Ein fast førjulstradisjon her i heimen er å bake lussakattar til Luciadagen, 13. desember. Lussekattane smakar sjølvsagt aller best saman med varm sjokolade, laga med steama mjølk som gjev herleg skum.
Dagen vart òg nytta til litt gåveinnpakking.
Den vesle dama vår lurar veldig på kva for noko spanande som gøymer seg oppi korga.
Bygdejente frå fagre Vestlandet, busett på fargerike Tøyen. Gift med den finaste mannen og mamma til den skjønnaste jenta. Denne bloggen handlar om kvardag og fest, mat og drikke, hobby og interiør, fine ting, fine folk og elles alt og ingenting om det som inspirerer meg, fascinerer meg, morar meg, engasjerer meg og interesserer meg. Velkomen hit, og legg gjerne att ein kommentar!
Om ikkje anna er oppgjeve er alle bileta her på bloggen tekne av meg. Du er velkomen til å låne, om du berre melder frå til meg slik at eg kan sjå kvar dei ev. blir brukt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar