søndag 26. desember 2010

Søte gleder i romjula

I år - som i alle år - har eg i staden for å bake julekaker heller laga store mengder konfekt. I år vart boksane fylt med mektige sjokoladetrøflar, mjuke fløytekaramellar, mørke mandelgubbar, søte dajm-marsipankuler og saftige kirsebær- og marsipanbitar.


Kirsebær-marsipanen er enkelt og greitt marsipan elta saman med hakka coctailbær og dyppa i smelta mørk sjokolade. Marsipankulene med tørka blomepynt innheld dajmkuler og rom, og er dyppa i smelta mjølkesjokolade.

Som pynt har eg m.a. brukt tørka kornblomst og ringblomst frå Høgt og Vilt - Urter frå Devik. Desse tørka blomane er fantastisk fine både til konfekt, kaker og salatar.




Mandelgubbane er marsipan som er elta saman med konjakk for deretter å dyppast i smelta sjokolade tilsett rista, hakka hasselnøtter.

5 kommentarer:

Fies notiser sa...

NAM :-)
Alle øvrige kommentarer er vel overflødige...

Kjempefin blogg du har, forresten. Jeg har fulgt med litt og nå har jeg endelig fått somlet meg til å få ut bloggroll på Fies notise, du er selvsagt med :-)

Ha en fortsatt trivelig jul!

Ragnhild sa...

NAMMMMMM! Såg utruleg godt ut! Finn du på blandingar sjølv, eller har du oppskrifter?

Rangla sa...

"Mandelgubbane" har eg frå eit konfekthefte som fulgte med vekebladet Hjemmet ein gong tidleg på 90-talet, medan marsipanbitane/kulane er rot-i-hop-blandingar etter smak :-)

Rosa sa...

Mmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmm!
Tennene løper i vann!
Jeg er litt over gjennomsnittet glad i sjokolade og når det i tillegg ser så eksklusivt og stilig ut som dette er jeg solgt! Totalt!

Kos deg! :-)

Klem, Rosa

missM sa...

oioioi, her løper vann i munnen. Men nå er den tiden desverre over. Så "heldigivs" har man ikke slik i huset, og man har ikke lov til å lage dem ;)