mandag 7. juni 2010

Sagopudding med mango og kokos

For ei stund sidan kom eg over ei oppskrift på sagopudding med mango og kokos. Oppskrifta er henta frå denne bloggen, og sidan eg no har sagogryn i skåpet mitt og allereie har prøvd meg på tradisjonell sagopudding med raud sos, tenkte eg at eg ville prøve meg på denne som har ein litt annleis og eksotisk vri. Mango er som sagt tidlegare min favorittfrukt over alle frukter, og einkvar dessert-oppskrift som innheld denne søtsaken MÅTTE jo berre vere god! Og det var den absolutt! Ein herleg sommardessert! Her kjem oppskrifta:

1/2 kopp sagogryn - som på engelsk heiter sago pearls (kling noko betre enn det norske ordet sagogryn...)
1 kopp kokoskrem (ekstra krema kokosmelk)
1 1/2-2 koppar vatn
1/2 kopp sukker
1 mango

Kutt mangoen i bitar. Bland sukker, kokoskrem og 1 1/2 kopp vatn i ei kasserolle og varm dette opp. Rør til sukkeret er oppløyst  og tilset sagogryna. Ikkje la blandinga koke sidan kokoskremen då vil skilje seg. Rør godt slik at det ikkje klumpar seg. Sagogryna vil svelle og blandinga vil etterkvart byrje å bli tjukk - hell i litt meir vatn om blandinga blir for tjukk. Sagogryna er ferdig kokt når dei byrjar å bli gjennomsiktige, tilsett då mangoen. Puddingen kan serverast både kald og varm. Varmt blir tilrådd i oppskrifta, men eg tykkjer den er best kald. Hell puddingen i serverings-glas og topp med mango-purè.

Biletet av den ferdige desserten kan du sjå på same blogg sidan eg diverre ikkje  fekk verken puddingen eller biletet mitt til å sjå like delikat ut som denne, og eg torer heller ikkje å bruke eit bilete utan løyve. Særskild ikkje når biletet blir eigd av ein amerikanar. Amerikanarar likar jo å saksøkje for kvar minste lille ting...

(...fordi oppskrifta opphaveleg var på engelsk, og i cup-mål, var det dessutan eit ideelt påskot til å kjøpe det vesle settet med tre målebeger frå Rice/Sweet Memories som måler både i cups, floz og ml...)

2 kommentarer:

Inger Johanne sa...

Takk for koseleg kommentar inne hjå meg! Og i ligemåde.. - eg blir òg veldig glad for nynorske bloggar!!

Kjempefin blogg du har - her kjem eg igjen! - og så vart eg heilt facinert over headingbiletet ditt! Så nydeleg! Kor er det ifrå?

Klem

Rangla sa...

Headingbiletet mitt har eg teke i Lofoten. I det huset, som kunstnaren, Dolk, har måla (spraya?) på, budde grandtanta mi i, difor er det ekstra kjekt med akkurat dette street-art-kunstverket.