tirsdag 29. juni 2010

Fine, fine utdrikkingslaget!

Laurdag 26. juni kom den dagen eg hadde venta i spaning på... Nemlig det o' store utdrikkingslaget mitt! Avtalen denne dagen var shopping og lunsj med mi venninne og forlovar, Ellen, før eg seinare på dagen skulle sitje barnevakt for nevøen min, Jakob. Eg må innrømme at eg hadde ein liten mistanke, men det var jo likevel nokre veker att til bryllaupet, og utdrikkingslaget kunne like gjerne ein av dei komande laurdagane før bryllaupet vårt i august. Og mistanken vart ytterlegare svekkja då vi langt ut på føremiddagen framleis gjekk i butikkane i Bogstadveien, medan eg stadig drog kortet mitt på sommarsalet! :-) Men så var det tid for lunsj, og vi skulle teste ut ein stad som ingen av oss hadde vore på; Bølgen & Moi på Briskeby. Sidan ingen av oss visste kor denne restauranten var måtte vi spørje oss fram, og når vi til slutt endeleg fann fram var overraskinga stor då eg vart møtt med champagne av ein flokk vakre, vakre jenter! Lukka var også stor då eg såg at så mange hadde møtt opp - inkludert to venninner som hadde kome den lange vegen heilt frå Bergen! NB: Alle foto er tekne av Katrine Norheim Førland.






Maten på Bølgen & Moi var supergod, og eg likte særskild godt det fine diktet dei hadde på menyane sine: Mitt namn er pling, eg sym omkring, i det du kallar knollen. Då eg slapp inn, i knollen din, då vart me pling i bollen (skrive av Helge Torvund). Dette vesle diktet var jo herleg passande for oss jentene på vift! :-) Etter ein lang og utruleg hyggjeleg lunch med champagne og kvitvin til, skulle eg lose gjengen vidare ned til Solli plass, det gjekk jo veldig fint (særskild etter at nokre kviskra meg i øyret når eg var på veg i feil retning - retningssansen min har aldri vore noko å skryte av...). Derfrå gjekk turen vidare til Vestkantbadet Spa, kor vi hadde det romerske badet heilt for oss sjølv.


Frukt, sjokolade, kvitvin og musserande kunne vi også nyte i spa-anlegget. Alle fekk behandling (eg fekk ein deilig sjokolade-massasje!), og tida vart elles brukt vekselsvis i kuldekulpen, saunaen og preikande rundt borda med vin i glasa. Frå Vestkantbadet Spa gjekk turen vidare til Enerhaugen. Der fortsatte festen med sushi, cup-cakes, strawberry daquires, dans, sigar-røyking (!) og morro til langt ut på natta.



Cup-cakes'ane var nydeleg pynta med ord som (iflg. gjestane) skildra meg, og saman med dei fine orda frå Brede som syster mi las opp vart desserten ein einaste rørande avslutning på middagen.


Eg ønskja meg eit hyggjeleg utdrikkingslag utan at det skulle ha eit snev av utdritingslag, og det vart det så absolutt! Dei einaste gongane eg måtte til pers var då eg måtte svare på ein kviss om Brede pluss opne ei gåve frå kvar enkel og samstundes tippe kven som hadde gjeve den, og fortelje historia bak - og det var jo berre artig og vekka samstundes gode minner! Udrikkingslag er uhorveleg kjekt, og hadde det ikkje vore for at eg ikkje har nokon planar om å gifte meg meir enn ein gong, så hadde det heilt klart vore verdt å hatt utdrikkingslag fleire gonger! ;-)

3 kommentarer:

Ragnhild sa...

Dette høyrdest ut som eit triveleg utdrikkingslag! Likte at de måtte spørja dykk fram til Bølgen og Moi - tippar det var ein del av komplottet, slik at du ikkje skulle fatta mistanke?

Rangla sa...

Hmmm... Det veit eg faktisk ikkje. Forlovaren min var iallefall overbevisande lost når det gjaldt å finne vegen dit... ;-)

Strikk og tøys sa...

Dette ser veldig flott ut! Så kjekt det må ha vært :-) Kjempesøte cup cakes!