Då mannen kom heim frå fotballtur til Manchester hadde han kjøpt med seg ei stor øskje med assorterte Neuhaus sjokoladetrøflar etter ei mellomlanding i Brussel. Hurra!
Sjokoladetrøflar er faktisk ikkje så veldig vanskeleg å lage sjølv, men det er ein litt omstendeleg prosess, og tar difor litt tid. Eg plar lage det til jul, og trøflar gjev meg difor julekjensla allereie no i oktober! Her er oppskrifta på dei. Bileta er av Neuhaus-trøflane, og altså ikkje noko eg har laga sjølv denne gongen, men dei liknar jo sjølvsagt veldig... ;-)
Ca. 45 stk
300 g fløyte
400 g mørk sjokolade
70 g romtemperert smør
Evt. smakstilsetjing som kaffi, likør, whiskey eller konjakk
Smelta sjokolade til dypping
Finhakk sjokoladen og ha den i ein bolle. Varm opp fløyten i ei lita kasserolle og hell den varme fløyta over sjokoladen medan du rører. Sjokoladeblandinga skal bli skinnande blank og elastisk. Rør til slutt inn smøret i små terningar, og køyr sjokolademassen med ein stavmiksar. Avkjøl sjokoladen og form den til kular/toppar. Avkjøl. Dypp trøflane i smelta sjokolade, og rull dei i kakao. Oppbevarast kjølig i tett boks.
NB: Pass på at trøflane er er ordentleg kalde slik at dei ikkje smeltar i dyppe-prosessen. Dypp dei gjerne ein gong til i smelta sjokolade for å få eit tjukt lag med sjokolade rundt trøflane før dei vert rulla i kakao (evt. melis).
6 kommentarer:
Å, dette såg utruleg fristande ut! Kos dokke med dei. Prøver gjerne oppskrifta di når det nærmar seg jul.
Klem
mmmm ser så godt ut...skal nok lage det til jul :) Elsker å forberede meg til jul - har allerede startet på julegaver :)
Ha en super mandagskveld!
hei!
Nydelig blogg med herlig stemmning og finfine innlegg. Glad jeg fant deg og gleder meg til å følge med deg videre.
Får nesten lyst til å si God Jul allerede. Nå ble jeg iallefall meget fristet her jeg sitter.Oppskriften skal nok testest ut en kveld ja.
mvh Med et lekent sinn
Mmmmmm.....skulle gjerne smakt på dei. Super fin blogg du har Ragnhild:) Denne skal eg besøke ofte framover. Ymskjer deg søte og koselige haustkveldar framover.
Det er så deilig med sånn! Kanskje dette blir årets julebakst? :)
Deilig, farlig godt ser det ut. Lurer på om ikke disse skal på listen over ting å lage til jul. For tiden er det julekuler som er eneste forberefelsene, ja, og planlegging av julegaver som skal produseres da :-)
Legg inn en kommentar