeleg seremoni i Rådhuset før den heldt fram på Enerhaugen med rømmegraut, spekemat, kaffi og kaker. Jakob fekk sjølvsagt den deilige sjokoladekaka med mango, marsipan og sjokoladekrem, spesialbestilt av mor hans - og syster mi - som berre kallar ho for luksuskaka.

Jakob har ei tante og ein onkel som er snusfornuftige og som likar å tenke langsiktig. I namnefest-gåve frå oss fekk Jakob difor utstyr til han skal byrje i barnehagen om eit halvt års tid. Ein liten Bergans sekk med matboks og drikkeflaske oppi står no klar til barnehage-tilveret startar.

                        

Tante kunne heller ikkje halde seg frå å kjøpe denne - iallefall for tanta- morosame smekka:

Sjølv om teksten på smekka inneheld sånn passe dårleg språk måtte eg kjøpe den til Jakoben. Frå før av har han ei smekke med teksten Slutt å mas ellers flytter jeg til mormor!. Sjølvsagt inga overrasking kven som stod bak den gåva :-).


                  

Ein blid, nøgd og nyfiken liten kar i dress, converse-sko og caps ønskja besteforeldre, onklar, tanter og søskenbarn i familien Slørstad, Alvsvåg og Førland velkomne til bords med sangen "Kanskje kommer kongen" av Knutsen & Ludvigsen.


 

mandag 7. juni 2010

Sagopudding med mango og kokos

For ei stund sidan kom eg over ei oppskrift på sagopudding med mango og kokos. Oppskrifta er henta frå denne bloggen, og sidan eg no har sagogryn i skåpet mitt og allereie har prøvd meg på tradisjonell sagopudding med raud sos, tenkte eg at eg ville prøve meg på denne som har ein litt annleis og eksotisk vri. Mango er som sagt tidlegare min favorittfrukt over alle frukter, og einkvar dessert-oppskrift som innheld denne søtsaken MÅTTE jo berre vere god! Og det var den absolutt! Ein herleg sommardessert! Her kjem oppskrifta:

1/2 kopp sagogryn - som på engelsk heiter sago pearls (kling noko betre enn det norske ordet sagogryn...)
1 kopp kokoskrem (ekstra krema kokosmelk)
1 1/2-2 koppar vatn
1/2 kopp sukker
1 mango

Kutt mangoen i bitar. Bland sukker, kokoskrem og 1 1/2 kopp vatn i ei kasserolle og varm dette opp. Rør til sukkeret er oppløyst  og tilset sagogryna. Ikkje la blandinga koke sidan kokoskremen då vil skilje seg. Rør godt slik at det ikkje klumpar seg. Sagogryna vil svelle og blandinga vil etterkvart byrje å bli tjukk - hell i litt meir vatn om blandinga blir for tjukk. Sagogryna er ferdig kokt når dei byrjar å bli gjennomsiktige, tilsett då mangoen. Puddingen kan serverast både kald og varm. Varmt blir tilrådd i oppskrifta, men eg tykkjer den er best kald. Hell puddingen i serverings-glas og topp med mango-purè.

Biletet av den ferdige desserten kan du sjå på same blogg sidan eg diverre ikkje  fekk verken puddingen eller biletet mitt til å sjå like delikat ut som denne, og eg torer heller ikkje å bruke eit bilete utan løyve. Særskild ikkje når biletet blir eigd av ein amerikanar. Amerikanarar likar jo å saksøkje for kvar minste lille ting...

(...fordi oppskrifta opphaveleg var på engelsk, og i cup-mål, var det dessutan eit ideelt påskot til å kjøpe det vesle settet med tre målebeger frå Rice/Sweet Memories som måler både i cups, floz og ml...)