søndag 10. april 2011

Helgas gratis- og brukt-funn

På laurdagens bytur gjekk vi tilfeldigvis forbi ein blome-butikk på Majorstua som skulle avviklast, alle varene var sett ut på gata og ALT saman var gratis! Slikt gledar eit lite gjerrigknark-hjarte som mitt! Vi plukka med oss nokre fine potter, fleire nydelege tulipan- og rose-buketter og diverse småting som gåveband og kort (og eit raskt overslag viste at verdien av alt saman kom på langt over 1500 kroner!) På heimturen oppdaga vi så ein fin-fin bruktbutikk på Holbergs plass (eg hugsar ikkje namnet på butikken, men den ligg iallfall inne i ein bakgard rett ved sidan av 7-Eleven). Der fann eg nokre fantastisk fine øyredobbar, samt ein bambi i porselen som no prydar skjenken vår. Ser dessutan at vårens loppemarknader her i Oslo er i full gang og håpar difor eg rekk innom nokre av desse før minien meldar sin ankomst - noko som kan skje når som helst no...

5 kommentarer:

Tove Karoline sa...

Du er alltid så heldig med funna dine, du:) Eg hadde planar om å hoppe opp i ein container i førre veke, men så torde eg ikkje (veit ikkje om eg hadde nådd opp, heller).Det låg to fine stolar der.

Rangla sa...

Ja, no er det jo både loppis- og container-tid rundtomkring, så det gjeld å ha auga opne! :-)

Vigdis sa...

Ååh! Så mye fint!
Heldige du :)

Vigdis sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Siri @ Strikk og tøys sa...

Så fine funn! Du er flikt til å finne kuppene :-)

Forresten - stas at du vil være med på påskelotteriet mitt! Nå er det ikke veldig lenge til trekning - lykke til!