fredag 21. januar 2011

Vinn vognpose frå LilleLille hos Anna Johanna

Sidan to på Tøyen blir til tre på Tøyen i slutten av april, har vi så vidt byrja å orientere oss litt i den store vide babyutstyrs-verda. Fint lite er førebels innkjøpt, iallfall av dei litt større tinga som vogn, stellebord, seng, vogge o.l. Ein god og varm vognpose står òg på den lange, lange innkjøpslista vår, men eg har likevel forsøkt lukka hos Anna Johanna som loddar ut ein superfin vognpose frå LilleLille. Vognposen heiter Lillesommer og er ein lettare ull-pose som eg vil tru passar perfekt for eit lite vesen som kjem til verda når det byrjar å våres, i tillegg har den eit veldig kult design. Prøv gjerne lukka du òg!

5 kommentarer:

Cecilie sa...

Gratulerer så masse med forøkelsen som er på vei! Rart, men jeg lurte faktisk på det for litt siden om det ikke var sånn at du var gravid. Morsomt! Du har en spennende tid i vente :)

Siri @ Strikk og tøys sa...

Så koselig nytt! Gratulerer så mye! Håper du vinner vognposen :-D

Ragnhild sa...

Å, til lukke!!! Så moro! Håpar du vinn vognposen! Når det gjeld utstyrsjungelen, så er Finn.no eit heitt tips:-) Kan finna masse ubrukt der til og med. Klestips: ikkje kjøp haugevis av klede før de ser kor stor ungen blir/kor fort han veks ... Helsing mamma med stooor baby;-)

Anonym sa...

Håper du vinner då:)Den var skikkelig fin den posen. shoppemamma.com er ei god nettside med guide over det meste av utstyr til dei små:) silje.

Rangla sa...

Takk, takk! :-) Og takk for gode tips!