onsdag 23. februar 2011

Fin gåve frå WOXOP

I dag fekk eg gåve i posten frå den fine nettbutikken WOXOP! Sååå kjekt! 

WOXOP er ein nettbutikk som vert drive av to sysken med base i heimbygda mi, Vevring i Sunnfjord. Dei to syskena har brukt sine erfaringar innan møbel, innreiing og grafisk design til å utarbeide produkta og varemerket WOXOP. Dei lagar skapmodular og knaggar som kan kombinerast og tilpassast ved hjelp av fargerike hyller, dører og ikkje minst; magnetiske buttons.
Då eg opna gåva fann eg ein stor knagg, samt 4 ulike buttons slik at eg enkelt kan endre stil og uttrykkpå knaggen. Sjå berre her (og ta sjølvsagt òg ein kik inn i sjølve nettbutikken):

 Legg særskild merke til brureparet på den nedste buttons'en. Det er oss to på Tøyen det! :-)
PS, og absolutt verdt å merke seg:
for kvart WOXOP produkt som vert seld, vert det planta eit nytt tre gjennom prosjektet ”Trees for the future”, så løp og kjøp!

Bileta (bortsett frå nr. 3) er lånt frå http://woxop.no/.

1 kommentar:

woxop sa...

Tusen takk for fint innlegg Ragnhild, blei heilt rørt når eg såg kor fint du hadde presentert oss. Når det gjeld bruk av bilete har du full tillatelse fra oss:)