mandag 14. juni 2010

Jakob Førland Slørstad sin namnefest!

Laurdag 12. juni stelte Katrine og Joakim i stand namnefest for vesle Jakob. Dagen starta med ein nydeleg seremoni i Rådhuset før den heldt fram på Enerhaugen med rømmegraut, spekemat, kaffi og kaker. Jakob fekk sjølvsagt den deilige sjokoladekaka med mango, marsipan og sjokoladekrem, spesialbestilt av mor hans - og syster mi - som berre kallar ho for luksuskaka.

Jakob har ei tante og ein onkel som er snusfornuftige og som likar å tenke langsiktig. I namnefest-gåve frå oss fekk Jakob difor utstyr til han skal byrje i barnehagen om eit halvt års tid. Ein liten Bergans sekk med matboks og drikkeflaske oppi står no klar til barnehage-tilveret startar.

                        

Tante kunne heller ikkje halde seg frå å kjøpe denne - iallefall for tanta- morosame smekka:

Sjølv om teksten på smekka inneheld sånn passe dårleg språk måtte eg kjøpe den til Jakoben. Frå før av har han ei smekke med teksten Slutt å mas ellers flytter jeg til mormor!. Sjølvsagt inga overrasking kven som stod bak den gåva :-).


                  

Ein blid, nøgd og nyfiken liten kar i dress, converse-sko og caps ønskja besteforeldre, onklar, tanter og søskenbarn i familien Slørstad, Alvsvåg og Førland velkomne til bords med sangen "Kanskje kommer kongen" av Knutsen & Ludvigsen.


 

5 kommentarer:

Katrine sa...

Takk for at du var med å gjere namnfesten til Jakob uforgløymeleg. Vi er så glad i deg, tante/søs!

Inger Johanne sa...

God morgon!

Det står ganske greit forklart korleis ein bytter tekst på LinkWithin-boksen. Eg husker ikkje detaljane lengre, desverre... Trur du må inn i html og fikse litt:-) Lykke til med det!

Så koselege bilder i dette innlegget - ser ut som ein flott dag!

Me bloggast!

Tove sa...

Hei. Kor har du fått tak i den smekka? Eg har blitt tante igjen. Eline har fått ein liten bror som heiter Vebjørn. Klem frå Tove

Rangla sa...

Tove, det veit eg faktisk ikkje. Det var mamma som kjøpte den for meg. Men eg trut ho kjøpte den på ein "vanleg" baby-utstyr-butikk. Men eg skal høyre med ho. Gratulerer med nytt tantebarn!

Brigg sa...

Se der ja! Der var skålen!:-) Min søster har en i blå. De er veeeldig fine. Og for en nydelig navnefest! Herlig:-) og fine interiørdetajler her og der:-)Og for en fin blogg da! Ikke vært her inne før,men likte meg veldig godt. Målinke deg med en gang før jeg glemmer det.

Ha en fin dag på Tøyen!